• POLITISKE INFORMATØRAR: Avgått statsråd Bjarne Håkon Hanssen vil ha politiske kommissærar inn i dei departementale informasjonsavdelingane. Det bryt med norsk tradisjon. Arkivfoto: Håvard Bjelland

Informasjon på amerikansk

Bjarne Håkon Hanssen vil ha informasjonsarbeidarane som PR-agentar for statsråden. Kanskje er det ei ryddigare ordning. Men vil vi ha det slik?

BJARNE HÅKON HANSSEN fekk ein stormfull exit frå norsk politikk i fjor haust. Avgangen var prega av kvite løgner, der han gong på gong nekta for at han skulle slutta i politikken. Som helseminister drog han rundt i valkampen saman med ein kvinneleg underdirektør i departementet, som han seinare flytta saman med. Hanssens kvinner er ikkje tema her, men skal ein underdirektør i Helsedepartementet driva valkamp for ein statsråd frå Arbeidarpartiet? Skal informasjonssjefen i departementet vera med på valkampturné?

Bjarne Håkon Hanssen, som no er seniorrådgjevar i konsulentselskapet First House, meiner det. No går han endå eit steg lenger. I sin første offentlege tale etter avgangen og karantenen tok han til orde for å politisera heile det departementale informasjonssystemet.

«SOM MINISTER HAR jeg et prosjekt, og jeg bruker mitt apparat for å selge mitt prosjekt. Jeg mener informasjonsavdelingen i departementet er mer salgsagenter enn folkeopplysere. Det bør de være», sa Hansen ifølgje Dagens Næringsliv.

Eller kanskje ikkje? Nestleiar Thomas Spence i Norsk Journalistlag åtvarar sterkt mot ei ordning der informasjonsarbeidarar i departementa skal driva politisk misjonering for den til kvar tid sitjande regjering. Tvert om, dei bør arbeida med ein evig horisont for auga, seier Spence, som fryktar at all tillit og integritet vil gå fløyten med Hanssens politiserte system.

Dei departementale informasjonsavdelingane har endra seg på fleire vis dei siste tjue åra. For det første er dei blitt større og fleire, vi snakkar truleg om ei femdobling. Der det var to informasjonsarbeidarar i 1990, er det ti i dag. Det kan forklarast, for mediebiletet er kraftig endra i same perioden, og trykket frå utsida vesentleg større. Nettaviser utan deadline er i seg sjølv ein ny dimensjon.

MEN ER DEI BLITT MEIR politiserte? Tja, seier ein med lang røynsle frå departementalt informasjonsarbeid. Svaret på det er i det minste variabelt frå departement til departement. Men idealet frå Statens Informasjonsteneste - om full nøytralitet - er gått ut på dato. Dei som arbeider ute i departementa, og er tett på statsråden, opplever ein mediekvardag som er vesentleg meir politisert enn den Statens Informasjonsteneste held fram som ideal.

Der er det slik at statsrådens og den politiske leiinga sitt behov alltid kjem først. Alt anna har lågare prioritet.

Men fast tilsette informasjonsarbeidarar på byråkratisk nivå blir sjeldan sett til å fronta saker på vegner av den politiske leiinga. Det er det statsråden eller statssekretæren som tek seg av. Eller ein politisk rådgjevar, som står i ei friare stilling enn den fast tilsette byråkraten. Både statssekretæren og den politiske rådgjevaren går dersom regjeringa går av. Byråkraten er viktigare som tilbaketrekt tilretteleggjar og rådgjevar for statsråden. Men, og det er viktig for byråkraten å hugsa på, statsråden er minister også når det er valkamp.

SPØRSMÅLET Bjarne Håkon Hanssen reiser er om heile informasjonsavdelinga i departementet bør gå - forlata departementet - saman med statsråden. Det høyrest svært amerikansk ut, endå om mange andre land også har den skikken.

I ein norsk kontekst verkar det som ein framand tanke. Mange oppfattar det norske byråkratiet som det mest oppofrande og pålitelege som tenkjast kan. På ei internasjonal rating vil dei skåra høgt. Dei evnar å vera lojale til skiftande politiske retningar, utan å verka impotente. Men dei er nøye på å skjera klar rolla som aggressive salsagentar for ein statsråd som skal selja bodskapen sin.

Frå departementalt hald blir det sagt at informasjonsavdelingane blir større for å handtera eit aukande medietrykk. Det gir ei viss meining. Men pressefolk opplever ofte at informasjonsavdelinga blir ein buffer mellom pressefolk og statsråden, eit vaktmannskap som skal sjå til at statsråden ikkje blir plaga i utrengsmål. Det er det siste vi treng når vi er på desperat jakt etter eit svar som berre statsråden, eller til naud statssekretæren, kan gje. Då blir ei utæsande informasjonsavdeling ein tungvint omveg - ein omveg vi gjerne skulle klart oss forutan.

DEPARTEMENTALE informatørar skal - til liks med det øvrige embetsverket - stå til teneste for regjeringar med skiftande politisk farge. Det har dei gjort med bravur, uavhengig av om statsråden har vore SV-ar eller Høgre-kvinne.

Lakmustesten på eit verkeleg nøytralt byråkrati vil, som Kristin Clemet har vore inne på, bli gjennomført dersom og når ei rein Frp-regjering flyttar inn i regjeringskontora.

Synspunkt? Bruk kommentarfeltet:

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

  • Det norske statsbyråkratiet er i hovudsak nøytralt og tener ulike regjeringar.
  • Norsk byråkrati har ord på seg for å vera lojalt mot den til kvar tid sitjande regjering.
  • Bjarne Håkon Hanssen - no privat rådgjevingskonsulent - vil ha politiserte informatørar. Løysinga måtte då bli at eit politisert informasjonskorps gjekk av kvar gong landet fekk ei ny regjering.