Fredsparti i ny krig

SV førebur landsmøte og valkamp - så kvifor måtte det dukka opp ein ny krig akkurat no?

DET BLIR MYKJE snakk om krig på SVs landsmøte på Lillestrøm i helga. Og sant nok, Sosialistisk Venstreparti - tufta på NATO-motstand og fredsarbeid - er med åra blitt eit noko meir krigersk parti. Snunaden kom på Lillehammer våren 1999. Der laut Dag Seierstad sjølv ta taumane for å skapa det kompromisset landsmøtet - og leiar Kristin Halvorsen - kunne leva med. Striden galdt bombing av Serbia, i regi av NATO, Noreg - og altså SV. Kristin Halvorsen sette i praksis hardt mot hardt, og utan landsmøtets velsigning av Balkan-bombinga, ville ho truleg gått av.

Seinare har regjeringspartiet SV stilt seg bak Noregs og NATOs krigføring i Afghanistan. Det er ein krig utan ende, og med fleksibel og stadig varierande grunngjeving. Når Afghanistan-krigen og det vestlege engasjementet skal oppsummerast, er det slett ikkje sikkert at Noregs innsats kjem ut på plussida.

OVERTYREN TIL helgas SV-landsmøte skulle bli endå eit norsk krigsengasjement. I begeistring over eit oppsiktsvekkjande vedtak i Tryggingsrådet, var den norske regjeringa snøgt ute med å stilla norske jagarfly til rådvelde for styrken som skulle verna sivile liv i Libya. Rett nok er det alt strid om mandatet - vern av sivile liv eller fjerning av Gaddafis regime - og Kristin Halvorsen held fast ved ei innskrenkande tolking. Ho er også imot at NATO tek føringa med flyaksjonen. For henne er det avgjerande at Den arabiske ligaen står bak aksjonen, og ho vil for alt i verda unngå at det blir Vesten mot Gaddafi. Spørsmålet er kor stor innverknad den norske SV-leiaren har på det stormaktspelet som no pågår om Libyas framtid.

Det er noko nytt - og særs paradoksalt - at SV-leiinga gong på gong blir med på norsk krigsengasjement i kompliserte konfliktar, så som på Balkan, i Afghanistan og no i Libya. I 1999 var Stein Ørnhøi fortvila, og Hanna Kvanmo truga med å melda seg ut av partiet. Men partileiinga, og fleirtalet i stortingsgruppa, fekk det som dei ville. Det gjorde dei også då norske soldatar vart sende i veg til Afghanistan. No står partiet bak bruk av norske jagerflygarar i Libya. Kor mykje bråk blir det på landsmøtet?

FIRE FRAMLEGG TIL fråsegner om SV og krig i Libya ligg utdelt på delegatborda. Dei er - varsamt sagt - sprikjande. Den mest positive til norsk engasjement i Libya kjem frå blant andre Haakon Lie-biografen Hans Olav Lahlum, som likevel vil motarbeida ei utvikling mot ein militæraksjon i regi av eit fåtal NATO-land, med motiv som går lenger enn vern av libyske sivile.

Ei fråsegn heiter "Stans bombinga av Libya!", og krev at det straks og utan opphald blir slutt på den norske deltakinga i bombeaksjonane mot Libya. Dei vil i staden ha våpenkvile og forhandlingar med Gaddafi-regimet. Dei nektar å vera med på ei valdsferd inne i Libya, i lag med statar som hittil har vore dei mest konsekvente motstandarane av demokrati og menneskerettar i arabarverda.

OGSÅ SOSIALISTISK Ungdom er på dette sporet, og dei er svært skeptiske til åtaka som så langt er gjennomførde. Dei nemner særleg at det er uklårt kven som leiar operasjonen, kven som skal delta, og kor langsiktige mål operasjon "Odyssey Dawn" har. Eksplisitt åtvarar dei mot ein borgarkrig i Libya, der vestlege styrkar går utanfor FN-mandatet og fjernar Gaddafis regime. Endeleg peikar SU på at verdssamfunnets engasjementet i Libya blir svekka av at det same verdssamfunnet aksepterer undertrykkinga i apartheidstaten Israel og i Saudi Arabia.

Kor komplisert intervensjonen i Libya er - og kan visa seg å bli - kjem klårast fram i eit resolusjonsframlegg frå veteranen Dag Seierstad. Han meiner SV skal støtta både det folkelege opprøret mot Gaddafi og den ferske FN-resolusjonen. Men han meiner SV skal setja stramme vilkår for militær innsats i Libya.

SEIERSTAD TRUR den ikkje-valdelege protesten mot Gaddafi-regimet har eit folkeleg grunnlag, men det er - slik han ser det - ikkje opplagt at protestane har same støtte i vest som i aust. Det militære opprøret ser ut til å vera sterkast i det austlege Libya, og det kan delvis koma av etniske motsetningar. Og, legg Seierstad til, det kan ikkje vera ei sak for SV å ta stilling til ein slik borgarkrig, eller å delta for å støtta den eine parten. Han åtvarar mot at opprørarane i aust kan koma til å fara like nådelaust fram som Gaddafi-hæren, i andre deler av landet.

Han ser også opprøret i aust i samanheng med at dei fleste oljekjeldene, og utskipingshamnene, finst i denne delen av landet. Det kan difor sjå ut som om det austlege Libya vil koma best ut av ei deling av landet. Han problematiserer også SVs primærstandpunkt, om at militæraksjonen skal vera svært avgrensa. Nett ei slik avgrensing kan føra til at ein borgarkrig dreg ut i tid - med store sivile tap.

Seierstad er oppteken av at ein krig ikkje skal forårsaka større lidingar enn dei han tok sikte på å gjera ende på. I så måte er han mest utrygg på kva som er det eigentlege målet for den internasjonale krigsinnsatsen, og korleis dette målet kan endra seg med kamphandlingane. Seierstad synest både Nicolas Sarkozy og David Cameron sender ut signal som peikar mot å fjerna Gaddafi. Det er det, slik Seierstad ser det, ikkje heimel for i FN-vedtaket.

KRIGSDISKUSJONEN på SV-landsmøtet grip direkte inn i grunndokumentet for partiets nye prinsipprogram. Der står det på side 29 at "SV tar avstand fra all bruk av militærmakt som ikke er hjemlet i FN-pakten. 2000-tallets invasjoner i Irak og Afghanistan har vist de katastrofale konsekvensene slik bruk av militærmakt kan få. SV støtter okkuperte land og deres kamp for frihet". Eitt medlem av landsstyret har teke dissens på dette sentrale punktet, og vil i staden ha inn denne formuleringa: "SV tar avstand fra all bruk av militærmakt".

Kva tenkjer du om SV og krigane?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.