Skog på Hardangervidda att

Det er lenge sidan det vaks skog på Hardangervidda. Men dersom oppvarminga av klimaet held fram, kan skogen etablere seg på Vidda mot slutten av dette århundret. Det vil verta dramatisk for villreinen.





JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bergens-tidende.no- Heilt frå 1930-talet har vi sett at fjellplantar kryp oppover. På Hardangervidda finst det alt i dag bjørkeskog i Veigdalen og andre dalføre som går opp mot viddeplatået, seier forskar Tor Myking ved Norsk institutt for skogforsking i Fana.



- Dersom temperaturen held fram med å auka slik han har gjort dei siste åra, vil han liggja 2 til 4 grader høgare mot slutten av dette hundreåret. Det vil på lang sikt gje ei tregrense som i ytre strok ligg 200-300 meter høgare enn i dag, mens tregrensa inne i landet vil liggja 500 meter høgare. Vi vil få ein sterk auke i skogarealet, og då vil skogen breia seg på Hardangervidda att, seier Myking.



Leveområdet skrumparDette er dårleg nytt for dei som forskar på villreinstamma.



- Eksperiment har vist at tettleiken til lav, som er viktigaste føda for villreinen, kan minka med 80 prosent dersom temperaturen stig med få grader på Hardangervidda. Grunnen er at den høgare temperaturen kan få ulike grasarter til å trivast, som så vil trengja laven unna, seier cand.scient Ørjan Totland til Bergens Tidende.



Totland har i lengre tid drive økologiske studiar m.a. på Finse.



- Ei slik utvikling kan få dramatiske verknader for villreinen. Villreinen på Hardangervidda er svært høgt spesialisert både når det gjeld leveområde og mat. Dersom det tek vil å veksa skog på Hardangervidda, er det store fare for at villreinen sitt leveområde skrumpar inn, seier førstekonsulent Johan Danielsen ved Direktoratet for Naturforvalting til BT.



BlindgateDanielsen er av den meining at villreinen på Hardangervidda er inne i ei såkalla evolusjonær blindgate. Det vil seia at han er så høgt spesialisert at han er ekstra sårbar for endringar.



- Vi har lite eksakt kunnskap om dette, medgjev Danielsen, men ut frå føre var-prinsippet er det all grunn til å understreka kor viktig det er å ta omsyn til villreinen i all planlegging som gjeld Hardangervidda.



Villreinen sine slektningar, hjorten, elgen og rådyret, vil derimot å meir plass å boltra seg på når skogarealet utvidar seg.



Lauvskogen er vinnarenOm vi ser bort frå Hardangervidda, vil oppvarminga av klimaet ikkje skapa dramatiske endringar i skogen på Vestlandet.



- Vi trur ikkje nokon treslag vil forsvinna frå skogen, men vi kan få store endringar i utbreiing og samansetjing. Nokre arter vil nyta godt av eit varmare klima, medan andre kan få vanskar, seier Tor Myking.



Det er særleg lauvskogen som vil dra nytte av høgare temperatur. Klimaforskar Sigbjørn Grønås ved Geofysisk Institutt på Universitetet i Bergen seier til BT at både temperatur og nedbør har auka jamnt sidan 1960. I same perioden har det vorte så godt som slutt på all stølsdrift og beiting. Samanlagt har dette skapt framifrå vilkår for ny tilvekst av skogen.



- Lauvskogen har hatt størst fordelar av dette. Og det er grunn til å tru at bjørk, or, osp og varmekjære treslag som eik og bøk vil dominera meir og meir i høve til gran og furuskog, slik vi ser det lenger sør i Europa, seier Tor Myking.



500 km2 på 10 årFylkesskogssjef i Hordaland, Jørgen Frønsdal, stadfester at det er lauvskogen som spreier seg fortast i fylket. Og den naturlege spreiinga ligg langt føre plantinga, som har gått attende sidan nokre toppår på 70-talet.



Frønsdal opplyser at skogarealet i Hordaland auka med 500.000 dekar, eller 500 kvadratkilometer, berre på 90-talet. Det er eit areal som er større enn heile Lindås kommune. Det aller meste av tilveksten gjekk føre seg på naturleg vis.



- På 80-talet var det slik at for kvart dekar som vart planta, vaks det til to dekar med naturleg furuskog og tre dekar ny lauvskog, seier Frønsdal.Store CO2-lager i Hordaland

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Meninger

- Jeg forstår meg ikke på mennesker som ser på vold som underholdning

Sunniva Johanne Langeland (16) skriver på BTbatt.

Våre tapte liv

Noen av oss vokste opp hos biologiske foreldre som behandlet egne barn grusomt. 
Er det ikke på tide at også vi blir sett? Hvem skal gi <i>oss</i> erstatning?

- Er det riktig å forsvare en mann som har innrømmet å ha hatt sex med en 17 år gammel partifelle?

Adrian Nyhammer Olsen (17) anklager pressen for å slurve med etikken.

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

En sak for Riksantikvaren?

Fremtidens musikkturister vil kanskje besøke Loddefjords blokker og Jan Eggums myr, skriver vår musikkskribent.