Lagar smilehotell

Ein stad der både gjester og vertskap har det gøy. Slik er hotellet Inger Karin Larsen Nerheim vil skapa i Skånevik.

Gründerhjelparen og bedriftsrådgjevaren frå Stord har saman med slekt og lokale krefter kjøpt Skånevik fjordhotell i Etne for seks millionar kroner. Larsen Nerheim (50) er majoritetseigar i hotellet der ho første gong jobba som 16-åring.

I Skånevik er det no håp om at det blir eit varig eigarskap bak hotellet som har hatt fem ulike eigarar dei siste fem åra. Hotellet har vore stengt sidan før jul. Dei nye eigarane overtek 1. april og opnar dagen etter.

I tråd med Larsen Nerheims spesialkompetanse ønskjer dei nye eigarane å skipa eit senter for etablerarar, leiar- og bedriftsutvikling i Skånevik. Elles skal hotellet vera eit turisthotell om sommaren, avvikla kurs og konferansar, og tilby underhaldning, helseprogram og opplevingar utanom det vanlege.

Dei nye eigarane skal driva hotellet som eit lag, nærmast på dugnad i starten. Inger Karin Larsen Nerheim skal driva si kursverksemd som før, og vil ikkje flytta til Skånevik. Mannen Leif Kåre Kaldestad er også med på eigarsida, saman med Larsen Nerheims bror Lars Inge Larsen, nevøen hans Kjetil Nedreskår og Skånevik-ekteparet Gro Aasheim Bøthun og Øyvind Bøthun.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Meninger

Smaken av torskevin

Vinterens skreivin har klingende rødbærsfruktighet og den lille fruktsødmen du dåner av.

Smaken av torskevin

Vinterens skreivin har klingende rødbærsfruktighet og den lille fruktsødmen du dåner av.

Stolthet og fordommer

«Vi er intellektuelt late, fulle av fordommer, og vi trekker konklusjoner på sviktende grunnlag hele tiden»

La høyblokken stå

Det mener BT på lederplass.

La Nathan få bli!

Nathan er en 6 år gammel gutt fra Ytre Arna. Han er født, oppvokst og døpt i Norge. Han har gått 4 år i Ytre Arna Barnehage og går nå i 1. klasse på Ytre Arna barne- og ungdomsskole. Nå skal han kastes ut.

- Sunt med «Trekant»

Monica Beeder (18) forsvarer det omstridte TV-programmet.