I fjor leverte kraftverka vesentleg meir straum enn året før. Prishoppet kom i ei nervøs tid etter at eigarane hadde bommar på haustregnet og eksportert mykje kraft. Også i den kalde juletida gjekk det straum ut av landet.

Om vi nå bygde ut så mykje som 20 nye Alta-kraftverk - rundt 12 TWh - i løpet av 10 år, blir det neppe større sjanse for å sleppe unna prishopp når det igjen blir tørt og kaldt. Det er ein lettvint tanke å tru at meir utbygging vil fjerne problemet i tørre og kalde vintrar, men det er ein tanke som har historia mot seg. Vi hadde store kraftoverskot tidleg på 1990-talet, men kundane åt det gradvis opp. Dei som vil ut av tørrårsknipene ved å byggje ut meir, kunne like godt gje seg til å springe for å komme under regnbogen.

Vidare satsing på vasskraft er umogeleg utan å rasere store naturverdiar. Eg trur Norges Naturvernforbund kan love at det går ingen snarveg til nye turbinar. Å byggje gasskraftverk blir å setje Noreg i den internasjonale skammekroken, i lag med Bush, for at vi sluntrar unna vår del av klimadugnaden.

Dei som vil gjere noko godt for folket før neste kraftknipe, bør leite etter ny løysingar i staden for å komme med gamle problem. Vårt forslag er framleis å innføre progressive straumprisar. Dei praktiske vanskane er ikkje større enn at dei let seg løyse. Kraftverka bør òg få restriksjonar på magasintappinga, slik at folk ikkje må fryse fordi bransjen bommar på vêret.

Og vi kan ta i bruk annan energi enn straum til oppvarming. Då vil både naturen og folket vil få det lettare. Nå går om lag ein tredel av det kraftverka leverer til å varme bygningar og vatn. Om vi i staden for 20 nye Alta-utbyggingar skaffar like mykje varme frå bioenergi, varmepumper, spillvarme osv., oppnår vi to gode. Dei som har direkte nytte av denne varmen, slepp billegare frå det når prisen på kraftbørsen stig. Dei andre får glede av mindre press på kraftbørsen og lågare prisar. Dei som tener mest på varmen, hjelper også dei andre.

I Norden er bioenergi større enn vasskraft. Dei unytta reservane i vårt land er rekna til om lag 20 TWh, utan å dyrke spesielle energiskog. Marknaden for varmeenergi burde vere attraktiv for skogeigarar som stadig får mindre betalt for tømmeret. Verdifulle kulturlandskap gror igjen og treng rydding. For varmepumper er energitilgangen i praksis utan grenser. Kvar kilowattime straum som går med, gjev 2-3 kilowattimar gratis varme.

Alle treng ikkje legge om. Men mange kan. Det kan opplagt gå raskare å skaffe meir varme enn å komme gjennom nye, store vasskraftkonfliktar eller å få opp gasskraftverk som ikkje løner seg. Skal staten i tilfelle subsidiere klimaøydelegging?