-
ISRAELKRITIKK: Er kritikk av israelsk politikk – så som muren på Vestbreidda – eit uttrykk for antisemittisme?FOTO: HÅVARD BJELLAND
Omstridd antisemittisme
Er Jostein Gaarder antisemitt? Jahn Otto Johansen meiner nei. Odd-Bjørn Fure er meir i tvil
AV: olav kobbeltveit
Forfattaren Jostein Gaarder har fått mykje stryk for den Israel-kritiske kronikken han skreiv i Aftenposten den 5. august 2006, då israelske soldatar kriga i Libanon. Alt veka etter var han ute med ei korrigering.
29. januar i år var han ute med ei ytterlegare presisering i Aftenposten, fordi den omstridde kronikken hans var brukt for å grunngje ei kartlegging av antijødiske haldningar i Noreg. Ein kronikk – to korrigeringar. Normalt burde dette halda.
Men nei. Nyleg, knapt fem år etterpå, kom Jostein Gaarder til at ytterlegare botsgang var nødvendig. Difor gjorde han 20. april i år offentleg avbikt endå ein gong.
I Aftenposten skreiv han under tittelen «Ettertanke»: «Vi må aldri uttrykke oss slik at legitim kritikk av staten Israels politikk på noe vis kan forveksles med en illegitim og på alle måter utålelig hets mot jøder eller jødedom».
Neivel, men kven skal slå ned grensesteinen mellom rettkomen kritikk av staten Israel og utåleleg hets mot jødar og jødedom?
Les også
Les også
Holocaustsenteret i Oslo, det som offisielt heiter «Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar», vil gjera eit forsøk. Senteret fekk i januar tre statlege millionar kroner til å kartleggja antijødiske haldningar i landet vårt.
Direktøren på Holocaustsenteret, Odd-Bjørn Fure, viste til fleire hendingar av problematisk karakter, og han ønskjer å finna ut om dei spring ut av eit omland av antijødiske haldningar, eller om dei er av meir tilfeldig art. I den samanheng nemnde han særleg kronikken Jostein Gaarder hadde på prent i Aftenposten 5. august 2006.
Resultatet av Holocaustsenterets kartlegging får vi i april neste år. I mellomtida kan ei fersk lita bok av Jahn Otto Johansen – «Den nygamle antisemittisme» – kanskje koma oss til hjelp. Men boka blir samtidig eit slåande døme på kor vanskeleg dette terrenget er, og kor lett det er å gå seg vill.
Boka til Johansen er ein drygt hundre siders gjennomgang av antisemittismens opphav og utvikling, i vårt og andre land, og blant muslimar. Det er ei gjennomgåande sørgjeleg soge, som toppa seg med det industrielle mordet på oppunder seks millionar jødar under Hitlers regime. Mange trudde dette historiske lågmålet måtte setja ein endeleg stopp for antijødiske haldningar, men slik gjekk det ikkje.
Muslimanetok av gode grunnar ikkje ansvaret – eller skulda – for Hitler-Tysklands illgjerningar. I Vesten var det derimot lenge stor velvilje for eit folk som var så hardt prøvd. Men tida går. Seinare er det blitt brukt mot jødane at dei har utvikla ein omfattande holocaustindustri, med tilløp til dyrking av eigen vanlagnad.
Etableringa av staten Israel er også blitt blitt meir komplisert, etter kvart som det er dokumentert at 7- 800.000 palestinarar vart fordrivne då jødane rykte inn etter andre verdskrigen. Likevel ser dei fleste staten Israel som eit fait accompli – jødane trong eit heimland og proklamerte staten sin i 1948. Ferdig arbeid.
Men så blir det verre. For gjennom fleire krigar har Israel teke seg til rette på palestinsk område, og lagt under seg langt meir enn det FN såg føre seg skulle bli den jødiske staten. Folkerettsstridig framferd er blitt kvardagen for den israelske regjeringa, uavhengig av politisk farge.
Dermed blir kjernespørsmålet: Kritikk av Israel, den israelske staten, den israelske regjeringa eller israelske krigar i Libanon eller Gaza – er det jamgodt med, eller eit utslag av, antisemittisme?
Det som blir alt meir tydeleg, etter som ein les boka til Johansen, er at spørsmålet – definisjonen av antisemittisme – slett ikkje kan overlatast til jødane sjølve.
Det er dette villniset Jahn Otto Johansen prøver å finna ein veg ut av. Han kan enkelt slå fast at jødehat – om det er historisk, religiøst, sosialt eller politisk begrunna – er antisemittisme. Det å hata eit menneske, eller eit folk, fordi dei er jødar – eller for den saks skuld muslimar – er utoleleg. Det er ikkje der problemet ligg. Det oppstår når ein Jostein Gaarder eller ein Kåre Willoch går til skarpe åtak på israelsk politikk. Det kan gjelda okkupasjonen av palestinsk jord, det kan vera muren på Vestbreidda, det kan vera israelsk militær intervensjon i Gaza og i Libanon, eller det kan vera den systematiske diskrimineringa av ikkje-jødiske borgarar i Israel.
Er dette legitim kritikk, eller kan det springa ut av «eit omland av antijødiske haldningar»?
Jahn Otto Johansen slår fast at kritikk av Israel og israelsk politikk er lov. For ordens skuld slår han også fast at korkje Kåre Willoch eller Jostein Gaarder er antisemittar.
Det er ei nyttig påminning. Samtidig medgir han at det som for han framstår som lovleg og legitim Israel-kritikk, for andre kan te seg som reinhekla jødehat.
Det som blir alt meir tydeleg, etter som ein les boka til Johansen, er at spørsmålet – definisjonen av antisemittisme – slett ikkje kan overlatast til jødane sjølve.
Blant anna fordi representantar for den israelske regjeringa – som tidlegare ambassadør til Noreg, Miryam Shomrat – oppfattar anti-israelsk og antijødisk som to alen av same stykket. Men også fordi det jødiske miljøet, blant anna her i Noreg, er så håplaust splitta i synet på kva som skal kallast antisemittisme.
Om eit år får vi veta meir om omfanget av antisemittisme i Noreg – og om fenomenet er aukande. Det veit vi enno lite om.
Til så lenge får vi halda fast ved retten til å kritisera israelsk politikk, og leva med at somme oppfattar det som jødehat.
Diskuter saka under:
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
fakta om antisemittisme
- Forfattaren Jostein Gaarder fekk skarp kritikk for ein kronikk han skreiv om Israel i august 2006.
- Mange påstår at det er aukande antisemittisme i Noreg.
- Holocaustsenteret skal kartleggja omfanget av eventuelt jødehat i Noreg.
- Jahn Otto Johansen har nett skrive bok om den nygamle antisemittismen.
Relaterte bilder
KOMMENTATOR: Kven skal slå ned grensesteinen mellom rettkomen kritikk av staten Israel og utåleleg hets mot jødar og jødedom? spør BT-kommentator Olav Kobbeltveit. FOTO: ARKIV
ANTISEMITT? Jostein Gaarder har gjort offentleg avbikt i fem år. FOTO: HÅVARD BJELLAND
KOMMENTARER Våre regler