-
FOTO: HÅVARD BJELLAND
Norsk helt i København?
Miljøvernminister Erik Solheim dreg verda rundt for å bli hylla. Hylla for kva då? Fordi vi ikkje har oppfylt Kyoto-avtalen?
AV: olav kobbeltveit
Les også:
I DAG ER NOREGS miljøvernminister, Erik Solheim, på plass i København, for å delta på eit klimamøte som blir mindre viktig enn det skulle bli. Men den norske posisjonen står skinande blank: Vi skal forplikta oss til å redusera CO2-utsleppa i 2020 med 30 prosent samanlikna med 1990. Det er eit brageløfte. Regjeringa går endå lengre: Vi kan redusera med heile 40 prosent dersom det skulle bli kravet i ein internasjonal klimaavtale. Slå den!
Det er ingen overhengjande fare for at vi må oppfylla brageløftet. Det er fleire veker sidan den store tanken - ein folkerettsleg bindande klimaavtale i København - vart lagd diskret til sides. Det blir ingen juridisk bindande avtale. Det blir i beste fall eit politisk rammeverk, men også det er høgst usikkert. Dei fattige landa står mot dei rike, og India og Kina står mot USA. Ingen vil fira. EU prøver å mekla, men får det ikkje til. Det svenske formannskapet fortvilar. Det danske vertskapet fryktar fiasko.
Les også
I NOREG SIT VI SOM vanleg på ei grøn og frodig grein. Få land i verda har så mykje rein fossekraft som vi nordmenn har. Det gir oss eit kraftig forsprang - framfor nesten alle andre land. Men like fullt er vi ein stor produsent av den klimaskadelege CO2-gassen. Under Kyoto-forhandlingane sist på 90-talet forplikta vi oss difor til å redusera dei norske CO2-utsleppa. I perioden 2008-2012 skal norske CO2-utslepp ikkje vera meir enn ein prosent høgare enn dei var i 1990. I 2007 sleppte vi ut 10,7 prosent meir CO2 enn i 1990. I 2008 var det ein liten reduksjon, men vi er altså - når Erik Solheim dreg til klimamøtet i København - milevis unna å nå dei måla vi skreiv under på i Kyoto-protokollen.
Det er mange grunnar til at det er slik, og olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel gir mykje av svaret. Men dette var kjende faktorar alt då Noreg signerte Kyoto-avtalen.
SÅ NÅR NOREG pyntar seg med sjølvros i klimadebatten - og det gjer vi tidt og ofte - er det i hovudsak med referanse til det vi skal gjera ein gong i framtida. Ikkje det vi har gjort.
Korleis skal Noreg innfri dei dristige måla Erik Solheim har med seg i porteføljen til København? Det er det mange som lurer på. Vil vi måtta køyra mindre bil? Vil norsk industri bli pålagd nye utsleppsreduksjonar? Blir det storstilt satsing på varig energi - som til dømes vindmølleparkar til havs? Eller er det månelandinga på Mongstad som skal gjera susen?
Å få konkrete svar er ikkje lett. Difor går vi inn på heimesida til CICERO, Senter for klimaforsking, og les kva dei seier om dette. Der er kortversjonen at Noreg alt har sett i verk dei tiltaka dei skal gjennomførast her til lands. Regjeringa kjem ikkje til å setja i verk nye CO2-reduserande tiltak på norsk jord. For folk flest - som kanskje har frykta til dels drastiske tiltak, i tråd med alvoret i situasjonen - blir dette godt nytt.
Les også
DET FØRSTE NOREG har å gjera er å redusera CO2-utsleppa med ni prosent samanlikna med 1990. Då slapp vi ut 50 millionar tonn CO2. Neste år er det venta at vi slepp ut 58 millionar tonn. Kyoto-målet er å koma ned på 45 millionar tonn om året. Utan dei tiltaka som alt er sett i verk ville utsleppa neste år blitt 69 millionar tonn. Så noko er gjort. Det viktigaste er CO2-avgifta frå 1991, frivillige avtalar og ein del andre tiltak.
No må vi altså, for å nå Kyoto-målet, kutta norske utslepp med 13 millionar tonn CO2. Om dette skriv Steffen Kallbekken i CICERO: «Det burde være enkelt å finne svaret på hvordan regjeringen har tenkt å få til dette kuttet. Men det er det ikke. Verken klimameldingen fra sommeren 2007, årets klimaforlik eller forslaget til tildelingsplan for kvoter gir en samlet oversikt over planene for utslippskutt. Selv fulltids klimaforskere har problemer med å forstå nøyaktig hva regjeringen planlegger».
KONKLUSJONEN TIL Kallbekken er likevel klår nok: Resten av dei norske kutta vil bli ordna gjennom norske kjøp av kvotar og kredittar i andre land. I hovudsak EU og u-land.
Det er her vi norske nordmenn står ved opninga av København-møtet. Livet her heime blir som før - eller som no - og resten kjøper vi utanlands. Er det rart det er smått med kriseforståinga?
Blir København-møtet berre tomt snakk og utan konkret innhald, er det heller ingen som etterspør om Noreg lever opp til sine stor lovnader. Det er kanskje like greitt.
Les også
Kva trur du Norge kan utrette på klimamøtet? Diskuter i kommentarfeltet.
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
- I dag opnar klimamøtet I København.
- 190 nasjonar er representert.
- Talet på delegatar er 15 000.
- Møtet varer til 17. desember.
KOMMENTARER Våre regler