Under ein hardare himmel

«Dejlig å være norsk – i Danmark» seier reklamen. Men dagens Danmark er mindre triveleg enn danskane vil ha det til. Og det er ikkje nordmenn som har det verst.

ANDERS FOGH RASMUSSEN har forlate Danmark. Men regimet hans, som kom til makta i 2001, lever vidare. Det har gjort noko med Danmark. Det Danmark eg kjende på 1970-, 80- og 90-talet eksisterer ikkje lenger. Vårt liberale pustehol i eit elles gjennomregulert Norden – det frilyndte Danmark – er historie.

Per Hækkerup var ein lystig fyr. Når han baud til middag, var det gjerne rikeleg av både mat og drykk. Han var samtidig ein av dansk politikks viktigaste figurar frå han inntok Folketinget i 1950 og til sin død i 1979.

Som utanriksminister var han ein gong på besøk i Noreg. Det vart sundag, og fin middag for gjesten, på eit av Noregs fremste hotell. Men fordi dette var på 60-talet, var det forbode å skjenka alkohol. Så då Per Hækkerup skulle takka for maten, sa han blant anna: «Ja, så sidder vi her, som skovens vilde dyr, med kaffe uden cognac».

I dagens Danmark ville ikkje Per Hækkerup hatt ein sjanse.



KVA ER DET SOM opptek danskane anno 2009? Kva er det debatten dreiar seg om?

Det handlar mest om innvandrarar. Om muslimar. Om ein skummel muslimsk konspirasjon, der islamistar frå Arabialand har lagt ein langsiktig plan for å overta Danmark. Islamisera Danmark. Gjera brutalt ende på dansk kultur og levesett.

«Danskheten», som er heilag for fleire enn Pia Kjærsgaard og Dansk Folkeparti, er i fare. Så danskane er – kort sagt – på vakt. Kvifor muslimane har valt seg ut Danmark, og ikkje til dømes Sverige eller Noreg, er rett nok litt vanskeleg å få greie på. Men slik er det.

Dansk Folkeparti – Danmarks svar på Framstegspartiet – er ikkje med i regjeringa. Det er ikkje nødvendig. For som støtteparti for regjeringa av Venstre og dei konservative er det DK-leiar Pia Kjærsgaard som set standarden for den politikken regjeringa fører.

Ho ser muslimske innvandrarar som fiende nummer ein. Nyleg slo partiet hennar til med ei heilsides annonse i dagspressa, der ein gigantisk moské – med sverd og sablar som aggressiv pynt – var plassert midt i København. Det såg, sant å seia, litt skummelt ut.



BAKGRUNNEN ER prosaisk nok: Det muslimske samfunnet i København har søkt om å få byggja ein ny moské i den danske hovudstaden. Ei kurant sak, skulle ein tru, for tomta var ledig og reguleringsmessig var det ingen problem.

Men i Danmark er det blitt eit heftig stridsspørsmål, fordi Dansk Folkeparti krev å få veta korleis moskéen skal finansierast. Kjernespørsmålet er om det kan tenkjast at deler av pengane til moskéen kjem frå Iran? Pia Kjærsgaard ser det i så fall som eit nytt prov for at muslimane planlegg å overta Danmark.

Dette kan kanskje høyrast ein smule aparte ut. Men ikkje i Danmark. Her blir Pia Kjærsgaards konspirasjonsteoriar, og regjeringas strenge innvandringspolitikk, vilt tiljubla av store deler av pressa. Jyllands-Posten har lenge hatt føringa. Men Berlingske Tidende og tabloidane, som kan vera svært tabloide, kappast om å gje ammunisjon til Pia Kjærsgaards kulesprøyte. 125-årsjubilerande Politiken er ei einsleg svale i ein tilsynelatande håplaus kamp for eit meir liberalt Danmark.



PROFESSOR BRIAN Patrick McGuire ved Danmarks humanistiske forskningscenter skriv at dansk innvandringspolitikk har spelt fallitt. Det meiner også Pia Kjærsgaard. Men McGuire meiner grunnen er at det sekulære Danmark stadig er så kristent at det ikkje har rom for ein muslimsk minoritet.

Før var det Noreg – og særleg Sverige – som var forbodslanda. Danskane rista på hovudet over all detaljreguleringa. I Danmark var det meste lov. Seinare har landa aust og vest for Kjølen letta på reguleringane og sleppt opp – ikkje så heilt lite heller.

I Danmark er det omvendt. Ei av dei store sakene i årets danske offentlegheit er forbodet mot å bera kniv med blad lenger enn 11 cm. Den nye lova har på kort tid ført tre respekterte borgarar i fengsel, fordi dei hadde kniv i bilen – utan at dei var på veg til jakt! Lovmakarane i Folketinget har nemleg vedteke ei lov som ikkje gir domaren rom for sunt skjøn. Blir du pågripen med kniv, så skal du i fengsel. Punktum.



I SEPTEMBER RYKTE Københavns politi inn i Brorsons Kirke for å rydda kyrkjeskipet for irakiske asylsøkjarar. Det vart eit rabalder. No lovar justisminister Brian Mikkelsen fengsel og femdobla bøter til sivilt ulydige aktivistar under klimamøtet i København i desember.

Alle politiet mistenkjer for å vilja driva vald og hærverk, kan automatisk køyrast til politistasjonen. Om politiet oppfattar at du legg hindringar i vegen for politiets arbeid, blir bøter i blautaste laget. Justisministerens nye «uropakke» gir heimel for fengselsstraff.

Det er blitt kaldare i Danmark. Snart er det vinter.

Er du enig med BTs kommentator?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

  • Kampen mot innvandring dominerer dansk debatt
  • Dansk Folkeparti fryktar at muslimane skal overta landet
  • Anders Fogh Rasmussens Venstre-konservative regjering har redusert innvandringa
  • Bandekrigar og innvandrarghettoar held debatten i gang

Relaterte bilder

KALDARE: Danmark har blitt eit kaldare samfunn – ikkje minst for innvandrarane. Biletet er frå Nørrebro. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