Etniske æresgrupper på norsk jord
Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.
AV: olav kobbeltveit
Lenge var æra viktigare enn lova. Eller sagt på ein annan måte – når staten var svak, var æra sterk. Ære og lov skapte saman dei normene samfunnet trong.
Så vart religionen ein mektig faktor. Men etter kvart som statsmakta – og den norske staten – har teke eit sterkare grep om samfunnet, er både æra og religionen langt på veg marginalisert. No er det lova som gjeld.
Men det blir ikkje så lett akseptert av innvandrarar frå samfunn der staten står så mykje svakare enn i Noreg. Dei er ikkje vane med ein stat som tek vare på dei. Då blir æra viktig. Pakistanske innvandrarar til Noreg har gjerne ei langt sterkare tilknyting til klan, slekt og lokalmiljø enn til statssamfunnet. Dei er vane med å leva i eit samfunn der staten er veik og fjern. Sine beste støttespelarar finn dei heller blant si eiga æresgruppe i lokalsamfunnet. Om vi kallar det klan, slekt, nettverk eller vener, blir mindre viktig.
Les også
Slike æresgrupper hadde Noreg gjennom heile si førmoderne historie, konstaterer professor Arnved Nedkvitne i boka «Ære, lov og religion i Norge gjennom tusen år». Han veit kva han snakkar om, for han er ein kunnskapsrik kjennar av norsk mellomalder. Det var denne professoren som fekk sparken av Universitetet i Oslo. Der i garden må dei ha god råd på professorar.
Nedkvitnes tema er stort og krevjande, og verket er nyskapande. For eit moderne norsk samfunn, som har bytt ut æra med lov, kan det vera nyttig å sjå korleis æresbegrepet stod sentralt også i norsk mellomalder, og kva konsekvensar det kan få når innvandrarar – gjerne frå dårleg organiserte og korrupte statar – tek med seg æreskodeksen frå til dømes Pakistan og inn i ein norsk røyndom.
Problemfritt er det naturlegvis ikkje. Paradoksalt nok ville ein pakistansk rettspsykiater truleg ha større forståing for Behring Breiviks æresbegrep enn ein norsk. Men det høver nok dårleg ideologisk. Det er nok difor han, ifølgje DN tysdag, ber om å bli undersøkt av ein japansk rettspsykiater.
Den såkalla multikulturalismen er blitt omstridd. Respekten for framande kulturar kan bli så stor at den kjem i vegen for integreringa. Vi vil så gjerne at våre nye landsmenn skal bli godt og trygt integrerte i det norske samfunnet. Men det vi likar å omtala som vårt fargerike fellesskap, til dømes på Oslo aust, kan også sjåast som parallelle kulturar utan særleg kontakt med kvarandre.
Dei lever - kanskje godt - side om side, men med nesten vasstette skott seg imellom. Giftarmål på tvers av desse kulturgruppene er nesten ikkje-eksisterande. Mange av ektefellane blir i tillegg henta i landet dei opphavleg kom frå. I perioden 1996–2002 gifta meir enn sju av ti norske med pakistansk bakgrunn seg med ein person busett i utlandet. Det er æreskodeksen som styrer.
I dag er det ei vanleg oppfatning blant forskarar at religionen ikkje er noko stort problem i integreringsprosessen. Det kan derimot æreskodeksen vera, for han stikk djupare – med røter langt inne i den patriarkalske familiestrukturen. Den syrisk-danske politikaren Naser Khader hevdar at «Det er de uskrevne lover for ære og skam, der mer end religionen fastholder de kulturelle forskæller mellem mænd og kvinder, kønsadskillelsen, sløret, mødommens betydning m.m. Fastholdelsen af æren og skammen er mer problematisk for integrationen i Danmark end religionen Islam, der på mange måder trods alt er pragmatisk».
Les også
Les også
Dei såkalla æresdrapa er i hovudsak knytte til æreskodeksen, og det er gjerne slekta som ordnar opp. Men eg kan ikkje sjå at Nedkvitne problematiserer dei mange tilfella av norske menn som drep kvinner dei har hatt eit forhold til. Slike drap kan også ha innslag av ære og skam, endå om vi ikkje likar å snakka om det.
Tyske hanseatar rådde grunnen i Bergen frå 1360 og rundt fire hundre år framover. Nedkvitne går djupt inn i denne materien, og plasserer hanseatane i rolla som Noregs første etniske æresgruppe. Slik ville dei tyske handelsmennene ha det, og ein veik norsk stat var berre i avgrensa grad i stand til å underordna dei norsk lov.
I kjølvatnet av Svartedauden låg landet så å seia ope for tyske handelsmenn med kapital – og med væpna landsmenn i eit omfang som utfordra ein by som Bergen, med eit dårleg fungerande valdsmonopol. Tyskarane demonstrerte meir enn ein gong kven som hadde den militære kontrollen i Bergen. Ifølgje Nedkvitne dominerte hanseatane Bergen militært frå Kontoret vart grunnlagt i 1366 og fram til 1559.
Tyskarane hadde meir respekt for eigen æreskodeks enn for norsk lov. I stor grad ordna dei opp internt dersom ein i det tyske miljøet hadde forsynda seg. Det hende. Slagsmål og drap - og valdtekt av bergenske kvinner - var relativt vanleg. Ofte vart ein tysk overgripar send til Tyskland – trygt utanfor norsk jurisdiksjon. Det var eksklusjon, ei form for hanseatisk æresstraff.
Norsk ære er - saman med religionen - marginalisert til fordel for lova. No er det lova som gjeld. Det kan ikkje ein japansk rettspsykiater gjera noko med.
Synspunkt? Sei di meining!
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
Æresbegrepet
- Arnved Nedkvitne har skrive boka «Ære, lov og religion i Norge gjennom tusen år», om norsk ære gjennom tusen år
- Æra stod sterkt i førmoderne tid, då ætta vakta æra
- Hanseatane var første etniske æresgruppa i Noreg
Relaterte bilder
KREVJANDE INTEGRERING: Æreskodeksen hos einskilde innvandrarar, med røter langt inne i den patriarkalske familiestrukturen deira, kan vera eit større problem for integrering enn religionen.
KOMMENTARER Våre regler