Når demokrati blir matte
Blir det meir folkestyre av å fråta Finnmark to stortingsrepresentantar og gje dei til Oslo/Akershus? Eller Hordaland?
- Publisert: 22.jul.2009 06:00
- Oppdatert: 22.jul.2009 09:06
STORTINGSKANDIDAT og leiar i Oslo Høyre, Michael Tetzschner, fører ein heroisk kamp for å fråta Finnmark to av fylkets fire stortingsrepresentantar. Tetzschner har rekna ut det alle veit, nemleg at vi har 19 valkrinsar, og at røystetalet bak kvar stortingsrepresentant varierer frå fylke til fylke. Også Sogn og Fjordane sender – ut frå Tetzschners matematiske demokrati – fleire folk til Løvebakken enn dei strengt tatt har dekning for i folketalet. «Ein mann – ei røyst» er Tetzschners mantra, og det er eit godt prinsipp. Det forunderlege er at han tek opp denne kampen få år etter at Stortinget vedtok ei lovendring som langt på veg imøtekjem Tetzschners krav. På grensa til det komiske blir det når han dreg inn Nelson Mandela og kampen mot apartheid som viktige premiss i felttoget mot ei norsk valordning som favoriserer ein del distrikt utanfor Oslo.
TETZSCHNER ER IKKJE åleine, det må seiast. Tankane hans gjennomsyrer deler av tilrådinga frå Vallovutvalet av 1997, som avslutta arbeidet sitt i januar 2001. Men stadig har vi folk som argumenterer for at dei fjernaste utkantane, i demokratiets namn, blir tilgodesette med ein liten bonus. Det kan jo tenkjast at Finnmark treng ein liten ekstrakvote på Stortinget for å gjera seg gjeldande i styre og stell. Finnmarkingar flest har ein lang veg om dei vil påverka ei avgjerd i hovudstaden. Dei som bur i Oslo/Akershus har det av gode grunnar monaleg lettare. Det er der storting og styringsverk held til, og det er der alle tunge institusjonar er samla. Så kva er det Michael Tetzschner syt etter?
PRINSIPPET HANS om rettferd kan ikkje utan vidare avvisast. I tillegg har han fått det føre seg at om alle røyster talde likt, ville landet sloppe unna den raudgrøne regjeringa. Det er naturlegvis – om det hadde vore rett – ein god grunn til å ta opp saka. Men her blandar Tetzschner korta. For rett nok er det fleire røyster bak ein stortingsrepresentant frå Oslo enn bak ein frå Finnmark. Men det finst høgrefolk i Finnmark og, så lite tyder på at dette får noko å seia for den politiske samansetninga av Stortinget.
Heilt frå 1814 har den norske valordninga lagt til grunn at utkantane skal ha sterkare representasjon enn sentrale strok. «It goes without saying» må eidsvollsmennene ha tenkt, for prinsippet er knapt grunngjeve. Ånda i den såkalla «bondeparagrafen» har seinare styrt den norske valordninga. Det dei færraste veit er at bondeparagrafen – som sa at byane skulle ha ein tredel av Stortinget og distrikta to tredelar – i mange år sikra byane ein sterk overrepresentasjon.
MED AUKANDE URBANISERING vart det omvendt. Paragrafen vart etter mykje strid oppheva i 1952, då fylka vart gjort til valkrinsar. 20 år seinare vart fylke nummer 13, Bergen, avvikla og innlemma i Hordaland. I 1989 fekk vi åtte såkalla utjamningsmandat, som i første rekkje gjekk til underrepresenterte valkrinsar som Oslo og Akershus.
Det er tungvint å måtta endra Grunnlova, seinare vallova, kvar gong folkeflyttinga tilseier ein revisjon. Dette var ei av utfordringane for Vallovutvalet av 1997. Utvalet godtok at grunnane for å gje utkantane sterkare representasjon, ikkje står like sterkt som før. Medlemmene viste til at også grunnlovsendringa i 1972 prøvde å modifisera bondeparagrafens desentraliserande prinsipp.
