• PROTESTAR: Statsminister Benjamin Netanyahu opplevde i helga at 300.000 israelarar demonstrerte i gatene – mot den økonomiske politikken regjeringa fører.

    FOTO: ODED BALILTY

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Den palestinske søknaden om å bli godkjend som eigen stat i FN, har utløyst stor aktivitet og sterke protestar på regjeringshald i Israel. Straks etter at det palestinske initiativet vart offentleggjort, leidde den israelske regjeringa inn ein internasjonal lobbykampanje for å forhindra ei FN-godkjenning av palestinastaten. Viseutanriksminister Danny Ayalon drog først til Latin-Amerika, for om mogeleg å overtala colombianske styresmakter til å røysta nei til det palestinske framlegget. Problemet er at storparten av Latin-Amerika alt har godkjend ein palestinsk stat, i kjølvatnet av den brasilianske godkjenninga i fjor.

Det palestinske initiativet har i det minste løyst ein smule opp i det som lenge har vore ein gordisk knute i Midtausten – utan det minste teikn til forhandlingar mellom Israel og palestinarane. Palestinarane nektar å gå i forhandlingar med eit Israel som stadig et seg inn på palestinsk jord med nye busetjingar. Så seint som torsdag i førre veka kunngjorde israelske styresmakter at dei har godkjent bygginga av 900 nye israelske hus i Aust-Jerusalem. Byggjeløyvet er siste steget i eit prosjekt som har hausta store protestar både frå palestinsk hald og frå verdssamfunnet. Fredag retta EUs utanrikssjef Catherine Ashton sterk kritikk mot vedtaket, fordi ho meiner det øydelegg fredsprosessen.

Kva fredsprosess då? kan ein spørja. Faktum er at det for tida ikkje er nokon kontakt mellom israelarar og palestinarar. I dette vakuumet er det at palestinske styresmakter – representert ved Fatah-partiet på Vestbreidda og Hamas-rørsla i Gaza – har inngått ei forsoningsavtale, og fremja søknaden om FN-godkjenning av ein palestinsk stat. Dette blir mislikt av israelske styresmakter, som tilsynelatande lever godt med ein situasjon der fredsforhandlingane med palestinarane er plassert på vent langt inne i ei bakevje. Likevel er det lite som tyder på at Israel kan forhindra at saka kjem til FN, og truleg får solid fleirtal i generalforsamlinga. Det vil, jamvel om USA kan veto-blokkera vedtaket i Tryggingsrådet, bli oppfatta som eit klapp på skuldra til palestinarane.

Om Noreg vil støtta eit slikt vedtak i FN, er noko uklårt. Då den palestinske presidenten Mahmoud Abbas gjesta Noreg 18. juli, uttrykte Jonas Gahr Støre at han forstod at palestinarane gjer dette, og han forsvara retten deira til å ta opp saka si i FN. Men han ville ikkje forskottera norsk støtte før han hadde studert teksten i den palestinske søknaden.

Kanskje skulle Noreg innta ein pro-palestinsk posisjon i denne saka? Det er truleg meir konstruktivt enn å venta på forhandlingar som israelske styresmakter bevisst saboterer.

Men den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har meir å stri med. I helga protesterte rundt 300.000 menneske i Tel Aviv og Jerusalem mot dyr mat og høge bustadprisar, aukande korrupsjon og ein liberalistisk økonomisk politikk. Ei undersøking gjennomført av nasjonalforsamlinga Knesset viser at matvareprisane i Israel har auka med 26 prosent dei siste fem åra. Lønningane har i same tidsrommet gått opp med 2,6 prosent.

Mange ser dyrtida i samanheng med fleire høgreorienterte regjeringar i Israel, etter at Arbeidarparti-hegemoniet tok slutt og Menachem Begin greip makta i 1977. Seinare er det blitt større økonomiske skilnader i det israelske samfunnet.

Såpass mange israelarar har ikkje vore i gatene sidan fredsrørsla hadde sine gode stunder etter Libanon-krigen tidleg på 80-talet. Israelske kommentatorar knyter demonstrasjonane også til kostnaden med okkupasjonen av palestinsk jord, som for mange israelarar kostar meir enn han smakar.

Andre ser demonstrasjonane som eit meir direkte forsøk på å frigjera Israel frå ytterleggåande immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, som har gått i kompaniskap med dei ofte fanatiske busetjarane på Vestbreidda. Den tredje maktfaktoren er dei ultra-ortodokse jødane. Det finst ein stor liberal og sekulær middelklasse i Israel som ser kraftig mørkt på at Avigdor Liebermann og det ultranasjonalistiske partiet Yisrael Beiteinu skal ha så stor innverknad på israelsk politikk.

Lett ironisk er det også at statsminister Benjamin Netanyahu nyleg tillet seg å snakka nedlatande om demonstrasjonsbølgja i fleire arabarland. På amerikansk fjernsyn sa Netanyahu at det er berre eit einaste land i Midtausten der det ikkje er demonstrasjonar, og det er det demokratiske Israel. I helga fekk han svar på tiltale. Då inntok rundt 300.000 protesterande israelarar gatene i landet.

Netanyahus litt nervøse svar er opprettinga av ei arbeidsgruppe som skal finna løysingar – pluss ein lovnad om at mødrer med barnevogn skal sleppa med halv pris på bussar og tog. Det kan tyda på at han ikkje har forstått alvoret i det folkelege opprøret.      

Synspunkt? Sei di meining.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Palestinsk stat

  • Palestinarane vil i september be FN om godkjenning som eigen stat
  • Det er venta at eit stort fleirtal i hovudforsamlinga seier ja
  • Det er enno uvisst korleis Noreg vil røysta
  • I Tryggingsrådet vil USA truleg leggja ned veto