• SIGERHERRANE: Hallvard Bakke og Trond Giske etablerte Sosialdemokratar mot EU (SME), og utmanøvrerte moderpartiet i 1994. ARKIVFOTO: SCANPIX

Bauta over Hallvard Bakke

Arbeidarpartifolk er ikkje som anna folk. Dei må seia nei til EU på sin eigen måte – i sin eigen organisasjon.

FEMTEN ÅR ETTER at nordmenn sa nei til norsk medlemskap i Europaunionen – for andre gong – har vi fått ein interessant gjennomgang av korleis frontane stod i 1994. Korleis kunne det ha seg at Arbeidarparti-folk måtte ha sin eigen nei-organisasjon, medan kommunistar, kristenfundamentalistar, senterpartistar, SV-arar og Høgre-folk – og Frp-arar – fann seg til rette i folkerørsla «Nei til EU»? Er dei så spesielle i Arbeidarpartiet? Ja, seier Kjell-Erik Nordenson Kallset, som i boka Makta midt imot fører oss gjennom det sosialdemokratiske opprøret mot Gro Harlem Brundtland-regimet tidleg på 90-talet. Det er spennande lesnad. Og opplysande, i første rekkje på detaljnivå, fordi dei store linene er kjent stoff. Men å få ei samanhengande framstilling av konfliktane inne i Arbeidarpartiet, og korleis opprørarane tilreiv og tilsneik seg legitimitet, er ein liten fest for kvar ein politisk observatør.

Men først av alt er boka ein bauta over Hallvard Bakke og hans næraste kumpanar i Sosialdemokratar mot EU (SME). Kallset har valt å sjå det slik at det djupast sett var nei-folka i Arbeidarpartiet som sikra nei-sigeren. I boka gir han ein god argumentasjon for dette, men det kjem an på augo som ser. Når flaska skal fyllast kan første dropen vera like viktig som den siste. I så måte kan kristenfundamentalistane ha vore like viktige – om ikkje så mange. Men altså Hallvard Bakke, og Trond Giske og Anniken Huitfeldt – og Rita Ottervik. Med fleire. Det var Bakke pluss desse særs oppvakte og ivrige AUF-arane som skulle bli den drivande krafta i Aps nei-opprør.

Men først var det andre som skulle prøva seg. Den ulydige stortingsmannen frå Nord-Trøndelag, Inge Staldvik, kom tidleg på kant med establishmentet i Arbeidarpartiet. Han kom på kant med fleire. Viljen til opprør – og engasjementet mot EU – var opplagt sterkare enn evna til taktisk og strategisk tenking. Difor greidde Staldvik å spela seg sjølv ut over sidelinja, og vart til sist vraka av sine eigne samfylkingar, inkludert nei-folka. Han enda – ikkje overraskande – i Sosialistisk Venstreparti.

KIMEN TIL SME finn vi i AUF tidleg på 90-talet. Bakteppet er den høgredreiinga AUF-leiar Jens Stoltenberg gjennomførte frå 1985 og utover. Den var markant, og den skjedde i Stoltenbergs nokså spesielle allianse med «vestkantvennene» Rune Bjerke, Øystein Mæland, Turid Birkeland, Grete Berget, Ståle Dokken, Geir Axelsen, Sigve Brekke og Espen Barth Eide. «Vestkantvenene» må sjåast meir som politisk enn geografisk omgrep. Den populære AUF-leiaren med basis i eit Ap-dynasti kuppa fridomsdebatten i AUF, og her skulle det bli fridom ja. AUF tok freidig på seg oppgåva med den ideologiske fornyinga av Arbeidarpartiet. Mindre kunne ikkje gjera det. Inne i denne pakken låg eit meir positivt syn på NATO.

Det starta som ein liten revolusjon i AUF. Jo Heinum frå Sogn og Fjordane, Anniken Huitfeldt frå Akershus og Kjell-Erik Kallset frå Møre og Romsdal – forfattaren av boka – hadde fått nok av stoltenbergeri og høgrekurs. Dei ville andre vegen. Og dei ville definitivt ikkje til Brussel. Alliansen med Trond Giske vart etablert, og han er som kjent helt både natt og dag. Sommaren 1991 studerte han EU via studiesirkel, og tvilte seg fram til eit nei-standpunkt som har stått seg fram til i dag. I 1992 vart han leiar av AUF, og saman med andre nei-folk gjorde han AUF til eit kamporgan for nei-kreftene.

RESTEN ER EI forvitneleg soge om korleis Hallvard Bakke og Trond Giske og ei rekkje andre framståande Ap-folk fann saman i SME, og korleis dei manøvrerte for å halda opprøret innanfor sosialdemokratiet. Det var tøffe tak, og sure stunder kvar gong Hallvard Bakke utfordra moderpartiet og Gro Harlem Brundtland og Grete Knudsen frå Stortingets talarstol. Det var tilløp til mobbing og gammaldags Ap-stalinisme. Var ikkje dette fraksjonsverksemd? Det fanst folk som meinte at avvikande syn var strengt forbode. Vi les om det såkalla «rådslaget», som skulle snu Grete Knudsen og «no fish» Olsen frå nei til ja, og som gjorde det. Og ja, arbeidarpartifolk mot EU er så spesielle at dei ikkje kan organisera seg i Nei til EU i lag med SV-arar og senterpartistar. I alle fall var det slik i 1994. Sosialdemokratar måtte vinnast for

Nei-saka via ein sosialdemokratisk argumentasjon, formidla av sosialdemokratar. Det var denne børa Bakke og Giske tok på seg med stort frimod. Den 28. november 1994 vart det nei.

Les også

Siste fra Olav Kobbeltveit

FAKTA

  • Den 28. november 1994 sa Noreg for andre gong nei til norsk medlemskap i EU* «Nei til EU» var den store folkerørsla
  • Nei-dronninga var Anne Enger Lahnstein
  • SME – Sosialdemokratar mot EU – var frontorganisasjonen i AP
  • SME var med og sikra nei-fleirtalet