-
FORHANDLINGAR. Jacob Zuma, Sør-Afrikas president, har møtt Gaddafi i Libya. I motsetnad til NATO ønskjer han primært våpenkvile og forhandlingar.FOTO: AFOLABI SOTUNDE
FN-mandat på ville vegar
Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.
AV: olav kobbeltveit
FREDAG SKREIV kommandørkaptein Ola Bøe-Hansen i Dagbladet at FN-mandatet av 17. mars gir grunnlag for å fjerna Muammar al-Gaddafi med dødeleg makt. Altså ta livet av han. Til dette svarar statsvitaren Asle Toje – godt ute på den norske høgresida – at «kommandørkapteinens vurdering er i strid med vår utenrikspolitiske tradisjon og internasjonal lov og sedvane.
Når slikt tankegods preger norske fagmilitære, bekrefter det at Norge er på ville veier. Det ser ut til at jakten på Gaddafi som NATO driver, med Norge som deltaker, flytter verdier og grenser på en farlig måte».
DEI MASSIVE norske bombetokta over Tripoli vekkjer strid også i den norske andedammen. I regjeringspartiet SV er det tilløp til opprør. For mange SV-arar har den norske krigen i Afghanistan vore ille nok. No står SVs statsrådar fram og forsvarar dei dødbringande bombelastene over Libyas hovudstad.
I regjeringspartiet SV er det tilløp til opprør
Endra karakter
Det mange SV-arar – og andre – trudde skulle bli ein rask humanitær aksjon for å verna sivile libyarar, har endra karakter.
No bombar Natos fly for å fjerna Gaddafi og hans regime. Bombinga er, slik president Barack Obama og statsminister David Cameron ser det, trygt innanfor FN-mandatet. Det er fleire enn Hallgeir Langeland som avviser den tolkinga. Langeland meiner at drap på Gaddafi ligg milevidt utanfor dei fullmaktene FN gav den 17. mars.
LANGELANDS tolking finn støtte både innanfor og utanfor dei tre førande NATO-landa USA, Frankrike og Storbritannia. NATO var snøgt ute med å ta styringa med FN-oppdraget, og i NATO er det gjerne USA pluss Storbritannia – og no også Frankrike – som sit i kommandosentralen.
I dette tilfellet tok Frankrike ei uvanleg pådrivarrolle. Når dei sender ut blant anna norske fly for å angripa Gaddafis residens i den libyske hovudstaden, er det med den amerikanske tolkinga av FN-mandatet som romsleg utgangspunkt. Endå om Natos jakt på Gaddafi er omstridd også i USA og Storbritannia.
Medan Cameron meiner FN-resolusjonen ikkje hindrar våpenhjelp til opprørarane, har hans eigen utanriksminister, William Hague, vore svært tilbakehalden på det punktet.
DET HAR HAN gode grunnar for. Blant anna det faktum at Hague – og vi andre – veit så lite om kven opprørarane er og kva dei vil.
Den danske journalisten og forfattaren Michael Seidelin skreiv i Stavanger Aftenblad at fleire av opprørsleiarane har ei skummel fortid. Mange av dei skal ha vore aktive hjelpesmenn for Gaddafi då han fôr som hardast fram mot eigne borgarar. Difor vil somme høyra ein smule visdom i NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussens utsegn frå slutten av mars: «Vi er ikkje i Libya for å væpna folk, men for å verna dei».
Oppsummert gir dette eit tydeleg bilete av eit særs uklårt FN-mandat, som kan tøyast i alle retningar. Både Barack Obama og David Cameron har drege det i ei lei norske SV-arar ikkje liker.
Oppsummert gir dette eit tydeleg bilete av eit særs uklårt FN-mandat, som kan tøyast i alle retningar
Eit lite land
UROA OVER DET norske krigsengasjementet i Libya strekkjer seg utover SVs grunnplan. Også SV-leiar Kristin Halvorsen, som hardnakka har forsvara den norske innsatsen, sa til Aftenposten 7. mai at ho ville ha norske kampfly heim straks tremånadersperioden er over.
Ho meinte Noreg laut sjå til at FN-mandatet ikkje skal skli ut. Bombing av privathus gjorde henne bekymra. Men ho var nøye med å presisera at ho framleis står fast på si støtte til FN-resolusjonen. Når ho vil avslutta det norske bidraget straks dei tre månadene er over, er grunngjevinga pragmatisk og ikkje prinsipiell:
Noreg er eit lite land som då vil ha gjort det som kan ventast av oss.
Det er denne litt unnvikande haldninga hos «fredspartiet» SV som gjer at redaktør Bjørgulv Braanen rykkjer ut på leiarplass i Klassekampen og etterlyser kritiske røyster til det som skjer. Han meiner det er så overtydeleg at FN-resolusjonen er broten på eklatant vis, at det burde få i gang ein debatt om heile det norske engasjementet.
Han meiner det i så måte kviler eit særleg ansvar på statsråd Audun Lysbakken, "som så offensivt argumenterte for krigsdeltakelse på et strengt humanitært grunnlag". Men frå den kanten har det siste tida vore tagalt.
ESSENSEN I FN-resolusjonen var å berga sivile liv – og å få til ei våpenkvile med påfølgjande forhandlingar. Slike forhandlingar har Afrikaunionen teke til orde for lenge, men til inga nytte. I afrikanske land har Natos krigsstrategi skapt stor irritasjon. Men kanskje fordi to månader med bombetokter ikkje har hatt den etterlengta effekten, kom Jacob Zuma – president i Sør-Afrika – måndag til Tripoli for å forhandla.
Afrikanarane har meint at dei burde leggjast til rette for ei våpenkvile – og forhandlingar. Men bodskapen Zuma har med seg frå NATO-landa er krystallklår: Ein vilkårslaus avgang er det einaste akseptable. Då blir det døden eller ein dom i den internasjonale straffedomstolen ICC.
Det er, som Libya-ekspert Knut S. Vikør ved Universitetet i Bergen seier til Klassekampen, ikkje så mykje til gulrot. Vikør trur som kommentator Jonathan Steele i avisa Guardian at NATO har køyrt seg fast i ein stillingskrig. No prøver dei å drepa Gaddafi, i von om at heile regimet då skal falla.
MEN DET ER SLETT ikkje sikkert. Libya kan ha strukturar som er sterke nok til å stå seg også etter at Gaddafi er borte. Kor skal NATO-flya då sleppa bombene sine? Det er i denne fasen det gjerne kjem krav om å gå inn med bakkestyrkar, slik Reuters melder.
TV-stasjonen Al Jazeera viste i helga bilete av det dei hevda var utanlandske soldatar på bakken utanfor den opprørskontrollerte byen Misrata. Men kunnskapen om opprørarane er særs liten. Då oppstår redsla for hengjemyrsyndromet, kjent frå Vietnam og – den ferskare versjonen – Afghanistan.
Det er lett å gå inn – det er verre å koma seg ut att.
Fleire kommentarar fra Olav Kobbeltveit:
Les også
Les også
Les også
Les også
Diskuter saka under:
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
Fakta om FN og Libya
- FN vedtok 17. mars resolusjon nr 1973 om flyforbodssone og vern av sivile i Libya
- Russland og Kina avstod frå å røysta
- NATO tok på seg å forvalta vedtaket
- Noreg sende fly og soldatar til Libya
KOMMENTARER Våre regler