Kampen om muslimsk middelalder

Ayaan Hirsi Ali trur på ei djevelsk pakt mellom Vestens liberale og mordariske muslimar. Det gjer ikkje eg. Men eg kan ikkje avvisa at den somaliske aktivisten har nokre poeng.

Les også:

Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan somaliske Ayaan Hirsi Ali gav ut boka «Krev din rett» på norsk. Det var nærast ein litt samanraska pamflett, endå bodskapen var sterk nok: Vesten - like til Bush og Blair - sviktar muslimske kvinner som strir for å koma ut or brutal middelaldersk kvinneundertrykking, i hovudsak basert på eit ulukkeleg hopehav av islamsk religion og arabisk stammekultur. Hirsi Ali har sjølv - med livet som innsats - kome seg fri elendet. No bur ho i USA. Men den nederlandske venen hennar, filmskaparen Theo van Gogh, vart skoten og skoren strupen over på ein novemberdag i 2004, av ein fanatisk muslim, som lova Hirsi Ali ein liknande lagnad. Seinare har ho måtta halda seg med politivakter. At ho hadde juksa med asylsøknaden sin, og velta ei nederlandsk regjering, skal vi la liggja her. Men ho er blitt ei afrikansk fridomsheltinne for mange av dei som tenkjer i Samuel Huntingtons termar: Det er den vestlege sivilisasjonen som står på spel.

Ballegrep bakfrå
No har det nye ikonet for europeiske innvandringsmotstandarar vore i Noreg for å lansera bok nummer to - «Mitt liv, min fridom». Det er ein sjølvbiografi - med heilt andre kvalitetar. Ho teiknar eit fascinerande bilete av det klansamfunnet ho voks opp i. Deler av oppveksten var bra, men somaliske menn låg på lur, og den skamma ei valdtekt påførte muslimske ungjenter var knapt til å bera. Ikkje for jenta, og ikkje for faren og onklane og alle dei mannlege syskenborna. Så det galdt å passa seg. Bestemora til Hirsi Ali visste råd: Qworegoys heitte metoden, der jentene gjekk til åtak bakfrå med eit ballegrep som skulle haldast til angriparen fall i uvit.

I denne perioden sat faren i fengsel, som somalisk opposisjonspolitikar. Det førte i sin tur Hirsi Ali til Saudi-Arabia, Etiopia og Kenya, opphald som også har forma det politiske synet til dama som i 2002 vann seg ein plass i det nederlandske parlamentet.

Meir nyansert versjon
«Mitt liv, min fridom» er ei velskriven og dramatisk skildring av eit ungt kvinneliv på flukt frå fattigdom, arabisk stammekultur, tvangsekteskap og meir ordinær kvinneundertrykking i muslimsk fasong. Dei nyansane som var fråverande i dei meir spontant skrivne essaya frå i fjor, har Hirsi Ali brukt tid og krefter på å få fram denne gongen. Det svekkjer det propagandistiske preget - og styrkjer forteljinga. Men det er fullt mogeleg å tru på det ho fortel utan å bli med over i dei kompromisslause konklusjonane ho dreg. Ærendet er stadig skarp konfrontasjon. Dialog med islam blir for Ayaan Hirsi Ali ei djevelsk pakt mellom deler av Vesten som ikkje forstår betre, og middelalderske muslimar som vil ta over verda.

Helge Vidar Holm og Torgeir Skorgen kan ha moro av å lesa bøkene til Hirsi Ali, endå om eg trur dei vil lesa dei om lag som eg har gjort. I BT laurdag var dei to herrane sterkt kritiske til bruken av middelalderbegrepet i samband med den muslimske verda. Dei var også - om eg les dei rett - kritiske til at eg meiner muslimar flest lever i illiberalitet. Men det meiner eg. Men eg skreiv ikkje at denne sørgjelege posisjonen alltid kan og skal tilskrivast islam. Slett ikkje. Men dessverre er det slik at mange av regima i denne delen av verda, muslimske eller sekulære, knapt fortener merkelappen liberale.

Ære til Averrões
Holm/Skorgen har nok fått med seg diskusjonen om at middelalderen kanskje ikkje var så mørk som somme vil ha det til. Ein av dei vi kan gje litt av æra for det er den arabiske filosofen Averrões (1126-1198). Eg er av dei som kan gle meg over at ein arabisk filosof - som kom på tvers av både islams og kristendomens gjeldande lære - gav viktige tilskot til det som seinare skulle bli opplysningstida. Men eg tek neppe for sterkt i om eg hevdar at det vidare framsteget, over i opplysningstida, hadde rikare livsvilkår i Vesten enn i den arabiske verda. Og mykje av det Ayaan Hirsi Ali fortel frå sin oppvekst - ho er 37 år - tyder på at i alle fall deler av den muslimske verda har eit stykke att før dei kan kalla seg liberale samfunn. Dersom Holm/Skorgen er av ei anna oppfatning, synest eg dei skal skriva det.

Det er mykje uforstand og fanatisme i debatten om kor farlege muslimane eigentleg er for den vestlege sivilisasjon. Hatet mot muslimane som gruppe er ofte skremmande. Dess viktigare er det at somme av oss trur på samtale og dialog. Men det må vera lov å peika på at i denne samtalen er det visse rettar og hardt tilkjempa privilegium vi ikkje vil gje frå oss. Der har vi ein ivrig alliert i Ayaan Hirsi Ali.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Fakta

  • Den somaliske aktivisten Ayaan Hirsi Ali har vore i Noreg og presentert boka si «Mitt liv, min fridom».
  • Ho skreiv manuset til filmen Submission 1, som vart laga av den drepne Theo van Gogh.
  • Ho meiner kompromisslaus kamp mot islam er einaste vegen.

Relaterte bilder