Kundesenter
Kundesenter
Lukk vinduet

Sakprosa til folket?

Kvaliteten på norsk sakprosa er for dårleg, hevdar retorikkprofessor i Bergen. Slikt blir det bråk av.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

Georg Arnestad, FOU-leiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

SIST I JUNI, etter at alle hagefestane var over, og rett før heile det kulturelle og litterære hovudstads-Noreg forlét storbyen og reiste til ferieperlene sine på Sørlandet, vart ein etterlengta rapport presentert på heimesidene til Norsk kulturråd. Tittelen var stussleg og tørr: «Evalueringsrapport: Innkjøpsordningen for sakprosa». Forfattar: medieprofessor ved UiO, Tore Slaatta.

Teksten i den 65 siders rapporten stod i stil med tittelen. Forfattaren uttrykkjer seg vagt og usikkert, utan språkleg spenst, presisjonsnivået er lågt, konklusjonane vanskelege å finne tak i. Var den beskjedne prøveordninga for innkjøp av norsk sakprosa vellykka, burde ordninga førast vidare, leggjast om, utvidast, kanskje avviklast? Sei det. Den uklåre rapporten gir ikkje svar.

UIO-PROFESSOREN formulerer seg slik: «Om man får økt forutsigbarhet, f.eks. ved at kriteriene for innkjøp tydeliggjøres og blir betre forstått, samtidig med at man forsterker de økonomiske og kulturelle incitamentene, vil ordningen få større effekt på forlagenes og forfatternes redaksjonelle strategier og valg». Ja vel. Eitt er i alle fall sikkert: Rapporten til professor Slaatta er ikkje innkjøpsverdig sakprosa. Kanskje burde Kulturrådet «nulle» UiO-professorar.

«Lunka språkgraut» kunne professor Aslaug Nyrnes ved Høgskulen i Bergen ha kalla teksten til Slaatta. Ho veit nemleg kva det er. For i snart fire år har ho vore den mest markerte medlemmen i det bergenstunge utvalet som avgjer kva for sakprosabøker, om lag 50 i året, som skal kjøpast inn i 1000 eksemplar av Norsk kulturråd og fordelast til folkebiblioteka.

«SAKPROSA TIL FOLKET». Slik ser dei på denne ordninga i Noregs rikaste skribentorganisasjon: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). Å få til ei utvida innkjøpsordning for sakprosa frå 50 til 150 bøker per år har vore kampsaka i 2008. I dei vakre lokala i Uranienborgveien har NFF med alliansepartar fleire gonger invitert til ordskifte om saka. I dette arbeidet har dei fått god hjelp av professor i sakprosa ved UiO, Johan Tønnesson, og av hans fagpolitiske pamflett, kampskriftet «Hva er sakprosa?» Så var det då også NFF som dei tre første åra (2005-2007) finansierte professoratet til Tønnesson.

NFF, UIO OG FORLAGA, den norske sakprosaens jerntriangel, har tilsynelatande etablert ein felles front: Den statlege støtta til norsk sakprosa må mangedoblast. Evaluator Tore Slaatta sluttar seg til kravet, når han skriv om å «forsterke de økonomiske incitamenter». Dei som først og fremst skal lide for dette, er norske folkebibliotek, som gjennom ei tredobling av innkjøpsordninga skal fôrast med 100.000 nye bøker per år. Om vi har lesarar nok til alle desse orda, er visst likegyldig. For i norsk kulturpolitikk er konsumentar eit fyord.

VERRE ER DET at trianglet i hovudstaden ikkje synest å bry seg mykje om kvalitet. Men, heldigvis, det finst professorar som er meir opptekne av fagleg kvalitet enn av gjennomsiktig kulturpolitisk retorikk. Retorikkprofessor Aslaug Nyrnes i Bergen har gang på gang utfordra den faglitterære definisjonsmakta i hovudstaden. Ho seier klart frå om at det er så ymist med kvaliteten på den mangesidige norske sakprosaen. Ifølgje Nyrnes skal den gode teksten ha energi både i innhald og form, vere fagleg sterk, generøs, modig og energisk. «Skaff deg eit innhald,» seier vurderingsutvalet om mange tekstar. «Skaff deg ei form,» seier dei om andre. Og utvalet spør seg alltid kva ein allmenn lesar kan gape over og bli interessert i.

Men i dei 800-900 bøkene som utvalet har lese, er det mykje kjærleik og krig, mange uferdige tekstar, bøker som er dårleg redigerte, lite gjennomarbeidde, språkleg uklåre. Vi har ikkje årleg 150 sakprosabøker av god kvalitet. 75 kanskje, men ikkje 150.

NYRNES FÅR KJEFT, sjølvsagt. Prosaredaktør Karianne Bjellås Gilje er sint. UiO-professor Tønnesson og NFF-leiar Trond Andreassen vert irriterte. Men Kulturrådets vurderingsutval er samstemt: Eli Randmo, Sindre Hovdenakk og Stig Sæterbakken deler synet til Aslaug Nyrnes. Kvaliteten på norsk sakprosa er dårlegare enn det trianglet i Oslo hevdar. Det finst dessutan betre måtar å utvikle norsk sakprosa på enn endå fleire innkjøpsordningar, som skal sende sine bøker til bibliotek med stadig minkande utlån.

NORSK KULTURRÅD gjorde eit godt val då dei i 2005 gjekk utanom Oslo, og henta uavhengige Aslaug Nyrnes frå Høgskulen i Bergen til å leie vurderingsutvalet for sakprosa. Norsk Bibliotekforening gjorde rett i å velje ut ein kompetent bibliotekar ved Bergen Offentlege Bibliotek (Eli Randmo) som sin representant i utvalet. Randmo har leia utvalet i 2007 og 2008. Og utvalet har samstemt stått i mot det fagpolitiske presset frå hovudstadens sakprosatriangel.