Men Stein Rokkans tese om motsetninga mellom sentrum og periferi er ikkje heilt gitt på båten. Utvalet fann rett nok at svenskane klarar seg utan slik utkantpremiering. På den andre sida har danskane ei lita aning utkantprinsipp i si valordning, som sikrar at heile landet er rimeleg godt representert i Folketinget.
DAGENS NORSKE VALORDNING er basert på Vallovutvalets konklusjonar, som gav 19 utjamningsmandat – eitt frå kvart fylke. Partia får sine utjamningsmandat i fylke der dei ligg nært til å vinna eit ekstra ordinært mandat.
Den såkalla arealfaktoren (1,8), som premierer fylke med stort areal og lite folk, følgde med på lasset. Faktoren er ikkje tilfeldig vald, men tvert om basert på tungt historisk materiale. Dette vil framleis gje Finnmark og andre grisgrendte utkantar ein viss fordel.
Men viktigaste endringa er at vi no har fått ei valordning som er dynamisk, der endringar i busetjingsmønsteret skal fangast opp gjennom ein revisjon kvart åttande år. Fylke med minkande folketal kan missa mandat, medan fylke på stigande kurs får fleire. Det fører oss litt etter litt inn på den vegen Michael Tetzschner meiner vi skal gå. Og – OBS – valforskar Bernt Aardal har alt forskottert at Sogn og Fjordane står i fare for å missa eit stortingsmandat ved valet i 2013.
Kommentarer
Innfør eigedomsskatt for Oslo
Det er vel her problemet er, Oslo vil ha betre kontroll med kor pengane tek vegen.
Diskuter: Når demokrati blir matte
Men det er ikke nok, vi har altfor mange minoriteter som er underrepresenterte på stortinget. Homofile, småbarnsmødre og religiøse minoriteter burde alle sikres ekstra stemmevekt slik at deres rettigheter kan sikres i stortinget
Diskuter: Når demokrati blir matte
JA !
Diskuter: Når demokrati blir matte
Diskuter: Når demokrati blir matte
-Ja, det gjør faktisk det. Èn mann = èn stemme er fundamentet for demokratiet.
Hvorfor skal min stemme være mindre verdt enn andres?
Er ikke mine meninger like mye verdt?
Diskuter: Når demokrati blir matte
"Blir det meir demokrati om bare stemmene fra Finnmark teller?"
så kan det tenkes at han hadde forstått Michael Tetzschner... noen kunne ha utredet hvilken "matte" det var?
Diskuter: Når demokrati blir matte
Her er matten:
I Finnmark sto det i 2005 7409 stemmer bak hver representant.
I Vestfold sto det samme år 18464 stemmer bak hver representant.
Hvor dårlig i matte må man være for ikke å se det demokratiske problemet?
Diskuter: Når demokrati blir matte
Diskuter: Når demokrati blir matte
Diskuter: Når demokrati blir matte
Send svar til «Innfør eigedomsskatt for Oslo»
Sitér dette avsnittet
Sitér dette avsnittet
Søk i skattelistene Topplister
fakta
* «Bondeparagrafen» i Grunnlova sytte for at 2/3 av Stortinget kom frå landdistrikta
* Bondeparagrafen vart oppheva i 1952
* Også dagens ferske valordning tilgodeser til ein viss grad distrikta. Men fylke med minkande folketal vil etter kvart få færre stortingsrepresentantar
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Siste lokalt
-
Hvem jager Google med lystergaffel?
Hvem er mennene som løper etter bilen fra Google Street View i Bergen? 0
-
Slo samboer med jernstang
Kvinnen ble grovt mishandlet i fem år.
-
Politiet tar frem pisken
Bot for tomgangskjøring og bruk av sambruksfelt uten lov. 26
-
Økt volum, lavere gevinst
Men Sparebanken Sogn og Fjordane er fornøyd med fjoråret.
-
Full utrykning til handleveskebrann
Kvinnen i 60-årene fikk selv slukket flammene fra trillevesken på Nordås.
På forsiden nå
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan

























































Siste Kommentarer
Diskuter: Når demokrati blir matte
Diskuter: Når demokrati blir matte
Diskuter: Når demokrati blir matte
Se alle innlegg