• BILER: Bustadgata frå brannstasjonen til Sandvikstorget inngår som ein naturleg og sjølvsagt del i den heilheten som Sandviken utgjer. No skal gatebildet fyllast opp av bilar i kø, dagleg.

Vern om verdiane i Sandviken

DEBATT: Vi kan risikere at enkelte gateløp og bygningar blir ståande att som museumsobjekt, mens andre deler av Sandviken skal forslummast.

Valet av bybanetrasé nærmar seg. Tillegga til konsekvensutgreiinga har vore på høyring og administrasjonen skal gi politikarane si tilråding. Etter alt å døme held dei på dagløysinga gjennom sentrum og Sandviken.

Kulturhistoriske verdier

Forholdet mellom Bryggen og Bybanen er via stor merksemd både i media, hos administrasjonen og blant politikarane. Dette er naturleg og riktig. Sjølvsagt er Bryggen unik og viktig. Vi er likevel skuffa over manglande merksemd kring konsekvensane trasévalet har for kulturhistoriske verdiar i Sandviken. Har antikvariske myndigheter, interesseorganisasjonar og folkevalde ikkje kapasitet til å engasjere seg i byens historiske verdiar utover Bryggen? Er ikkje byen i stand til å forvalte sin identitetsbærande bygningsarv i Sandviken og på Bryggen samstundes?

Les også

Kan vi tenke oss en trikk over Petersplassen i Roma?

Bybane over Bryggen setter Bergens historiske sentrum i fare, hevder Trond Indahl .

For å få plass til bana, skal ein flytte trafikken frå Sjøgaten til Sandviksveien. I den smale bustadgata frå brannstasjonen til Sandvikstorget, mellom eldre småhus med inngang direkte frå fortauet, vil ein sluse ein estimert årsdøgntrafikk på 12000 bilar. Det er ei auke på heile 71 prosent.

Unike Sandviken

Fortidsminneforeningen har i sitt antikvariske register markert dette området som særlig verneverdig og ei rekke enkeltbygningar som fredningsverdige og med høg verneverdi. Samlinga og mengda av slike historiske bygningar gjer Sandviken unik, både for oss som bur her og dei som kjem innom.

Er det plass til både trafikken og bygningane, eller risikerer vi riving av kulturarven? Då vi spurte om dette på kommunens informasjonsmøte fekk vi ikkje noko svar, ettersom dette på ingen måte var relevante spørsmål.

Samlinga og mengda av slike historiske bygningar gjer Sandviken unik

Har ikkje politikarene behov for kjennskap til kor vidt trasévalet nødvendiggjer riving av verdifulle kulturminner?

God plass å bu

Sandviken er ein god plass å bu, i gangavstand frå sentrum og tett på fjell og sjø. Ein variert og vakker bygningsarv av gode bustader med detaljar som held regnet ute - år etter år. Småhus med mellomrom i menneskeleg skala, knytt saman av gater, smau og trapper. Bygningsmasse og ferdselsårer spelar saman med ei dramatisk terrengform i ein unik og karakteristisk topografi, som ber med seg noko av Bergen by sin identitet.

Det er den samansette heilheten som gjer bydelen så verdifull. Vi ønskjer ikkje at kun enkelte gateløp og «ekstra verdifulle» bygningar skal bli ståande att som museumsobjekt mens andre deler av Sandviken skal forslummast.

Bilar i kø

Bustadgata frå brannstasjonen til Sandvikstorget inngår som ein naturleg og sjølvsagt del i den heilheten som Sandviken utgjer. No skal gatebildet fyllast opp av bilar i kø, dagleg. Korleis tilhøva blir når Fløyfjellstunnellen tidvis må stenge tør vi ikkje tenke på.

Som forslagstiller peiker på, er dagens trafikk i Sjøgaten ein barriere mot sjøen. Men i denne breie vegen, som ligg lågare enn bustadane, går trafikken langs større og kraftigare bygningar og gjer langt mindre av seg enn i trange bustadgater mellom spinkle småhus. Og kva er nytta av å berre flytte barrieren eitt hakk inn?

Vern gjennom bruk

I Sandviken ser ein vern gjennom bruk. Det burde sitte lenger inne å planlegge ein trafikkpropp som krev tiltak ein ikkje har oversikt over og som uansett avbøting vil endre områdets karakter som bustadmiljø.

Når val av trasé er gjort er det i praksis umuleg å snu. I reguleringsfasen må problema «løysast» med avbøtande tiltak framfor å reelt vurdere andre alternativ. Då er det for seint å vege verdien av dagens kvalitetar opp mot dei ein skisserer å kunne oppnå i framtida.

På oss verker det dessverre som valet allereie er gjort. Ein har gjentatt så mange gonger at Bybanen vert ein byutviklande suksess dersom ho er synleg i bybildet, at mantraet har vorte etablert som sanning.

Likevel prøver vi oss på ei oppfordring til politikarane: Vern om verdiane vi har og legg Bybanen i tunnel!

Les også:

Følg BTmeninger på  Facebook og Twitter!
 

Les også

Slik kan du debattere i BT

Hvor skal jeg sende innlegg?



KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid.

Siste fra Debatt

Ikke-religiøse utestenges

DEBATT: Det som kjennetegner mobbing, er også det som dypest sett kjennetegner det mange ikke-kristne møter i skolen.

NHH-professorens oppgjør med klimafrykten

Debatt: Global oppvarming er trolig av det gode, skriver Rögnvaldur Hannesson.

Her er de ni byvettreglene!

Debatt: Oppsøk en venn i tide. Det er en skam å snu ryggen til.

Det er aldri kvinnens feil

Debatt: Vi må slutte å se på familievold som en kvinnesak.

Skremmende avlytting

DEBATT: I likhet med Arne Treholts advokat Harald Stabell har også jeg blitt utsatt for overvåking. Politiet gjør ingenting.

Ikke plass til byutvikling

Bybanen: Gjennom sentrum og Sandviken er det rask transport som gjelder.

BT Meninger på twitter:


Siste saker