Fattigdom på høgt nivå

Fattigdom er ikkje det same i Noreg som i Bangladesh. Men for fattige smårollingar er det ikkje så lett å sjå forskjellen.

«JEG FIKK EN DEL merkeklær så jeg skulle slippe mobbingen...» skriv Line på 19 år i boka Barnefattigdom, som kom ut før helga. Line kan stå som representant for ei gruppe fattige i Noreg som samfunnet streva med å oppdaga før vi kom inn på 1990-talet. Dei hadde til salt i maten, men det var samtidig så mange ting dei ikkje hadde. Så enda det med sosial utstøyting og isolasjon.

Det er Tone Fløtten som er redaktør av Barnefattigdom, ei bok som set skarpt søkelys på ei heller ukjend gruppe her til lands. Norsk fattigdom, og særleg blant dei unge, er eit lite utforska tema i den norske velferdsstaten. Den velferdsstaten vi trudde sikra alle - sterke og svake - ein plass i den sosialdemokratiske sola. Men somme hamnar i skuggen. Det kan med ei viss rett hevdast at 85.000 norske barn lever under fattigdomsgrensa. Det er mange, og talet er rett nok litt avhengig av korleis vi definerer fattigdom. Men det kan vera lurt å erkjenna at her har også Noreg eit problem.

Ein viktig ting for ordens skuld. Når vi samanliknar fattigdom i ulike land, er det viktig å leggja til grunn at den norske velferdsstaten har fri utdanning, gratis helsetenester, gratis tannhelsetenester, gratis sjukehusopphald osv. Det er det slett ikkje alle som har.



MEN FØRST LITT om meir ordinær fattigdom i Noreg, for det har vi ein del kunnskap om. Tidlegare i år gav professor ved Høgskolen i Bergen, Kjell Underlid, ut boka Sosial rettferd, om fattigdom og rikdom i det moderne Noreg.

Vi høyrer mykje snakk om fattigdom i Noreg i dei harde 30-åra. Så kom krigen, som var ille for dei fleste. Men etterkrigstida vart ein samanhengjande opptur, og fattigdom i tradisjonell tyding vart nærast eit framandord i den norske røyndommen. I 1979 sa statsminister Odvar Nordli at dei nordiske velferdsstatane hadde utrydda fattigdommen.

Underlid tek blant anna utgangspunkt i det utrivelege faktum at skilnaden på rik og fattig er blitt større her til lands etter Nordlis tid. Det har skjedd under skiftande regime, men ikkje minst i den sosialdemokratiske perioden frå 1986 til 1997. I 1997 var det - interessant nok - Bondeviks sentrumsregjering som tok fatt i problemet. Fordi fattigdomsproblemet er så komplekst, og så vanskeleg å få gjort noko med, klarte ikkje Bondevik meir enn å få sett saka på dagsorden. Såleis vart den nye fattigdommen viktigaste saka i valkampen 2001. Men som Fløtten og Underlid påviser i bøkene sine: Problemet er like, eller kanskje endå meir, uløyst i 2009.

OM VI LEGG TIL grunn Europaunionens definisjon av fattigdom, er det 450.000 nordmenn som lever under fattigdomsgrensa. Både i EU og i Noreg snakkar vi om relativ fattigdom, og denne nesten halve millionen lever av ei inntekt mindre enn 60 prosent av middelsinntekta i Noreg. Mange, men slett ikkje alle, er sosialt ekskluderte, for det er ein dyster sideeffekt.

Av fleire grunnar, men også fordi vi trudde vi hadde kvitta oss med problemet i 1979, tek forskarane til nesten på berr bakke. Men det er ein viktig grunn til: Fattigdommen vi ser på 2000-talet er av eit heilt anna slag enn den materielle og kanskje litt enklare fattigdommen vi kjenner frå vår nære historie.

Men noko ber vi med oss. Det er den nesten uutryddelege oppfatninga av at fattigdom er fortent. Det er ikkje så tydeleg her som i USA, men jamvel i det sosialdemokratiske Noreg har mange menneske ein tanke om at folk får som fortent i livet.

DET ER VERRE Å VERA FATTIG no enn før, seier professor Underlid. Fattige er eksistensielt utrygge i kvardagen, sidan livet er ein æveleg kamp for å overleva. Ein strevar med å oppretthalda eit nokolunde positivt sjølvbilete. På andre sida av gata ser dei sitt rike motstykke, struttande av sjølvtillit.

Så har vi ei tredje problemstilling: I 30-åra var fleire fattige, og folk støtta og hjelpte kvarandre. Seinare vart løysinga at hjelp til fattige ikkje skulle baserast på privat miskunn, men på offentlege støtteordningar. Det var eit stort framsteg. Men i dag inneber det at privat hjelp og støtte kan verka svært stigmatiserande for den som mottek hjelpa.

Det er noko under 10 prosent av det norske samfunnet som er i den utsette kategorien. Mange av dei er av utanlandsk opphav. Men kven er det som vil slåst for denne vesle gruppa? Er det dei 92 prosenta som har det bra, og som berre kjenner problemet frå presse og kringkasting? Det er eitt av dei mange spørsmåla Fløtten og Underlid drøftar i bøkene sine. Svaret ligg ikkje heilt i dagen.

Kven skal slåst for de fattige?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Relaterte bilder

NORSK FATTIGDOM: I den norske julestria er ikkje dei fattige lette å få auga på, men dei er der ute - 450.000 av dei. Ørjan Deisz (Arkivfoto)