-
KLIMAKRISER I KØ: Norske politikarar er meir opptekne av å byggja nye vegar enn å tenkja på konsekvensar for klimaet.
Klimalova vi aldri får
Mange snakkar varmt om ei overordna klimalov. Men det blir ikkje noko av.
AV: olav kobbeltveit
Dersom vi eit lite sekund– legg til grunn at klimakrisa er så alvorleg som Jens Stoltenberg vil ha det til, og viktigare enn alt anna, så burde vi kanskje vedta ei overordna klimalov? I Noreg.
Ei som ser saker og ting i samanheng, og som kan syta for at Noreg etter kvart tek til å oppfylla dei klimamåla vi skreiv under på i Kyoto-avtalen av 1997. World Wildlife Fund (WWF) har teke initiativet til ei slik lov, og advokatfirmaet Hjort har vist at det juridiske grunnlaget er i orden.
Likevel kjem ho ikkje. Korleis kan det ha seg?
Det kjem i første rekkje av at politikarane – og særleg dei som til eikvar tid sit i regjering – ikkje vil ha henne. Ei slik klimalov vil innskrenka det politiske handlingsrommet, og det er dei som styrer kraftig imot.
Jens Stoltenberg – er sjeldan så alvorsam i røysta som når han snakkar om klimakriser og CO2-kvotar. Situasjonen er, seier han, særs alvorleg, og det påkviler verdas leiarar å gjera det som skal til for å berga kloden.
Noreg vil gjera sitt, men ikkje no. Ikkje i 1997, og ikkje i 2007. Ikkje i 2011 heller. Men ein gong i framtida. Hittil har vi nordmenn nemleg sett svært romsleg på Kyoto-avtalen. Vi har sleppt ut mykje meir enn vi har lov til.
Men alle – også Jens Stoltenberg – veit at til lenger vi ventar med å agera, til verre blir det. Dei globale klimautsleppa skal ned med 80 prosent innan 2050. Det fell mest på oss – vi som bur i dei industrialiserte landa. Greier vi dette, kan den globale temperaturauken haldast innanfor to grader.
Klimaforliket på Stortinget frå januar 2008 seier 30 prosent reduksjon fram til 2020. Problemet er at vi har vore like like flinke til å oppfylla klimaforliket som vi har vore til å oppfylla Kyoto-avtalen. Den gledelege nedgangen frå 2008 og 2009 er – står det i statsbudsjettet for 2011 – reint mellombels, og alle teikn og trendar viser at dei vil ta seg opp att fram mot 2020.
Klimakur 2020 – var rekkja med tiltak som skulle oppfylla klimaforliket. Klimakur 2020 viser at det er mogeleg å redusera norske utslepp med 30 prosent innan 2020, og den viser tiltaka som skal til. Men det skjer ikkje.
Nei, seier WWF, det er ikkje mangel på tiltak som er problemet. Det er viljen til å gjennomføra dei. Politisk gjennomføringsvilje. Difor står vi på staden kvil. Ifølgje Riksrevisjonen er oppgåva litt i største laget for den norske regjeringa:
«Miljøverndepartementet møter betydelige utfordringer i utøvelsen av pådriverrollen på grunn av målkonflikter og sterke sektorinteresser».
Og vidare: «det er store svakheter i hvordan de ulike departementene ivaretar sitt sektoransvar. Sektordepartementene har i liten eller ingen grad operasjonalisert klima-målsettingen gjennom arbeidsmål og konkretisering av virkemiddelbruk eller gitt styringssignaler om klimamål til underliggende etater.
Undersøkelsen viser at mange mål som kan bidra til reduserte utslipp av klimagasser ikke blir nådd. Dette bidrar etter Riksrevisjonens vurdering til at det blir vanskeligere å nå de nasjonale klimamålene».
Dette er tung prosa– , og slutten må kallast eit understatement, men meininga er ikkje til å misforstå. Lite og ingenting skjer.
Lat oss overføra Riksrevisjonens stotrete setningar på den norske røyndommen anno 2011. Olje- og energiminister Ola Borten Moe er meir oppteken av å koma i gang med prøveboring i nord enn å sjå til at olje- og gassektoren oppfyller klimamåla.
Dei som skal byggja nye bustadfelt ser etter høveleg tomteland, med vakker utsikt, og endar gjerne ein stad i huttaheiti, utan omsyn til at det gjer alle avhengig av privatbil – og store klimautslepp. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa er meir oppteken av å byggja nye vegar enn å få ned biltrafikken.
Lat oss sjå på vårt eige nærområde. Her har vi ein fylkesmann, Lars Sponheim, som vil ha ned bilbruken i Bergen. Også i sentrum. Det vil dei fleste, med eit mogeleg unnatak for det sitjande byrådet i Bergen. Men kva skjer?
Jau, den store øya vest om Bergen er i ferd med å tilkjempa seg eit nytt Sotrasamband, som skal ha endå større kapasitet – seks felt – enn som finst på innfartsåren inn til Bergen. Sotra skal i framtida basera seg på at alle får køyra køfritt over Vatlestraumen, for å skapa kø lenger inne, og korleis får vi det til å stemma med klimaforlik og Klimakur 2020 og Jens Stoltenbergs alvorsame åtvaringar?
Nei, det stemmer ikkje. Ikkje i det heile tatt. Men fasit er slik: Alle putlar med sitt, som før, og dette med klimaet får einkvan ordna opp i når vi nærmar oss 2020. Ei overordna og streng klimalov er utelukkande eigna til å skapa trøbbel for dei som vil byggja landet. Og det vil vi jo.
Dette er hovudgrunnen – til at vi ikkje får ei klimalov, endå om også klimadirektør Ellen Hambro i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), går sterkt inn for det. Ho innser at stat og kommune held fram med å gjera vedtak stikk i strid med klimaforlik og Klimakur 2020.
Det blir det inga endring på. Statsrådane i regjeringa synest det er ille nok å slåst med ulvane i Finansdepartementet, om dei ikkje skal få ein ny fiende som heiter klimalova.
Så får det gå som det vil med klimaet.
KOMMENTARER Våre regler