Klapp på skuldra til utskjelt gruppe
kommentar
Sosialklientane er forsyne meg som folk flest.
Les også:
SOSIALHJELPMOTTAKARAR over heile landet bør senda ein vennleg tanke til Fafo-forskar Thomas Lorentzen, som har teke doktorgraden på korleis sosialhjelpa fungerer. Å «gå på sosialen» har aldri gitt nemnande status i vårt samfunn. Litt heng att frå den tida det heitte fattigkassa og forsorga. Men det har og samanheng med ei utbreidd oppfatning av sosialhjelpmottakarar som ei fortapt gruppe, på evig vandring inn og ut av sosialkontoret. Kort sagt: Ein gong sosialklient - alltid sosialklient.
MEN SLIK ER DET slett ikkje. Vi kan vel - med Lorentzens doktoravhandling i handa - seia tvert imot. Med basis i eit veldig materiale på 160.000 sosialhjelpmottakarar over fire år, kan han fastslå at sju av ti sosialklientar er ute i jobb etter eitt år. Ni av ti er tilbake på jobb etter tre år. Og om mogeleg endå betre - over halvparten av dei kjem seg i arbeid før det er gått fem månader. Sosialklientane er forsyne meg som folk flest.
Lorentzen kan såleis slå fast det som bør få norske sosialpolitikarar til å triumfera: Sosialhjelpa fungerer i hovudsak slik ho er meint å fungera. Ho skal gje den uheldige ein leveleg overgangsstønad i ein overgangsperiode, til han eller ho kjem seg tilbake i jobb.
DET ER EI GRUPPE som også i denne rapporten kjem dårleg ut, og som samsvarar med det folkelege biletet av ein sosialklient: Om lag sju prosent av sosialklientane er såkalla langtidsbrukarar. Dei kjem seg sjeldan tilbake til arbeidslivet. Men det er altså ei lita gruppe, og dei har ein livssituasjon og eit helsebilete som plasserer dei nærare uføretrygd enn arbeidsliv.
Den som leitar, han finn, og Thomas Lorentzen har gjort fleire interessante funn i det omfattande materialet. Mange politikarar, i og utanfor sosialdemokratiet, har hatt ei klokkartru på såkalla tiltak som skal føra arbeidslause tilbake til arbeidslivet. Det er ifølgje Lorentzen ei blindgate. Hans materiale tyder på at folk som ikkje går på ulike tiltak kjem seg fortare tilbake i arbeid enn dei som - med Lorentzens ord - blir offer for den «innelåsingseffekten» tiltaka gjerne fører til.
FOR FORSKAREN på Fafo er det difor lett å hjelpa politikarane til å konkludera: Det er viktigare å halda sosialhjelpsatsane på eit akseptabelt høgt nivå enn å bruka store pengar på dyre og ofte dårlege tiltakspakkar. Sosialhjelpa skal ikkje gje rikdom og overflod, og det har vi ikkje høyrt at ho gjer heller. Men ho skal gje klienten eit anstendig liv i ein periode som kan vera vanskeleg, men som altså for sosialklientar flest ikkje strekkjer seg lenger enn til knappe halvåret.
Bjarne Håkon Hanssen har - så langt vi har forstått det - ansvaret for det meste som har med den norske velferdsstaten å gjera - sosialhjelpa inkludert. No kan han slå i bordet med at han administrerer i alle fall éi velferdsordning som fungerer som ho skal.
KOMMENTARER Våre regler