Ny strid om verna vassdrag

Mange trudde Raundalselva var varig verna, og skulle få renna fritt og i fred. Men no vil BKK, Voss Energi og Voss kommune utfordra fredingsvedtaket frå 1986.

DET HAR VORE TILLØP til opprør blant sindige vossingar denne våren. På eit kommunestyremøte i april kom det fram at rådmann Einar Hauge, saman med Voss Energi og BKK, har utarbeidd planar for ei stor utbygging av det freda Raundalsvassdraget. Prosessen hadde skjedd i djupaste løynd. Med eit mogeleg unnatak for ordføraren, var det ingen politikarar som visste kva som var i ferd med å skje. I første setning i saksutgreiinga heiter det at «Voss kommune ønskjer å få vurdert ei skånsam kraftutbygging i Raundalen». Avisa Hordaland spør på leiarplass kven som løyner seg bak Voss kommune, når så å seia heile kommunestyret var halde utanom.

SÅNN SETT KAN VI SEIA at prosessen så langt - sett frå utbyggjarinteressene sin ståstad - er blitt den verst tenkjelege. Både det politiske miljøet og alt som finst av naturvernfolk kjenner seg lurde. Det gjer også halvparten av Ap-gruppa, som frimodig røysta imot sin eigen partifelle i ordførarstolen - Gunn Berit Lunde Aarvik.

Likevel fekk ho med seg eit fleirtal som seier ja til å få utgreidd saka. Men dei fleste som var med på dette vedtaket presiserer at det var utgreiing dei røysta ja til, ikkje utbygging. Naturvernforbundet har alt sagt nei takk til å ta del i utgreiingsarbeidet.

- Me vil jobba vidare for å sikra elva sin vernestatus, saman med ekstremsportmiljøet, reiselivet og - håpar me - Voss Utferdslag, seier leiar Arnfinn Gjerdåker til Hordaland. Utferdslaget har seinare stadfesta at dei vil slåst for varig vern.

Arbeidsgruppa for Raundalen skal presentera rapporten sin i desember 2010.

DET HAR HITTIL vore gjort få forsøk på å utfordra varig verna vassdrag i Noreg. Sist veke var det ei sak oppe om Verma - ei elv tilhøyrande Raumavassdraget. Men Stortinget sa nei til utbygging.

- Stortinget har laga retningsliner for korleis ein skal gå fram om ein vil byggja ut varig verna vassdrag, opplyser ekspedisjonssjef Per Håkon Høisveen i Olje- og energidepartementet. Så umogeleg er det ikkje. Men det er ein omfattande og tidkrevjande prosedyre.

Den har Voss kommune, Voss Energi og BKK tenkt å gå i gang med. Dei meiner dei har ei god sak.

Stortinget verna Vossovassdraget i verneplan III i 1986. Vossovassdraget omfattar Strondaelva, Bordalselva og Raundalselva.

Det var den gongen motstand mot å verna Raundalselva, og det låg føre konkrete planar om kraftutbygging. Det ville - den gongen - ha medført oppdemming av ruvande magasin.

NO ARGUMENTERER utbyggjarane for at dagens moderne metodar vil gjera kraftutbygging i Raundalen langt meir skånsam. Det kan skje utan oppdemming og utan andre store, synlege inngrep. Ei minusside er likevel redusert vassføring og påfølgjande konflikt med rafting og elvepadling, som er blitt populære syslar i Raundalselva.

Eit anna argument er at Raundalsbygda har stagnert, og treng ny aktivitet. Bygda treng mellom anna betre veg. Grunneigarane, som sit på fallrettane, vil kunna gle seg over store inntekter.

Eit moderat kraftverk nedst i Raundalen, med kraftstasjon ved Skjerve og inntak ved Reime, gir ein årsproduksjonen på 510 GWh. Kostnaden er rekna til 1060 millionar kroner. Det er laga skisser for i alt ti kraftverk, med ein årsproduksjon frå 10 til 510 GWh. Om alt blir bygd ut, blir årsproduksjonen 982 GWh. Ein årsproduksjon på 600 GWh kan redusera CO2-utslepp frå kolkraftverk på Kontinentet med 300.000 tonn om året. Det svarar til utsleppa frå 120.000 bilar, heile bilparken i Bergen by.

EI UTBYGGING VIL gje 500 årsverk over ein anleggsperiode på tre år. Lokalt næringsliv vil få leveransar på 40-50 millionar kroner. Voss kommune vil få ei skatteinntekt på om lag 10 millionar kroner første året, og seinare aukar det.

Men først bør vossaordføraren ta ein telefon til kollegaen i Ulvik og Aurland. Store deler av vasskjeldene til Raundalsvassdraget - og lykelen til utbygging - ligg såleis i Ulvik og Aurland kommunar.

Vedtaket i Voss kommunestyre har sett prosessen i gang, men det blir ein lang og kronglut veg å gå. Vernevedtaket i 1986 var eit nasjonalt kompromiss, og det er vanskeleg å bryta det opp gjennom å ta ut einskilde elvar her og der. Men det er rett som BKK hevdar, at Raundalsvassdraget var omstridt. Norges Vassdrags- og Energidirektorat gjekk inn for utbygging. Olje- og energidepartementet sa nei, og Stortinget plasserte Raundalselva i vernekategori 1, den mest verneverdige kategorien.

Det viktigaste vernekriteriet var at Stortinget ville verna eit større samanhengande område. Ved å gje både Vosso, Flåm- og Undredalsvassdraget varig vern, vart det teke vare på eit større samanhengande natur- og friluftsområde, står det i tilrådinga frå Olje- og energidepartementet.

Det slutta Stortinget seg til i 1986. På eit eller anna tidspunkt skal Stortinget ta stilling til om vedtaket frå 1986 skal bli ståande, eller om Raundalsvassdraget likevel kan byggjast ut.

Kommentarar? Skriv i kommentarfeltet!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet