• "ValgCamp": TV-kanalane satsar på politisk realityfjernsyn. Kommentator Maria Dyrhol Sandvik er positivt overraska. Bak frå v.: Sveinung Rotevatn (V), Per Sandberg (Frp), Eirin Sund (Ap). Framme frå v.: Linda Hofstad Helleland (H), Sandra Borch (Sp), Heikki Holmås (SV) og Dagrunn Eriksen (KrF).

    FOTO: TV2

Politikk og sirkus

Joviale folkevalde og sexy samferdsle. Valkamp-reality er betre enn ein skulle tru.

«Eg trudde Per hadde kokt kaffi? Han sa han skulle gjere det!». Arbeiderpartiets Eirin Sund har vakna opp etter den første natta på hytta der TV2s valsatsing «ValgCamp» går føre seg. Per Sandberg frå Framstegspartiet hadde lova å koke kaffi, men tydelegvis gløymt det, med eller utan vilje. Seinare i same program kjempar Sandberg seg inn att i varmen med sine snikrekunnskapar.

Konseptet er enkelt: Sju politikarar på hyttetur. Gjennom fire episodar må dei samarbeide på tvers av blokkene og debattere ulike tema. Saman med programmet "Prøv mitt liv" er dette TV2s nye politiske reality-TV. 

Avisa Nationen omtalar "ValgCamp" som «TV2s ungdomsfrieri». Dersom det stemmer, er TV 2 skremmande i utakt med ungdommen. Men programmet er kjekt likevel. Folkeleg. Veljarar som elles ikkje er interesserte i politikk får sjå politikarane «som du aldri har sett dei før».

Framstegspartiets Per Sandberg dominerer episode ein, der han kjem køyrande inn i TV-flata med KrFs nestleiar Dagrun Eriksen bakpå. Ho gjer seg også godt i eit slikt reality-konsept, i likskap med Aps Eirin Sund. Venstre har derimot misforstått totalt, og sendt Sveinung Rotevatn. Han er kanskje Noregs største politiske talent, men spesielt folkeleg er han ikkje.

Det er noko sympatisk over eit land med politisk kose-TV. I mange andre land ville vilkåra for ein slik produksjon vore, mildt sagt, langt dårlegare.

NRKs ungdomssatsing, «Leo tar valet», er på si side svært ungdommeleg. Bergensk-bosniske Leo Ajkic tek eit overflatisk djupdykk i viktige valsaker, før han avsluttar programmet med ein «battle» mellom to ungdomspartileiarar. Ajkic er faktisk i stand til å gjere samferdsle sexy. Kven skulle tru det?

NRKs ungdomsprogram i valkampen er gode. Ikkje minst NRK P3 gjer bidreg til å heve satsinga med radiodokumentaren om «unge og ubrukelege», ungdom som droppar ut av skulen og hamnar i Nav-systemet.

Mange medium, NRK inkludert, har fått rettmessig kritikk for kampanjar for å få fleire unge til å stemme. Heller enn å bruke mykje plass på å forklare unge kvifor dei bør stemme, burde pressa heller bruke tid på å forklare politikk på ein lettfatteleg måte, skriv Minerva-journalist Lars Akerhaug. NRK kunne droppa den reine stemmekampanjen og fokusert meir på å lage godt politisk TV for ungdom. Eg trur det er langt meir eigna til å mobilisere. 

Alle moderne politiske valkampar har ein dramaturgi, og pressa forsterkar denne. I førre vekes Morgenbladet skriv journalist Simen Sætre ei god reportasje om statsministerkandidat Erna Solberg, der han fortel om Jens Stoltenberg og Solbergs politiske historie: Jens som politikkens jock, den mest populære guten i klassa, og Erna som den grå musa som kan ende opp med å stele statsministervervet frå gullguten.

Med ein slik valkampdramaturgi var det kanskje berre eit tidsspørsmål før politiske reality-TV var eit faktum. Og så langt kan vi slå fast at valkamp-reality er langt meir sympatisk enn anna reality-fjernsyn. Konsekvensen er sjølvsagt at det kan bli for mykje kos og for lite politikk, og at valet endar opp som ei popularitetskonkurranse der den mest joviale politikaren vinn. Per Sandberg er kjapp i replikken og god til å snikre, men kva tenkjer sjåaren om Frps innvandringspolitikk?

Spørsmålet er viktig, men sanninga er nok at politisk reality ikkje konkurrerer med direktesendte valdebattar, men med anna reality-fjernsyn. Slik sett er det eit morosamt konsept.

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid.

Siste fra kommentar

Hastverksliberalisme

Vi trenger en liberalisme på norsk, men den får vi ikke av Sveinung Rotevatn.

Eit tydeleg nei

Ikkje ein gong i eigen heimby får Erna Solberg (H) stønad i reservasjonssaka. Ho blir nok nøydd til å ta avgjerda sjølv.

Barnehagebingo

Eirin Eikefjord: Det finnes en Nobelpris-belønnet løsning.

«Skal vi berga kloden, må vi reisa mindre»

Skal vi berga kloden, må vi reisa mindre. Til no har knapt nokon vågd å tenkja den tanken. Til no har vi lagt til rette for det motsette.

Satelittene redder Bergensbanen

Den går mellom Norges to største byer. Men det er ikke derfor regjeringen nå er mer villig til å spytte penger i Bergensbanen enn noen har vært på mange tiår. Redningen for Bergensbanen er to småbyer som kan bli så mye mer.

Råkkenråll-faktoren

Fremskrittspartiets velgere er ikke alltid lett å bli klok på.

Maria Dyrhol Sandvik

Kommentator i BT. Masterstudent i Sammenlignende politikk.

Maria Dyrhol Sandvik på twitter: