«Alt forspilt og intet lært»

Det nye Sotrasambandet blir planlagd som om ikkje klimakrisa eksisterer. Til gjengjeld blir Storavatnet vårt nye Danmarks plass.

Det er noko uverkeleg over norsk samferdslepolitikk, særleg når vi kjem til Statens vegvesen og etatens avdelingar her vest. Statsminister Jens Stoltenberg er i London og planlegg regnskogfond for å avbøta klimakrisa saman med sin britiske kollega Gordon Brown. Klimakrisa blir oppfatta som vår tids viktigaste sak, og Stortinget har inngått klimaforlik. Transportsektoren er ei viktig kjelde til klimaskadelege CO2-utslepp, og - notabene - ei kjelde vi kan gjera noko med. Så sant vi vil.

I rådhuset på Straume sit Statens vegvesen og presenterer eit nytt sotrasamband, i suveren forakt for alle tankar om klimakrise. Sambandet skal vera firefelts og blir dimensjonert slik at folk på Sotra og i Øygarden skal kunna køyra til og frå Bergen som dei alltid har gjort. Ja, det er - slik Vegvesenet ser det - heile poenget med eit nytt sotrasamband.

Når denne premissen er oppfylt - heile folket på veg til byen i eigen bil - kjem Vegvesenets folk på at vegdirektør Terje Moe Gustavsen har sagt noko om miljømål i samferdslepolitikken. Det kan Vegvesenets folk bruka for å styrkja brualternativet i kamp med tunnel. Det er sånn sett nesten rørande når auka CO2-utslepp i ein tunnel med bratt stigning blir brakt inn som argument i diskusjonen om nytt sotrasamband.

Vesthordlands sterke veks
I prinsippet er perspektivet hundre år når Statens vegvesen i dag planlegg nye samband på dette nivået. I går var det meir praktiske perspektiv som låg til grunn - perioden fram til 2030. Det er 22 år.

Folketalsutviklinga er det råd å veta litt om. Statistisk sentralbyrå held seg til kvar tid med prognosar som ofte viser seg å slå til. Ein treng ikkje vera spåmann for å begripa at Vesthordland, Sotra, Øygarden pluss Askøy, vil halda fram som eit område prega av sterk vekst dei neste 30 åra. Sotra/Øygarden starta sin sterke vekstperiode etter 1972, då Sotrabrua kom på plass. Askøy har alt pådrege seg vekstsmerter. Det skaut skikkeleg fart etter at folk tok til å sjå slutten på bompengeperioden. I Fjell legg dei til grunn ein folkevekst på tre prosent i åra framover. Askøy har sagt 2,5, men det blir truleg meir.

Då er det lett å rekna seg fram til at det kjem til å bu over 80.000 menneske i Vesthordland i 2030. Sotra/Øygarden får drygt 47.000, som skal ta seg innover på firefelts veg og bru. Askøy får rundt 35.000, som køyrer over Askøybrua. Møtestaden blir krysset ved Storavatnet. Vårt nye Danmarks plass. Er det vanskeleg å spå om at det vil bli kø og kaos her? Eller er det nokon som veit av at Bergen har planar om nye og større vegar frå Storavatnet og innover?

Kollektive løysingar?
Stortingspolitikarane legg i klimaforliket til grunn at biltrafikken må reduserast. Det kan skje på fleire måtar, og høg bensinpris ser ut til å bli ei god hjelp. Men det mest effektive - og mest treffsikre i tettbygd strok - er køprising, der bilistane som vil reisa i rushtida må betala for det.

Tanken er då å flytta privatbilpassasjerane over på kollektive løysingar. Det er ein vakker tanke, men det føreset at det finst kollektive alternativ som fraktar folket til og frå byen - effektivt og med kort reisetid.

Å setja Vegvesenet til å greia ut kollektivløysingar er - som vi har vore inne på før - nesten som å setja Siv Jensen til å løysa klimakrisa. Difor vart det nye sotrasambandet presentert utan ein samlande tanke for korleis folket frå Sotra/Øygarden og Askøy skal kunna reisa kollektivt til Bergen i 2020 eller 2030. Teknokraten Magnus Natås - som framfor alt er opplært til å byggja bilveg og store vegkryss - såg riktig nok for seg at den gamle Sotrabrua kan bli brukt til kollektivtrafikk. Men den tanken rekk ikkje lenger enn over brua. For etter Storavatnet skal bussane til Natås stanga i same køen som privatbilane og nyttetransporten frå Sotra/Øygarden og Askøy. Det kan bli ein lang tur til byen.

Bybane i det blå
Har den høgrestyrte byen Bergen gjort seg tankar om korleis trafikken frå Vesthordland skal ta seg innover når «bydelen» hyser 85.000 menneske? Det er i så fall tankar dei så langt ikkje har delt med andre. Men det blir vel nye firefelts vegar og tunnelar.

For det var tydeleg på Vegvesenets pressekonferanse at bybane mot dei folkerike områda i vest ikkje er lagt inn som ein del av det nye Sotrasambandet. Det var ikkje å venta. Bybane er ikkje Vegvesenets greie, og dei har difor gjort alt dei har kunna for å undergrava den bybanen som no blir bygd. Korleis det eksisterande sambandet - som er i ferd med å bryta saman - skal fungera fram til 2020, var som vanleg ikkje tema.

Så langt - eller så kort - er norsk samferdsleplanlegging komen anno 2008. Eit nytt samband til eit øyområde som snart tel 50.000 menneske - kostnadsrekna til fire milliardar kroner - blir ikkje planlagt med eit overordna perspektiv som ser bybane, buss og bil i samanheng.

I mellomtida får vi vest om brua gle oss over at vi får fire felts veg og bru like frå Kolltveit. Ved Storavatnet møter vi askøyværingane, og så skal vi stampa i same køen der ifrå.

Kva meiner du om den nye Sotrabrua? Sei di meining her.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Olav Kobbeltveit

Hardt press mot Netanyahu

Den israelske sommaren er meir enn ufred med palestinarane. Netanyahu kjenner presset frå hundretusenvis av demonstrerande israelarar.

Etniske æresgrupper på norsk jord

Anders Behring Breivik ønskjer å bli undersøkt av japansk rettspsykiater, fordi dei har andre æresbegrep. Æra har endra seg i Noreg gjennom tusen år.

Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Tysk torpedo under EU

Hans Magnus Enzensbergers pamflett om EU er morosam lesnad. 
Men også dyster. Det var ikkje dette EU trong nett no.

FN-mandat på ville vegar

Vern av sivile libyarar er ein ting. Bombing av sivilistar i Tripolis noko anna. Fleire enn regjeringspartiet SV slit med krigen i Libya.

Fakta

  • Nytt sotrasamband med firefelts veg og bru kan tidlegast vera på plass i 2016, meir sannsynleg i 2020.
  • Prislappen blir rundt fire milliarder kroner.
  • Sambandet skal i hovudsak bompengefinansierast.

Relaterte bilder

NYTT SOTRASAMBAND: Det er eit problem at det nye sambandet til Sotra og snart 50.000 menneske blir planlagd utan ein samlande tanke, som ser kollektive løysingar og privatbil i ein større samanheng.