Clinton - suksess og skandalar
Amerika er så definitivt eit anna land. Det blir påtrengande tydeleg når ein les Taylor Branchs bok om Bill Clintons år i Det kvite huset.
AV: olav kobbeltveit
ABORT MED DELVIS fødsel - partial birth abortion - har lenge vore ei stor stridssak i USA. Foster med vasshovud og forvaksne kranier - utan sjanse til å leva opp - blir forløyste på dette viset, i første rekkje for å berga livet til mora. Tidlegare praksis var keisarsnitt. Men deformitetane er vanlegvis så store at mora då blir påført store skader.
Gong på gong har republikanarane freista å få gjennom ei lov som forbyr abort med delvis fødsel. Bill Clinton klarte å forhindra det. Det same har Obama gjort seinare. Saka var til stor og vedvarande plage for Bill Clinton i hans styringstid. I boka «Presidentens bekjennelser» sukkar han oppgitt over kva han har å stri med:
«ET FORFERDELIG dilemma som bare vedrørte noen få hundre mennesker direkte, overgikk globale spørsmål og destabiliserte en hel befolkning til de grader at det utelukket enhver rasjonell diskusjon».
På heimesida til Ludvig Nessa og Børre Knudsen er dette blitt til at «Obama er for barnemord». Så vi er då med her heime òg.
Kort oppsummert kan det hevdast at fundamentalistiske abortmotstandarar og hysteriske våpentilhengjarar i National Rifle Association var Clintons verste motstandarar på heimebane.
Gjennom Bill Clintons åtte år i Det kvite huset hadde han meir eller mindre regelmessige samtalar med forfattaren Taylor Branch, som han kjende godt frå studietida. Lydbandopptaka skulle vera Clintons eigedom, men Branch gjorde sine private oppsummeringar etter kvart møte. No er det blitt bok, som gir eit visst innblikk i korleis presidentkvardagen kunne arta seg.
LETT VAR DET IKKJE, for Clinton låg i konstant krig med media. Dei hadde fått snusen i det som vart kalla Whitewater-skandalen. Den skulle bli ein klamp om foten på presidenten - og kona Hillary - heile presidentperioden. Det handla om investeringar i eigedom, og alt var ikkje like bra. Men konklusjonen vart i alle fall at ekteparet Clinton gjekk skuldfri og vart aldri tiltala for noko som helst. Men seinare kom Monica Lewinsky...
Difor kan vi forstå hjartesukka frå ein president som heller ville ha mediemerksemd om økonomisk framgang av eit omfang som nesten var ukjent i USAs nyare historie. Budsjettunderskotet vart systematisk fjerna, den økonomiske veksten var oppe i 5,6 prosent i året, inflasjonen var nesten fråverande og arbeidsløysa var nede på 4,8 prosent. Så få arbeidslause amerikanarar hadde det ikkje vore sidan tidleg på 1970-talet. Så det var vel på sett og vis rett då valkampstrategen til Clinton i 1992 satsa på «It's the economy, stupid», medan George Bush senior køyrde på utanrikspolitikk.
CLINTON HADDE MEDIAmot seg, men vann den amerikanske opinionen på god økonomisk framgang. Boka dokumenterer likevel kor viktig utanrikspolitikk er for presidenten i verdas einaste supermakt. Balkan, Nord-Korea og Kina, Iran og Irak, Nord-Irland, Afrika, finansieringa av SN-systemet og - naturlegvis - den gordiske knuten i Midtausten.
Hin dagen avslørte den israelske TV-kanalen Channel 10 at Benjamin Netanyahu - på eit hemmeleg opptak - seier rett ut at han lurde Bill Clinton og sytte for å øydeleggja Oslo-avtalen. Dette var medan Netanyahu var israelsk statsminister 1996-99.
Det stemmer godt med Clintons eigne erfaringar frå vepsebolet i Palestina. Ingen bør undervurdera den innsatsen - og prestisjen - Clinton la i arbeidet for å få til ein avtale mellom Israel og palestinarane. Alt var fåfengt. Presidenten vart desillusjonert. Ein gong sukka han at «På grunn av irlenderne og jødene kommer jeg til å dø før tiden». Striden i Nord-Irland vart løyst gjennom Langfredagsavtalen, og amerikanarane var delaktige i løysinga. I Midtausten er det stadig inga løysing i sikte - med eller utan amerikansk assistanse.
MONICA LEWINSKY kom til å setja tunge fotavtrykk på Bill Clintons presidentkarriere - og ettermæle. At dei hadde hatt hyggjestunder saman er lite omstridd, trass i forsikringa «I did not have sexual relations with that woman». Men det var nok i overkant å gjera riksrettssak av sidespranget. Verre var det at han hadde snakka usant under eid. Eit fleirtal i Senatet sa i 1999 likevel nei til å avsetja den amerikanske presidenten på grunn av Lewinsky-affæren.
Clintons største nederlag i ei nokså suksessrik presidenttid var - ved sida av Midtausten - helsereforma. Den vart avvist av Kongressens republikanske fleirtal. No har president Obama fått gjennom deler av henne.
Synspunkter? Si din mening.
KOMMENTARER Våre regler