• STATLEG DIREKTIV: Norske barnehagar er eit kommunalt ansvar, men etter direktiv frå staten - med statlege pengar.

    FOTO: BJØRN ERIK LARSEN

Kommunen - statens lydige tenar

Kommunane får velja fritt berre så lenge dei vel det som staten har bestemt. Men no kan det henda kommunalt sjølvstyre blir ein del av Grunnlova.

ER LOKALDEMOKRATI mogeleg i ein sentralstyrd stat, som den norske? Om lag slik spurde jusprofessor Eivind Smith i 2002, og han er ikkje den einaste som undrar seg. Spørsmålet er like påtrengande i dag, framfor eit kommuneval som etter alt å dømma blir omfatta med lunken interesse. Kan det ha med manglande folkestyre å gjera?

OFTAST ER DET det Arbeidarpartiet som får skulda for den sterke sentralstyringa her til lands. Det er kanskje urettvist. Viljen til ei sterk sentralmakt finn vi langt inn i andre parti - og til dømes på toppen av Sosialistisk Venstreparti. Dette er godt dokumentert i eit intervju NRK gjorde med SV-leiar og kunnskapsminister Kristin Halvorsen i 2010. Då ville ho tvinga kommunane til å prioritera skule framfor eldre og funksjonshemma:

«- Det er ikke gitt noen penger til noe ekstra særskilt løft, sier KS-direktøren.

- Det seier de alltid, svarer kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

- Er du skuffet over hvordan kommunene har brukt pengene?

- Ja, det er jeg. På dette området trengs det sterkere sentralstyring, sier Halvorsen.

- Det kan ikke være sånn at det er skolene som blir salderingspost for de andre gode formålene kommunene har, sier kunnskapsministeren.

- Det viktigste vi kan investere i, er barn og ungdom. For å gi skolen drahjelp i kampen om kronene i kommunene, så trenger vi en endring av dette lovverket. Og det er det jeg jobber med, sier Kristin Halvorsen».

INTERVJUET finn vi i boka «Lokalt demokrati uten kommunalt selvstyre?», av professorane Harald Baldersheim og Eivind Smith, der ei rekkje forfattarar borar relativt djupt i problema rundt det manglande lokale sjølvstyret i Noreg. Ute i Europa liker vi rett nok å sola oss i glansen av «Det europeiske charteret om lokalt sjølvstyre», som vi underskreiv i 1989. Men på heimebane er charteret lite påakta, og lokalt sjølvstyre er aldri blitt grunnlovsfesta, slik charteret føreset. Difor er det all grunn til - slik stipendiat Sigrid Stokstad gjer i boka - å spørja om norske styresmakter tek charteret om lokalt sjølvstyre alvorleg.

Både Stokstad og Eivind Smith peikar på dei problema som oppstår når det er usemje mellom stat og kommune om korleis ei sak eller eit pålegg skal tolkast. I charteret blir det slått fast at kommunane står fritt til å ordna seg som dei vil innanfor lovas rammer, og at statens kontroll med kommunale vedtak - som Fylkesmannen steller med - skal avgrensast til legalitetskontroll. Kommunalt skjøn skal ikkje overprøvast av statens mann. Men i det norske systemet skjer slik overprøving heile tida.

EIVIND SMITH finn få eller ingen spor etter charteret i norsk lov, når han leitar etter ei formulering som kunne seia noko om kommunal handlefridom i møte med ein mektig stat. På dette punktet framstår Noreg - med Smiths ord - som ein avvikar i Europa. Difor spør han: «Hvorfor er Grunnloven (fortsatt) taus om et fenomen som mange - med rette - betrakter som et av de sentrale i den norske statsdannelsen slik vi kjenner den i dag?»

Det er nok den sterke viljen til sentralstyring som ligg under. Og den statlege overstyringa skjer ikkje fordi vi har ein liten og puslete kommunesektor. Tvert om. Den norske kommunesektoren er meir omfattande enn i dei fleste europeiske land, og står for knapt ein tredel av dei offentlege utgiftene. Difor kan det med ein viss rett hevdast at den norske kommunen er blitt den statsberande kommunen. Statens lydige instrument for utjamning og rettferd i det egalitære Noreg. Det er kommunenivået som er sett til å handtera eksisterande og stadig nye velferdsgode til innbyggjarane. Men det skal, som vi såg, gjerast slik staten og Kristin Halvorsen vil. Alt er underlagt streng statleg styring og kontroll. Det meste skjer med statlege pengar. Og på det strenge vilkåret at dei må brukast slik staten har bestemt.

BOKA TIL Baldersheim og Smith etterspør ei anna maktfordeling. Skal kommunalt sjølvstyre vera meir enn vakre talemåtar, må norske kommunar ha lov og høve til å gjera ulike val. Velja annleis. Då må Meland kommune kunna velja andre løysingar enn Osterøy og Lindås. Det er det i dag lite rom for.

Staten sit med bukta og begge endane. I andre europeiske land, som har gjort charteret til ein del av Grunnlov eller lov, er det gjerne skipa eigne domstolar som skal dømma når stat og kommune kjem på kollisjonskurs. Hos oss er det statens mann – Fylkesmannen– som har det avgjerande ordet. Og om Fylkesmannens ord blir anka, hamnar saka hos departementet. Kor sterkt står det kommunale ordet i eit slikt system?

No ser det ut til at lokal-
demokratiet skal inn i Grunnlova. Men fordi det vart lagd i hendene på Ap-mannen Svein Roald Hansen – som ville ha allmenn tilslutnad til det i Stortinget – er det blitt så utvatna at ein kan diskutera om det er bryet verdt. Ordet «sjølvstyre» vart for sterkt. Framlegget til §49, andre lekken, lyder slik:

«INNBYGGERNE har rett til å styre anliggender som er av lokal karakter gjennom organer som er utpekt ved direkte og frie valg. Slike organer kan pålegges bestemte oppgaver ved lov eller avtale. Nærmere bestemmelser om geografisk avgrensing, om stemmerett og valg fastsettes ved lov».

Her kan ein falla på den tanken at det for Svein Roald Hansen og Arbeidarpartiet - og kanskje for fleire - er viktigare å hegna om statens handlefridom enn om det lokale sjølvstyret. Eivind Smith kommenterer at «forslaget ikke er optimalt dersom målet er et sterkt og effektivt rettsvern for kommunenes autonomi innenfor den norske enhetsstaten». Andre ville teke sterkare i. Men så legg han til at dette truleg er det beste som for tida kan oppnåast i Noreg.

Ja, dessverre. Så ille er det.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Kommunalt sjølvstyre

Noreg underskreiv i 1989 Det europeiske charteret om lokalt sjølvstyre

Tanken var å implementera dette i norsk lov

Det har så langt ikkje skjedd

No er det framlegg om å ta det inn i Grunnlova

Men framlegget er veikt og lite eigna som rettsvern for kommunalt sjølvstyre