-
STATSKUPP: Vidkun Quisling planla, som forsvarsminister, militærkupp I Noreg I 1932.ARKIVFOTO: NTB/SCANPIX
FOTO: Scanpix
Militærfascisme på norsk
Heimefrontmuseet ville ikkje sleppa historikaren Lars Borgersrud til i arkiva. For der står det mykje om Quisling-lojale toppoffiserar.
INNBLIKK
NORSKE OFFISERAR på høgt nivå var sympatisk innstilte til Quisling og hans Nasjonal Samling (NS) frå 1933 og utover. Ein gjennomgang av karrieren til 648 offiserar frå kapteins grad og oppover – inkludert ein del løytnantar med sjølvstendig kommando – viser at kvar tiande offiser hadde vore NS-medlem i perioden 1933–40. Etter 9. april 1940 steig dette talet til kvar femte offiser, eller 20 prosent av det norske offiserskorpset på høgt nivå.
Men eigentleg er det endå verre, viser Lars Borgersrud i boka «Vi er jo et militært parti». Granskinga frå 1999 kartla også kor mange offiserar som tok viktige stillingar i det tyskokkuperte Noreg, utan å vera NS-medlemmer. Ein slik reknemåte fangar inn heile 40 prosent av dei norske toppoffiserane. Ikkje så rart då, at Quisling alt i 1932 trudde han hadde militærstøtte nok til eit statskupp.
DET ER HØGE TAL, særleg om vi samanliknar med den folkelege oppslutninga Nasjonal Samling fekk ved val i desse åra. Det låg på pluss/minus to prosent, og ved siste valet før krigen fekk NS berre 0,8 prosent av røystene.
Kva gjorde desse offiserane under krigen? Dei braut embetseiden dei hadde gitt til lovlege styresmakter og forfatninga, og gjorde teneste i Arbeidstenesta (AT), i politiet, i departement og underliggjande etatar. Dei gjekk i tysk teneste som politi og etterretningvesen, dei kjempa i framskotne posisjonar i Waffen-SS, i Regiment Nordland, Den norske legion, Det norske skiløperbataljonen, SS Grenaderregiment Norge, i SS Vaktbataljon og andre institusjonar. For leiarskapet i det norske militærvesenet er 1930-åra, og den tyske okkupasjonen 1940–45 – ein særs lite ærerik periode.
LARS BORGERSRUD MEINER det er ein tankekross at dette aldri er blitt eit førstehands tema i norsk politisk historie. Det har han rett i. Men Borgersrud veit betre enn dei fleste at mange såg det som si fremste oppgåve å dyssa ned det militære sviket norske offiserar gjorde seg skuldige i før og under krigen. Heldigvis gav han ikkje opp. No viser han oss kva som finst i dei lenge hemmeleghaldne arkiva. Mest iaugnefallande er fråveret av lojalitet til den norske regjeringa – og heile det politiske systemet i Noreg.
Mellomkrigstida var ei vanskeleg tid, og parlamentarismen – med stadig skiftande regjeringar – var under press. Kva meinte offiserane? Vi skal ikkje skjera alle over ein kam, for mange var lojale mot dei politisk overordna. Men ikkje alle. I juni 1922 skreiv kaptein Konrad Sundlo brev til kapteinskollega Olaf Five:
«JEG GAAR NU OG venter paa neste storkrig. Den kommer nok. Om ikke saa lenge. Og da venter jeg en kraftig personlighed tar roterne der og ber mig og Dig og tjukke Baumann om at komme ned og hive ut søppelet i Stortinget. Det skal bli en morsom job».
Vidkun Quisling prøvde seg på eit statskupp 9. april 1940, men vart fjerna av den tyske okkupanten, til fordel for Administrasjonsrådet. Først under statsakta på Akershus 1. februar 1942 innsette tyskarane han som norsk ministerpresident. For dette vart han etter krigen dømd og avretta for landssvik.
Lars Borgersrud påviser i boka si at Quisling – i tillegg til å vera ein politisk svermar – også var handlingsretta, med konkrete planar om statskupp alt i 1932. Han skaffa seg først ei slags juridisk ryggdekning. Gjennom ei militær maktovertaking skulle sivil lov setjast til sides, etter at ein by eller eit distrikt var proklamert som «militært område». Slik skreiv Quisling i ein udatert ordre frå januar 1932:
«DA DET ER TVINGENDE nødvendig å treffe ekstraordinære forholdsregler i visse deler av landet for å forebygge en forestående revolusjonær reisning, er bestemt at bl. a. Bergen [og] Trondheim by inntil videre blir militært område. Som følge derav trær bestemmelsene i Departementets skr. av 25. januar 1932 straks i kraft for området. Distriktskommandoen underlegges direkte Forsvarsdepartementet og tar under strengeste personlige ansvar kun ordre fra dette departements chef eller den han bemyndiger».
På toppen av forsvarsdepartementet på denne tida sat Vidkun Quisling, som markant medlem av Bondepartiets regjering. I boka blir det elles tydeleg at det var kaptein Frederik Prytz som la til rette for Quislings politiske karriere.
Neste haust kjem Lars Borgersrud med andre bindet, som går djupare inn i dei fem krigsåra 1940–45. Noko av norsk krigshistorie kan dermed bli snudd opp ned.
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
* Nasjonal Samling vart skipa av Vidkun Quisling i 1933.
* Det vart ingen suksess i demokratiske val.
* Partiet hadde på det meste rundt 50.000 medlemmer.
* Om lag ti prosent av norske toppoffiserar var medlem i perioden 1933–40.
KOMMENTARER Våre regler