Tru kva du vil
innblikk
Fotografen Adnan Hajj blei sparka frå Reuters fordi han hadde triksa med bilde frå Beirut. Han var avslørt av bloggarar, vår tids vakthundar - eller var det propagandistar det heitte?
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Det var den amerikanske bloggaren Charles Johnson som først oppdaga manipuleringa. Dei mørke røykskyene over Beirut var merkeleg teikneserieaktige, tykte han. Det var ikkje vanskeleg å gi han rett. Bilda såg utan tvil manipulerte ut, men ikkje så mykje at nokon bildedesk hadde lagt merke til det. Det går fort når bilderedigerarane sit på kveldsdesken og skal finne det mest passande, gjerne dramatiske, bildet av det som har skjedd i verda siste døgnet. Det veit også alle fotografane som konkurrerer om merksemda.
BLOGG-KRITIKKEN var etter kvart så massiv at Reuters måtte reagere. Sjølv skulda Hajj på dårleg arbeidslys då han behandla bildet. Men då det blei stilt spørsmål også ved andre av fotografia hans, hadde ikkje Reuters anna val enn å kaste ut fotografen og alle dei 900 digitale bilda hans frå arkivet. Bildebyrået lever trass alt av fotografiet sitt truverde.
«Eit eingongstilfelle» forsikra ein representant for byrået, og var sterk og klar i forsvaret for dei andre fotografane, som dagleg leverer bilde frå krigen til aviser verda over.
NOKSÅ SAMSTUNDES var ein annan debatt i gong på amerikanske og britiske bloggar. Kva var det som eigentleg skjedde under «Massakren i Qana», lurte dei på. Siste søndag i juli gjekk israelske fly til åtak i byen Qana. Vaksne og barn hadde lagt seg for natta, for å vakne til eit inferno. Minst 28 sivile omkom i dei samanraste bygningane.
Dagen etter var avisene og tv verda over fulle av hjarteskjerande bilde av døde barn i armane på ein redningsmann med grøn hjelm. Men kva var det eigentleg med denne mannen, og kvifor var han fotografert på heilt ulike stader med same barnet i armane? Såg det ikkje også ut som om han poserte?
Ein britisk blogg byrja å samle inn dokumentasjon for å prove at verda hadde latt seg lure av eit nøye planlagt propagandastunt frå Hizbollah. Påstanden er at hovudpersonen, «den grøne hjelmen» som han blir kalla, er ein slags PR-agent for Hizbollah, som utnytta dei døde barna i krigens teneste. Det tyske magasinet Bild følgde opp med å presentere eit bilde av same mannen frå ein aksjon i 1996, også der hadde han eit dødt barn i armane.
Minutt for minutt av redningsaksjonen i Qana blei etter kvart gjennomgått i ein rapport, som no ligg tilgjengeleg på bloggen eureferendum.blogspot.com under tittelen «The Corruption of the Media».
(Ein video kor «den grøne hjelmen» etter alt å døme regisserar propagandaopptak med døde barn, kan du sjåa på nettstaden www.youtube.com - søk etter «green helmet».)
HØYRT DET FØR, vil du kanskje seie. Sanninga er krigens første offer og alt det der. Var det ikkje slik før i tida også? Manipulering av bilde og iscenesetjing av motiv er like gammalt som fotohistoria. Krig og propaganda er søsken. Folk er blitt retusjerte bort eller klipte inn gjennom alle tider. At det skjer no, med litt betre tekniske midlar og litt større raffinement, er ikkje det akkurat det same leksa?
Ja og nei.
Det har aldri gått så raskt å avsløre løgner og bedrag i pressa som no. Og vi har aldri hatt så mange sanningar å ta stilling til. Og om ein skal snakke om ei sanning som døyr under krigen, kven si sanning er det då som døyr? Vinnaren si sanning? Soldatane si? Barna i Qana si sanning? Dette spørsmålet må journalistar ta stilling til dagleg. Som NRK-reporter Sigrun Slapgard skriv i boka «Krig og løgn» etter å ha dekt den andre Golfkrigen: «Stadig oftare laga eg saker om informasjonskrigen, om oppsettet og desinformasjonen. Om dei ulike variantane av sanning som vart presenterte frå podiet, om sirkuset rundt generalane».
DET ER DETTE sirkusetsom no har fått enno fleire deltakarar i den såkalla bloggosfæren på internett. Døgnet rundt sit menneske ved skjermane, parate til å avsløre feilinformasjon. Der det tidlegare kunne ta månader og år å avsløre ei løgn, gjerne så lang tid at noko hadde rekt å feste seg som sanning - skjer alt no samstundes. Avsløringane kjem også på rekkje, utan redaksjonell siling. Slik kan dei sterkaste konspirasjonsteoriane liggje side om side med ei påpeiking av at bomberøyken ser manipulert ut. Tilsynelatande kan argumentasjonen vere like overtydande, og like demokratisk. Resultatet er likevel ei grunnleggjande mistru.
«Det er propaganda, er det ikkje. Det får heile nasjonen på alert'en», som 31 år gamle Mick Perrone sa til britiske Guardian i går. Avisa var ute på gata for å høyre kva britane tenkte om terroråtaka som blei forhindra førre veke. Berre amerikanaren som avisa møtte, trudde på opplysningane frå politiet. Resten var skeptiske og mistenkte regjeringa for å ha dikta det heile opp.
EIN KAN TRU kva ein vil. På leit etter den eine sanninga om 11. september, om terroråtak og krigen i Libanon, kan alt kome til å bli avslørt som propaganda. Alt som skjer er ein potensiell mediejippo. Kjem ein derimot dit, er det ikkje lang avstand frå dei bloggarane som avslører i «sanninga si teneste» og historieforfalskarane eller holocaust-nektarane for den del. Det er rein kynisme.
Den påpeikinga skuldar vi dei borna som faktisk døydde den søndagen i Qana.
KOMMENTARER Våre regler