Kundesenter
Kundesenter
Lukk vinduet

Sande-året på hell

JUBILEUMSÅRET for Jakob Sandes 100-årsdag er offisielt over, men i realiteten berre på hell, skriv Olav Kobbeltveit.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

JUBILEUMSÅRET for Jakob Sandes 100-årsdag er offisielt over, men i realiteten berre på hell. For enno inn i 2007 vil vi sjå restar av ei feiring som vart så omfattande at 365 dagar vart i minste laget. Slik har diktaren frå Fjaler, 30 år etter sin død, manifestert sin sterke status som folkekjær forfattar. I by og bygd, i teater og på ungdomshus - Jakob Sande har stått på plakaten. Ingen har i dag full oversikt over alle dei Sande-framsyningane - i ulike format - som er produserte dette året. Diktopplesing, kabaretar, konsertar og litteraturkveldar - Jakob Sandes mangslungne produksjon høver i så mange samanhengar.

SÅNN SETT er det heller ikkje så merkeleg at Sande har slått rot også på Færøyane, der Hanus G. Johansen har gitt ut eigen cd med dikt han sjølv har tonsett. Det er vakkert gjort, og Hanus sette såleis ein standard for Sande-året då han 3. mars i fjor presenterte første konserten - i ungdomshuset i Dale.

I oktober kom Ove Eides omfangsrike biografi. Bortsett frå eit inngåande studium av Fjalers gildaste slekter gir boka ei god innføring i Jakob Sandes dikting. Kanskje kunne Ove Eide med fordel ha redusert litt på diktanalysane til fordel for ei meir inngåande skildring av Jakob Sandes liv?

SÅ KOM DEBATTEN mest til å handla om Jon Eikemo. Det er så ein kunne mistenkja glupingane i Samlaget for å ha lagt opp mediestrategien, for via krangelen med Jon Eikemo var biografien sikra oppslag i aviser, radio og tv. Ove Eides «nylesing» av Sande hadde nemleg gitt han ei oppfatning av at den seriøse Jakob Sande var komen i skuggen av moromannen Jakob Sande. Mykje av skulda vart lagt på Jon Eikemo, som har samla over hundre tusen menneske på Sande-showet sitt - norsk rekord for ei einmannsframsyning av dette slaget. «Kyss meg bak», svara Jon Eikemo, og dermed var Ove Eides biografi sikra omtale landet over. Salet har gått strykande.

DET ER RETT OG SANT at Jakob Sande er slett behandla i fleire antologiar - og i deler av litteraturhistoria. Men Ivar Havnevik og litteraturprofessorane er blitt ettertrykkeleg og brutalt overprøvde av røyndomen, i form av dei over hundre tusen kjøparane som til no har sikra seg Jakob Sandes dikt i samling. Det er makelaust.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

3 mest leste artikler »

Siste lokalt

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann
  • Sexy! Eller?

    Immaturus imponerer i sin oppsetning av den enormt frekke forestillingen The Rocky Horror Show.

  • Her kan du gå på ski

    Fortsatt ikke fått nok av snøen? Her er skiløypene i Bergensområdet. Den interaktive oversikten krever at du har Flash installert på datamaskinen.

  • Vann til folket

    Hele byen snakker om vannkrisen, men hva skjer egentlig med vannet før det når kranen din?

Kommentar

Asbjørn Kristoffersen
  • Velgjerarbyen

    Svært mange av Bergens institusjonar er heilt eller delvis bygde på gåver, og det er oppretta eit utal legat til støtte for utdanning og andre føremål.

Kommentar

Hilde Sandvik

Leder

  • Fornuft - ikke gambling

    Tirsdag denne uken brakte VG en melding om at olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) har bestemt seg. I et notat til regjeringen sier han ja til Statnetts konsesjonssøknad.

Kommentar

  • Skepsisens lyse side

    Klimadebatten har snublet i sine egne føtter. Fredsprisvinner Al Gore prøver å løfte den på beina igjen.

NRK1

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Aktuelt
  • 10:35 Herskapelige gjensyn
  • 11:05 V-cup skiskyting
  • 13:00 VM skiflyging
  • 14:00 V-cup skiskyting
  • 16:00 Paralympics i Vancouver
  • 17:40 Oddasat
  • 17:55 Nyheter på tegnspråk
  • 18:00 Førkveld
  • 18:40 Distriktsnyheter
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:45 Schrödingers katt
  • 20:15 Fotballkrigen (3)
  • 20:45 Glimt av Norge: Stillhet - den nye luksusen
  • 20:55 Distriktsnyheter
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Debatten
  • 22:30 Nurse Jackie (3)
  • 23:00 Kveldsnytt
  • 23:15 Finnmarksløpet
  • 23:45 Himmelblå (2)
  • 00:30 Skavlan
  • 01:30 Norsk på norsk jukeboks

NRK2

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Distriktsnyheter
  • 11:00 NRK nyheter
  • 11:05 Distriktsnyheter
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Distriktsnyheter
  • 12:45 Oddasat
  • 13:00 NRK nyheter
  • 13:05 Distriktsnyheter
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:00 NRK nyheter
  • 14:05 Lunsjtrav
  • 14:30 Aktuelt
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Hele bilen
  • 16:00 NRK nyheter
  • 16:30 NRK nyheter
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Urix
  • 17:30 Jon Stewart
  • 18:00 NRK nyheter
  • 18:03 Dagsnytt 18
  • 19:00 Paralympics i Vancouver
  • 20:15 Aktuelt
  • 20:45 Paralympics i Vancouver
  • 21:55 Keno
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Urix
  • 22:30 Designkampen (1)
  • 23:20 Ingen grenser (2)
  • 00:10 Schrödingers katt
  • 00:40 Oddasat
  • 00:55 Distriktsnyheter
Lukk vinduet