SV taper og vinn
Politisk sett har dette vore ein dårleg sesong for Sosialistisk Venstreparti og Kristin Halvorsen.
Les også:
PARTIET HAR GÅTT PÅ tre strake tap - asylsaka, tenestedirektivet og flykjøpsaka - dei to siste no i november. Likevel gjer SV eit relativt markert hopp på den siste landsdekkjande meiningsmålinga Sentio har gjort for Bergens Tidende. 9,4 prosent av røystene er pluss tre prosentpoeng samanlikna med oktober. Det er «all time high» for SV på Sentio-målingane i BT, og det er den einaste endringa som er så stor at ho bryt ut av feilmarginen. Det er også godt over resultatet frå valet i 2005, som gav SV 8,8 prosent.
OM GRUNNEN til denne framgangen kan det spekulerast fritt i alle retningar. Når SV taper sak etter sak i regjeringa, og det er snakk om viktige symbolsaker, så tilseier ikkje det auka tilslutnad. Mange veljarar kan med ein viss rett spørja kva vi skal med eit SV som ikkje vinn fram. Andre kan vera slik skrudd saman at dei meiner det er viktig å styrkja eit parti som taper viktige saker, slik at partiet kan stå sterkare ved neste krossveg.
Somme av SVs veljarar kjem frå Arbeidarpartiet. Det kan vera Ap-veljarar som er motstandarar av tenestedirektiv og/eller amerikanske jagarfly som vil straffa sitt eige parti og difor tek turen over til SV. Ein dristigare analyse er at veljarar ser SV og finansminister Kristin Halvorsen som ein del av det trygge sosialdemokratiet. Det kan forklara framgangen nett no.
DET ANDRE mest slåande trekket ved målinga er eit Høgre som noterer sitt dårlegaste resultat sidan august 2007. 14,2 prosent får partiet, og det er ein fattig tidel frå katastroferesultatet i 2005. Det gjer ikkje saka betre at Framstegspartiet oppnår eit novemberresultat på 24,9. Det er rett nok ein liten tilbakegang på 1,2 prosentpoeng frå oktober, men det er 2,8 prosentpoeng over valresultatet i 2005. Sånn sett er avstanden frå eit lite Høgre til eit stort Frp større enn for drygt tre år sidan. Det var i desse økonomiske krisetider at folket skulle strøyma frå Frp og til trygge Høgre. Det gjer dei ikkje. Kva dette gjer med Erna Solbergs stilling trengst det ingen djupe forklaringar på.
ARBEIDARPARTIET går litt tilbake, men held stand over 30 prosent og har trygg posisjon som landets største parti. Sp er stabilt rundt seks prosent, medan KrF og Høybråten kan gle seg over eit hopp på to prosent til 6,8. Venstre held seg stabilt rundt eller over fem og ein halv prosent.
Ein splitta opposisjon er større enn regjeringspartia, men konstellasjonen Høgre-KrF-Venstre rekk berre til 26,4 prosent - altså godt under Ap åleine. Det er særleg Høgres dårlege resultat som dreg ned.
KOMMENTARER Våre regler