• KOMMUNALMINISTER: Sp-leiar Liv Signe Navarsete synest det er greitt med små kommunar, og rundt i landet møter ho få ønskje om samanslåing.

    FOTO: ARNE HOFSETH

Gjenstridige kommunar

Når alle vil ha større kommunar, kvifor skjer det inga endring i kommunestrukturen? Det har blant anna med pengar å gjera.

FJELL HØGRE HAR programfesta å slå saman Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Mange meiner det burde skjedd for lenge sidan. Men det skjer ikkje. Øygarden, med 4300 innbyggjarar, som blir fleire, klarar seg bra. Kollsnes og Sture har sett fart i økonomien. Sund er litt større, og som Øygarden veksande, men økonomien er mindre frodig. Likevel – mange sundsokningar kvir seg for å bli ein del av store Fjell. No har dei også fått veta at ei samanslåing ikkje gir meir pengar i kommunekassen.

Fjell har – med unnatak for Fjell Høgres ferske kommunevalprogram – halde ein låg profil i denne saka. Fjell har vore vekstkommunen per exellence i Noreg etter 1971. Folketalet er meir enn tredobla. Men i Fjell vonar dei sundsokningar og øygardingar etter kvart oppdagar det alle ser, når dei studerer kartet: Mykje ligg til rette for ein stor og vekstkraftig kommune der det no er tre. Men dette er – for tida – ei død sak.

FRÅ SENTRALT HALD har det frå tid til anna vore eit betydeleg press for å få mindre kommunar til å søkja saman til ein større. Arbeidarpartiet har gjerne vore pådrivaren. Normalt skulle dei i ei slik sak venta støtte frå Høgre, men det har dei ikkje fått. Lenge blokkerte ein programpost i Høgres prinsipprogram for større endringar i kommunestrukturen. Høgre hadde nemleg vedteke at ingen kommunar skulle slåast saman dersom dei ikkje sjølv ville. Men det vil dei jo ikkje. Dette sementerte for lang tid den norske kommunestrukturen.

Seinare har Høgre mjuka opp den rigide kommuneparagrafen. Men på årets landsmøte var kommunesamanslåing nærast ei ikkje-sak. I staden er det vesle Venstre som siste åra har vore tydelegast på viljen til større kommunale einingar. Venstre ser dette som heilt nødvendig dersom kommunane skal vera i stand til å påta seg større oppgåver. Også Framstegspartiet tok på landsmøtet sist helg til orde for ein større gjennomgang av kommunestrukturen, med tanke på vesentleg større einingar.

PÅ DEN ANDRE sida har vi Senterpartiet, som er småkommunens varmaste forsvarar. SV kan også puttast i denne rubrikken. Dei to partia har ikkje nett programfesta at kommunestrukturen skal frysast. Men i praksis er det slik det har blitt, med eit kommunekart som i hovudsak vart teikna i 1964.

Då var kommunikasjonane noko annleis enn i dag. Til dømes var ikkje Sotra landfast. Ikkje Øygarden eller Askøy heller. Seinare har også Osterøy fått bru, om enn på ein avsides stad, og Nordhordland er knytt til Bergen med bru. Austevoll er samanbunde, og Sunnhordland langt på veg. Men denne samferdslerevolusjonen har ikkje resultert i nye og større kommunar. Ikkje ein gong Hardangerbrua, mellom Ulvik og Ullensvang, vil nødvendigvis endra kommunestrukturen i indre Hardanger.

Ein viktig grunn er manglande lokalt engasjement for å slå seg saman. Det har aldri vore noko folkekrav. Folk er i hovudsak glad i den kommunen dei bur i, og synest – rett nok i varierande grad – at dei får dei tenestene dei har krav på. Skulle dei likevel vera misnøgde med den kommunale servicen, har dei inga tru på at det vil bli betre om dei blir del av ein større kommune. 

DER HAR DEI TRULEG eit poeng. Fjell, Sund og Øygarden (og Askøy) engasjerte nyleg konsulentfirmaet Agenda Kaupang til å finna ut om ei samanslåing ville lønna seg. Svaret var negativt. Dei ville tapa nesten seks millionar kroner kvart av dei første ti åra og deretter i underkant av 40 millionar årleg. Dette handlar i stor grad om det såkalla basistillegget som du får om du er eigen kommune. Det vil etter ei samanslåing falla bort. Prosentuelt er dette småpengar, men det blir altså tap og ingen gevinst.

Difor ser Fjell, Sund og Øygarden i staden på nye samarbeidsløysingar, blant anna på skulesida, for å spara pengar. Samarbeid om barnevern er alt etablert. Det er meir å henta på slikt samarbeid enn på samanslåing.

Sentrale forsøk på å tvinga små kommunar til større einingar – gjennom tvang – er langt på veg «dårers tale». Det som kan setja fart i prosessen er aktiv bruk av gulrot, i form av rammevilkår som gir éin stor kommune betre økonomi enn tre mindre.

I dag er det – slik rapporten frå Agenda Kaupang påviser – motsett. Ein samanslått kommune får mindre statlege overføringar enn tre som opptrer som sjølvstendige einingar. Så lenge dette regimet er rådande, blir den norske kommunestrukturen verande som han er.

Kva tenkjer du om kommentaren til Olav Kobbeltveit?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Fakta om kommunen

  • Kommunen har sitt opphav i formannskapslovene frå 1837
  • Det er det minste administrative og folkevalde nivået i Noreg
  • I 1957 hadde vi 744 kommunar
  • I dag har vi 430 kommunar
  • Minst er Utsira med 216 innbyggjarar
  • Størst er Oslo med 599.230 innbyggjarar         

Kjelde: Wikipedia