Ein stayer frå Glasgow
Før sommaren - truleg 6. mai - blir det val i Storbritannia. Gordon Brown må som vanleg lita på seg sjølv.
AV: olav kobbeltveit
Les også:
HAN VART AVSKRIVEN som ein tapar før han flytta inn i Nr. 10 Downing Street. Han vart prøvd fjerna som partileiar ved første høvet. Forsøka på å få han til å trekkja seg som statsminister, har vore mange. Alle spådommar - og alle meiningsmålingar - sa lenge at han kom til å tapa komande val for David Cameron. No trur stadig fleire at Gordon Brown blir sitjande som britisk statsminister, om enn med hjelp frå Liberaldemokratane. Siste målinga i Daily Mirror frå i går viser at Labour får 20 fleire plassar i Parlamentet enn dei konservative. Nokon vil kalla det ein stor prestasjon.
Det er mykje godt at mannen er oppegåande. Men det er han. Kanskje fordi han er heil ved? Det kan koma vel med når britisk økonomi no skal strammast til i eit omfang som gjer at dei konservative kvir seg for å vinna.
GORDON BROWN overtok styringa av Storbritannia etter Tony Blair den 29. juni 2007. Då var dei gode åra så definitivt på hell. Ti framgangsrike år med elegantieren Tony Blair. Han som skein som ei sol kvar gong prosjektørane vart slått på. Han som alltid (ut)nytta høvet når det baud seg, og talte seg inn i hjarta på britane då prinsesse Diana vart gravlagd. No vart makta lagd i hendene på ein sky og smålåten skotte, ein presteson frå Glasgow. Kunne det gå bra?
Berre eit stykke på veg. Brown fekk det frå sine eigne. Den opposisjonen som ikkje hadde kome til uttrykk i Blairs tid, arbeidde seg no snøgt opp til overflata. Misnøgde Labour-medlemmer - for ein del i framskotne posisjonar - fall den nye leiaren sin i ryggen. Brown var - trudde dei - lettare å ta.
SLIK VAR SITUASJONEN då Labour samla seg til landsmøte hausten 2008. Pressa flaut over av kritiske røyster som meinte at Browns tid alt var over. Men Browns skrålande opposisjon var utydeleg, i den forstand at dei ikkje kunne mønstra ein motkandidat. Men det murra i salen.
Det tok Gordon Brown med fatning. Han gjekk på talarstolen og heldt sin kanskje beste tale så langt i karrieren. Relativt lågmælt, men dei fleste oppfatta at det var kraft i orda. Mannen hadde eit og anna å visa til. Storbritannia hadde under Brown som finansminister hatt sin lengste samanhengande periode med økonomisk vekst og velstand.
ETTER TALEN VAR det ståande applaus. Gordon Brown hadde sikra seg tillit i landsmøtesalen.
Men opposisjonen i eige parti har forfølgd Brown like til i dag. Ministrar har forlate regjeringa i protest mot det dei kallar Browns dårlege leiarskap. Dei avgåtte ministrane har prøvd å raska saman ein slagkraftig opposisjon ved å alliera seg med misnøgde parlamentsmedlemmer. Framfor alt har argumentet vore at Brown - slik dei såg det - er ute av stand til å vinna eit val for Labour. Han mangla Blairs veljartekke. Dei fleste statsministrar ville gitt etter for presset. Men den stae skotten, stappfull av stamina, er blitt roleg sitjande.
Siste åtaket kom i form av ei bok, skriven av den røynde politiske journalisten Andrew Rawnsley. Han hevdar at Brown tidvis oppfører seg som ein bølle mot eigne medarbeidarar. Ein gong skal han ha slått. - Eg har aldri slått nokon i heile mitt liv, svarar Gordon Brown, og så langt ser det ikkje ut til at Rawnselys bok åleine er i stand til å øydeleggja Labours valkamp.
MEN RAWNSLEY HAR har gode hjelpesmenn, og Brown må ofte tenkja at det er frå sine eigne ein skal ha det. Måndag kveld suspenderte Labour tre tidlegare regjeringsmedlemmer, Stephen Byers, Patricia Hewitt og Geoff Hoon. Alle tre skulle, ifølgje sjefinnpiskar Nick Brown, ha prøvd å utnytta statsrådserfaringa si til å skaffa seg godt betalte konsulentoppdrag.
Saka skal granskast av ein intern partikommisjon, for det er noko uklårt om dei tre har brote regelverket for lobbyverksemd i Parlamentet. Det er - dessverre for Brown - mindre uklårt at dei tre eks-ministrane har skadd partiet sitt, og den tilstundande valkampen.
Men det stoggar ikkje der. Nyleg vart det på nytt stadfesta at også Browns forgjengar, Tony Blair, er relativt lettseljeleg dersom prisen er høg nok. Samstundes som han er fredsforhandlar i Midtausten - rett nok med liten suksess, det skal han ha - har han påteke seg millionoppdrag for eit Sør-Koreansk oljeselskap som vil utvinna olje i Irak.
«AT EIN TIDLEGARE statsminister arbeider for eit utanlandsk oljeselskap, og teier om det, er ikkje berre mistenkjeleg. Det stinkar», seier det konservative parlamentsmedlemmen Douglas Carswell. Brown har så langt ikkje kommentert Blairs oljeengasjement.
Til gjengjeld har han kommentert streiken i British Airways (BA), i sterkt fordømmande ordelag. Likevel prøver den konservative utfordraren, David Cameron, å påføra Brown og Labour ansvar for streiken. Det er stadig band mellom fagrørsla og Labour.
Men stayeren frå Skottland går på vidare med krum hals. Før helga kunngjorde han at han blir sitjande som Labour-leiar endå om partiet misser fleirtalet i Parlamentet.
«Eg skuldar folk å halda fram og fullføra den oppgåva vi er i gang med - å få dette landet ut av den vanskelege økonomiske resesjonen», sa Brown til BBC. Det kan tenkjast at britane meiner Brown er beste mannen for den jobben.
Les også
Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!
Les også
Siste fra Olav Kobbeltveit
- Fødd 20. februar i Glasgow.
- Faren var prest, og Gordon ein framifrå student.
- Finansminister 1997-2007, seinare statsminister.
- Valet blir truleg 6. mai.
KOMMENTARER Våre regler