Skulesuksess for Oslo
Det tok fem år. Men sanneleg har Oslo-skulen reist seg, og Høgre-byrådet kan med ein viss rett slå seg på brystet.
AV: olav kobbeltveit
Les også:
Lenge har vi levd i den villfaringa at Oslos definitive suksess kunne tilskrivast pengar. Statistikken - lesen litt overflatisk - viste at Oslo brukte drygt 20.000 kroner meir per elev enn det til dømes Bergen gjer. Men eit djupdykk ned i talkolonnane viser at skilnaden er marginal. Då er spørsmålet meir relevant: Kva er det Oslo-skulen gjer som fører dei til topps på den statistikken som viser kva elevane verkeleg kan?
«SYSTEMATISK læringsarbeid», svarar utdanningsdirektør Astrid Søgnen, som - kanskje - er noko av forklaringa på Oslo-skulens gode resultat. Ho er god sosialdemokrat med fartstid som statssekretær hos Gudmund Hernes, og det fortel oss at det skjedde mykje i dei åra dette radarparet herja med norsk skule. Søgnen er ei dame som har retning på det ho gjer, og ho gir seg sjeldan før ho har fått det som ho vil. Difor kan ho ha vore eit lykketreff for eit Høgre-byråd som ville visa at dei kunne skapa positiv endring i ein Oslo-skule som sleit.
DET SOM GJER at alle bør merka seg det Oslo-skulen har fått til, er det store og somme stader dominerande innslaget av framandspråklege elevar i hovudstaden. Her er Oslo nokså eineståande i landssamanheng. Ingen andre kommunar i Noreg er i nærleiken av å ha så tunge kontingentar av innvandrarborn. Det skulle tilseia at Oslo ville slita med å få like gode resultat i til dømes lesing som andre kommunar. Dess meir gledeleg overraskande er det at statistikken gir så gode resultat for Oslo-skulen.
MEN ALTSÅ - det er ikkje snakk om noko hokus pokus. Det er det stikk motsette: Systematisk arbeid, tett oppfølging, målretta undervisning og rektorar som blir ansvarleggjorde og må svara for resultata sine. Den tette oppfølginga inneber blant anna at Oslo-elevane blir testa langt oftare enn elevar i andre kommunar. Det kan naturlegvis føra til at elevane blir vane med slike testar, og av den grunn skårar høgare når kunnskapane skal prøvast. Men å leggja avgjerande vekt på slike faktorar vil vera fattigmanns trøyst. Tvert om bør vi leggja til grunn at Oslo-byrådet - i Astrid Søgnens strenge regi - har drive eit målretta arbeid som har gitt resultat. Det viser at resten av Noreg har noko å strekkja seg mot.
DET ER DET all grunn til - særleg når vi no har fått ein kunnskapsminister frå SV som vil gjenreisa læraren som autoritet. I tillegg bør han gjenreisa klasserommet og klassen som trygg og triveleg eining i læringssituasjonen. Oppløysinga av klassen har - slik det har vore praktisert - vore ei ulukke for norsk skule. Som eit overskotsfenomen kan det fungera, og gje gevinstar som er vanskeleg å hanka inn i det tradisjonelle klasserommet. Men den norske skulekvardagen er ikkje prega av overskot. Tvert om er normalen at altfor få lærarar slit med altfor mange elevar. I den situasjonen er klassen og klasserommet det beste utgangspunkt når læraren - med autoritet - skal gjera elevane til kunnskapsrike og gagnlege menneske.
KOMMENTARER Våre regler