Skandinavisme i TV-ruta

Høgres Olemic Thommessen vil laga skandinavisk TV-kanal. Måtte han ha større hell med seg enn alle dei andre som har prøvd.

OM DU SØKJER PÅ «nordisk TV-samarbeid» på nettet, får du snart opp ein tittel som heiter «Drömmen som sprack». Det er langt på veg treffande for historia om nordisk TV-samarbeid. Bortsett frå at det ikkje er éin, men mange draumar som har gått i knas. Sist vi hadde sjansen til nordisk TV-utveksling var i 2007, då Riks-TV skulle komponera sin meny for folket. Som venta kjende ikkje Riks-TV det minste ansvar for å bringa svensk eller dansk TV til norske sjåarar. Det fanst nok av billege amerikanske skvalderkanalar å velja i. Difor var det fleire som bad kulturminister Trond Giske om å engasjera seg. Det gjorde han ikkje. Så vi fekk ikkje ein svensk kanal på Riks-TV.

OLEMIC THOMMESSEN - stortingsrepresentant for Høgre - ønskjer no å konstruera ein ny fellesskandinavisk kulturkanal med skandinavisk og europeisk film, kunst og musikk. Eit slags radioens P2 på TV. Medan tv-ruta elles blir dominert av amerikanske TV-seriar, skal dette vera ei Amerika-fri sone.

KrF og Venstre heiar på Thommessen. Det gjer også Frp, utan at nokon veit kvifor.

Thommessen seier at utgangspunktet denne gongen ikkje skal vera stimulans av det nordiske språkfellesskapet, men trua på at ein fellesskandinavisk marknad ønskjer eit slikt tilbod. Så har han i andre enden ikkje noko mot at resultatet blir ei større forbrødring mellom nordmenn, svenskar og danskar. Det finske språket kan bli eit hinder for at finnane blir med.

Thommessens modell er den tysk-franske kanalen Arte. Fødselshjelpar skal vera ny teknologi.

INGE LØNNING har gong på gong teke til orde for eit nærare nordisk samarbeid. Også på TV-sida. Seint i 2007 sa han til Klassekampen at «Man kan ikke tenke seg noen form for utvidet nordisk samarbeid som ville være i utakt med opinionen i noe nordisk land. Det finnes ikke maken noe sted i Europa». Nei, det gjer ikkje det. Difor kunne Lønning trygt leggja til: «Støtten til nordisk samarbeid er mye større enn det politikerne klarer å omsette til praktisk politikk, mens det i nesten alle andre spørsmål er omvendt».

Det er så mange politikarar - frå alle politiske leirar - som har meint at Norden burde få eit tv-samarbeid. I Nordisk Råd-samanheng har utgangspunktet vore eit ønskje om å halda ved like, eller endå til styrkja, det nordiske språkfellesskapet. I Noreg er vi knapt fem millionar menneske. I Skandinavia - Noreg, Danmark og Sverige - Norden er vi nærare 20 millionar. Vi tilhøyrer same kulturkrins, og har ei lang felles histiorie. Altfor få tenkjer på det storslåtte i at naboar kan gjera seg forstått i grannelandet. Som gjer at svenskar over natta kan ta seg jobb i Noreg. Det fordrar eit ope sinn og ein smule velvilje. Men ikkje meir enn det austlendingar med svenskeantenne har opna for i meir enn ein generasjon. Ser du svensk TV uteksta nokre månader, så fell det meste på plass.

CARL BILDT TENKTE på det i 1993. Då var han statsminister i Sverige. På Nordisk Råds møte i Oslo i mars same året la han fram eit forslag om ein felles nordisk fjernsynskanal. Svenskane hadde formannskapet i Nordisk Råd, og Bildt ville visa handlekraft. Han meinte det var urimeleg at svenskane i satellittalderen kan sjå fjernsyn frå alle mogelege fjerntliggjande land, men ikkje frå Noreg eller Danmark.

Tanken har slått fleire av oss. Men tv-kanalen - eller kanalane - vart det ingenting av. Ikkje i 1996 heller, då saka var tema på Nordisk Råds møte i København. Under ulike namn - Nordsat, Tele-X og sist Nordstjernen - har dei ulike initiativa enda i havari.

EIT LYSPUNKT OPP i alle tilbakeslaga er det 50 år gamle Nordvisjon-samarbeidet. Det er eit samarbeid som gjer i at danske kulturprogram blir sende på norske og svenske allmennkringkastarar. Og omvendt. I 1965 var det 500 slike sendetimar. I dag er det nærare 3000 om året.

Det er Nordvisjon som gir oss Skavlan på norsk og svensk TV samtidig. Det var Nordvisjon som gav oss Hylands Hörna på tidleg 70-tal. Det er Nordvisjon som gir oss Krøniken, Riket og Saltön, og som sender Berlinerpoplene og Himmelblå på svenske allmennkanalar.

Thommessens prosjekt er noko heilt anna. Han skal laga ein felles skandinavisk kanal som folk i Noreg, Sverige og Danmark kan ta inn og sjå på samtidig. Kanalen skal ha eigen redaksjon, men ingen eigen tv-produksjon. I staden skal han fylla sendetida med program som alt er og blir produserte på dei nordiske - eventuelt tyske og franske - kringkastingsselskapa. Eit skandinavisk/europeisk alternativ til Hollywood.

- NRK2 skulle bli ein eigen norsk kulturkanal. Vi såg korleis det gjekk. Vi vart for små. No prøver vi i staden å få det til på nordisk basis, seier Olemic Thommessen.

Kva synest du om planane? Diskuter saka i kommentarfeltet.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

  • Høgres Olemic Thommessen føreslår ein skandinavisk fjernsynskanal.
  • Den skal basera seg på program skapte av TV-selskapa i Danmark, Sverige og Noreg.
  • Eigen redaksjon - men ingen eigen TV-produksjon.
  • Mange har forsøkt før - ingen har fått det til.

Relaterte bilder

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet