-
LYNTOG ELLER IKKJE LYNTOG: I februar 2012 får vi svaret på om lyntog er ein god idé i Noreg. ARKIVFOTO: Scanpix
Lyntog og norsk realisme
Skal billettprisen ta hand om både investering og drift, vil lyntogbilletten Trondheim-Oslo kosta 6000 kroner. Men det finst andre måtar å tenkja på.
AV: olav kobbeltveit
DET FINST EIN TRAURIG svenske for eitkvart formål. Dersom du meiner at lyntog er ein dårleg idé, som kostar for mykje og som vil få altfor få passasjerar, så kan du finna ein meiningsfrende i professor Per Kågeson ved Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm.
Han var henta til lyntogkonferansen i Oslo nyleg, for å snakka ned lynprosjektet i Noreg. Han lukkast ikkje heilt, men fekk fram bodskapen: Lyntogsuksess i eitt land kan ikkje automatisk overførast til eit anna land. Kostnaden er ofte undervurdert. Til gjengjeld er passasjergrunnlaget - slik Kågeson ser det - overvurdert. I tillegg er ikkje miljøargumentet så godt som mange vil ha det til. Klimagassutsleppa i anleggsperioden er så store at det vil gå 50 år før vi kan henta inn ein miljøgevinst.
SVENSKE STYRESMAKTER bryr seg katten i Kågeson. Dei har nyleg bygd ny lyntogtrasé på 190 km mellom Umeå og Kramfors, på kysten mot Bottenhavet, og banen opnar i år. Kostnaden er 67,4 millionar svenske kroner per kilometer. Det er fjerdeparten av kostnaden tyske konsulentar har kome til for å byggja høgfartsbane i - eller gjennom - den norske fjellheimen.
Difor er svenskane alt i gang med å planleggja høgfartsbane mellom Stockholm og Göteborg, også kalla Götalandsbanen. Reisetid: 2 timar og 15 minutt.
MOTSTYKKET TIL PER Kågeson er nordmann og heiter Lars Rognlien. Han har base i Madrid og arbeider i rådgjevingsselskapet Steer Savies Gleave. Hans perspektiv på lyntogdrift er vidare, og legg inn det han ifølgje bladet Samferdsel kallar «wider economic benefits». Rognlien peikar på positive tilleggseffektar som kan betra inntektssida med 15-30 prosent. I det reknestykket inngår miljøgevinstar, endra busetnadsmønster, kortare reisetid og næringsetablering. Om oskeutsleppa frå vulkanen på Island blir eit varig problem er enno uvisst, men det er også ein faktor som er til gunst for lyntoget.
Alle desse faktorane må med, for eit høgfartsnett i Noreg - til Bergen og Trondheim pluss Østfold, Vestfold og Hamar - vil kosta hundrevis av milliardar kroner. Korvidt dette blir lønsamt avheng av reknestykket, om det er basert på bedriftsøkonomiske prinsipp eller såkalla samfunnsøkonomiske.
PÅ DETTE PUNKTET er Øyvind Halleraker, Høgres jernbanetalsmann, krystallklår: Investeringane må bli eit offentleg ansvar. Det har Høgre programfesta. Høgres syn her vil truleg bli lagt til grunn dersom Stortinget - ein gong i 2012-2013 - gjer prinsippvedtak om norske lyntoginvesteringar.
Lyntogentusiastane ser mange fordeler ved lyntog. Toget er klimavennleg samanlikna med fly, og med ei reisetid mellom Bergen og Oslo på drygt to timar, vil truleg oppunder 80 prosent av dei reisande føretrekkja toget. Då kan eit lyntog Bergen-Oslo koma til å frakta rundt 2 millionar passasjerar om året, om lag like mange som mellom Sevilla og Madrid. Den banen er lønsam etter alle reknemetodar, og betaler både investering og driftskostnader.
MEN MILJØGEVINSTEN stoppar ikkje der. Nye lyntogtrasear vil frigjera kapasitet på dei eksisterande jernbanene, så som Bergensbanen. Det kan føra gods over frå bil og veg til tog og bane, i eit omfang som verkeleg monnar i klimarekneskapen. Dagens godstrafikk mellom Oslo og Bergen tilsvarar 14.000 lastebilar i veka. Med ledig kapasitet - og NB fleire kryssingspunkt - kan langt meir av godsmengda ta steget over frå lastebil til tog. Då får vi vesentlege reduksjonar i CO2-utslepp.
Det er Tom S. Stillesby som med mandat frå Samferdsledepartementet skal finna ut om det bør satsast på lyntog i Noreg - eller ikkje. Svaret får vi i februar 2012.
I UTGANGSPUNKTET er det svært sprikjande meiningar blant både lekfolk og såkalla ekspertar. I det politiske miljøet er entusiasmen størst i Høgre og SV, med Venstre, Sp og KrF på slep. Arbeidarparti-folk er enn så lenge meir lunkne. Framstegspartiet er imot på prinsipielt grunnlag.
Men den nye lyntog-røyndommen i Sverige og på Kontinentet, der ikkje minst Spania er på offensiven, smittar også til Noreg. Stillesby sjølv synest det er ein spennande tanke, og då han gjekk av podiet på Oslo-konferansen sa han «wish me luck». Det kan han trengja.
Synspunkt? Bruk kommentarfeltet:
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
- Lyntog går 250 km i timen eller fortare
- Lyntog har ekspandert sterkt på Kontinentet dei siste 15 åra
- Lyntog tek opp mot 80 prosent av flytrafikk på enkelte strekningar
- I Sverige opnar i år den nye Botniabanen frå Umeå til Kramfors
- Den har ein pris av 67,4 millionar kroner pr kilometer
- I Noreg er det lyntog frå Oslo til Østfold, Vestfold og Hamar pluss Bergen og Trondheim som er mest aktuelt
KOMMENTARER Våre regler