SAKPROSA TIL FOLKET? Ja visst. Men folket lèt seg ikkje by kva som helst. Vi som har ei folkeleg forankring, veit dette godt. I hovudstadens kulturkrinsar, derimot, ser det ikkje ut til å vere slike att.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder

Siste Kommentarer

Ei folkeleg forankring.

Med ei folkeleg forankring ynskjer FOU-leiaren seg...Les mer
Kundesenter

Ei folkeleg forankring.

krozz 31. aug, 15:26
Med ei folkeleg forankring ynskjer FOU-leiaren seg forsking med klåre og bastante utsegn. Dette er i tråd med kva lekmenn stort sett ynskjer seg av forskinga, om ein skal tru psykologisk forsking på slike ting. I realiteten er det likevel veldig lite forsking som fører til nettopp slike klåre bastante utsegn. Og det vil vi heller ikkje at den skal gjere, minst av alt i samfunnsvitskapane. Forsking er på denne måten ikkje folkeleg, eller demokratisk, som nokon vil seie; forskinga bøyer seg ikkje etter dei «folkelege» luner, og kan ikkje konkludere der det ikkje finst noko å konkludere med på tross av folkelege krav.

Dersom vi då altså har ein FOU-leiar som meiner at han ikkje lenger kan identifisere seg med dette, det forskingsrelaterte, fordi han har ei «folkeleg forankring,» tyder det vel heller at FOU-leiaren ikkje har det som skal til for å vera FOU-leiar enn det tyder at forskinga må bli meir folkeleg.

At det vidare har blitt ein slags sannheit at alt som skjer i Oslo automatisk må vera ille, pga. ein udefinerbar «kulturelite» er vel heller tvilsamt, og peikar klårt og tydeleg på at FrP, i motsetnad til kva dei sjølve påstår, bestemmer kva det norske folk skal meine og føle.

Din kommentar



Uregistrert Uregistrerte innlegg modereres

På grunn av tekniske problemer er påloggingsmuligheten tatt bort inntil videre.

Vi beklager dette.

Abonner på vårt nyhetsbrev

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

Bilder

  • UTFORDRAR: Aslaug Nyrnes, professor i retorikk, HiB.
  • RASANDE: Karianne Bjellås Gilje, redaktør i sakprosatidsskriftet Prosa.
  • IRRITERT: Johan Tønnesson, professor i sakprosa, UiO.
  • IRRITERT: Trond Andreassen, leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

3 mest leste artikler »

Siste lokalt

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann

Spesial

  • E' du tidig?

    Det er en latterlig nyhet, men sant. Nå får du stand-up på bt.no.

Spesial

Spesial

Kommentar

  • Snerr, glefs, aargh, idiot!

    Tonen i nettdebattene fornyer myten om den norske folkesjelen. Vi er sære, sure, arrogante og store i kjeften.

Leder

  • Hjelpen til Island

    Vi håper islendingene sier ja til Icesave-avtalen. Men hjelpen fra Norden kommer i alle fall.

Leder

  • Ei tid for alt

    KrF slepp ikkje unna debatten om partiets sjel dersom dei framleis vil vere eit politisk parti.

Kommentar

  • Oljejobbene som forsvinner

    Rundt 30.000 norske oljejobber vil forsvinne til utlandet de kommende årene, sier innkjøpsekspert Hans Kristian Skjold.

NRK1

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Aktuelt
  • 10:50 Puls
  • 11:20 Førkveld
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Herskapelige gjensyn
  • 12:40 Viten om (5)
  • 13:10 Urix
  • 13:30 Filmavisen 1959
  • 13:40 Med hjartet på rette staden (19)
  • 14:30 Norsk for nybegynnere (3)
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Dynastiet (18)
  • 16:00 Derrick (8)
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Herskapelige gjensyn
  • 17:40 Oddasat - nyheter på samisk
  • 17:55 Nyheter på tegnspråk
  • 18:00 Førkveld
  • 18:40 Distriktsnyheter
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:45 Ut i naturen
  • 20:15 Bygdeliv (6)
  • 20:45 Extra-trekning
  • 20:55 Distriktsnyheter
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Det nye landet (5)
  • 22:25 Bokprogrammet
  • 23:00 Kveldsnytt
  • 23:15 Tootsie
  • 01:05 Klasse 10 B (6)
  • 01:45 Svisj gull

NRK2

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Distriktsnyheter
  • 11:00 NRK nyheter
  • 11:05 Distriktsnyheter
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Distriktsnyheter
  • 13:00 NRK nyheter
  • 13:05 Distriktsnyheter
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:00 NRK nyheter
  • 14:05 Lunsjtrav forts
  • 14:30 Doktor Åsa (6)
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Aktuelt
  • 16:00 NRK nyheter
  • 16:30 NRK nyheter
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Urix
  • 17:30 Kystlandskap i fugleperspektiv
  • 17:35 Jon Stewart
  • 18:00 NRK nyheter
  • 18:03 Dagsnytt 18
  • 19:00 Testen: Det usikre Internett
  • 19:35 Jon Stewart
  • 20:00 Aktuelt
  • 20:45 Året med den danske kongefamilien
  • 21:45 Glimt av Norge: Sherpafolket i Sogn
  • 21:55 Keno
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Urix
  • 22:30 En verden av våpen
  • 23:30 Da pengane erobra verda (6)
  • 00:20 Ut i naturen
  • 00:50 Oddasat - nyheter på samisk
  • 01:05 Distriktsnyheter
Lukk vinduet