Vakker teori – stygg praksis

No er det kollektivløftet som gjeld, både i Ap og Høgre. Men Statens vegvesen planlegg stadig for privatbilen.

VI KUNNE NESTEN sjå og kjenna korleis ei ny erkjenning kom sigande inn over landsmøtesalen i Folkets Hus, der Arbeidarpartiet hadde sitt 63. landsmøte for eit par veker sidan. Framståande talsmenn for Bergen, Trondheim og Stavanger hadde nyleg fått framskrive folketalsutviklinga i dei store byområda. Veksten kjem til å bli formidabel.

Oslo var naturlegvis med på laget, for der blir veksten størst. Dette vil setja heilt nye krav til kollektive transportløysingar. Det er bane og buss som er løysinga. Nye og breiare vegar i storbyane er ein blindveg.

Dette forstår også statsminister Jens Stoltenberg, i det minste når han ikkje opptrer som snever sosialøkonom. Men landsmøtet overprøvde sosialøkonomen, og vedtok ei forpliktande formulering som legg eit større ansvar på staten når det skal byggjast meir bybane i Bergen. Og Stavanger. Fordi det berre er slike kollektive løysingar som er berekraftig fram mot 2020 og 2030.

MED UNNATAK for Høgre i Oslo, har partiet Høgre halde ein knapp på privatbilen. Men lat det fara. For ei veke sidan stod Erna Solberg og Øyvind Halleraker fram som kollektivtrafikkens varmaste forsvararar. Erna medgir at ho og partiet hennar har snudd 180 grader, fordi dei innser at gammal politikk og tradisjonell privatbilisme ikkje løyser dei problema storbyane no møter. Heretter blir det bane og buss for alle pengane – nærare bestemt 40 milliardar dei neste 20 åra.

Det som har fjerna sløret frå augo på høgreleiaren er nye tal for folkeauken i storbyane. I Bergens-området – i grove trekk Bergen pluss Sotra/Øygarden, Askøy, Os, Lindås og Meland – vil folketalet stiga med 30-40 prosent dei næraste 20 åra. I eit slikt scenario har privatbilen utspelt si rolle som dagleg transportør til og frå arbeid. Bilen blir kjekk å ha – no som før – men i rushtida blir vegane for små. Køane for lange. Trafikken for stor.

DIFOR ER DET på mange vis eit tidsskilje at dei to største politiske partia i Noreg – Ap og Høgre – begge tek konsekvensen av ei utvikling det har vore åtvara mot. SV og Venstre har sett det lenge. No har det endeleg sige inn på Youngstorget og i Høyres Hus.

Men ikkje i Statens Vegvesen. Dei har i nokre år hatt ansvaret for å planleggja nytt samband frå Sotra/Øygarden og til Bergen. Ny bru over Vatlestraumen.

I Statens Vegvesen tenkjer dei stort. Dei vil ha ei ny bru med fire felt – to mot byen og to mot Sotra – i tillegg til dei to som alt finst på den gamle Sotrabrua frå 1971. Når dei seks felta frå Sotra kjem til krysset og terminalen på Storavatnet, og skal blanda seg med trafikken frå Askøy, er det berre fire felts veg vidare mot Bergen.

DJUPAST SETT er det urimeleg å gje Statens Vegvesen eit overordna ansvar for å tenkja framtidige trafikkløysingar inn til norske storbyar. Statens Vegvesen er – som namnet seier – i hovudsak oppretta for å byggja vegar. Det kan dei, for det har dei gjort i fleire mannsaldrar.

Men just difor er vegvesenets folk dårleg skodd til å tenkja kollektive løysingar. Det er kort sagt ikkje deira greie. Difor står det enno uklårt både for politikarar og folk flest kva plass kollektivtrafikk med buss – eventuell bybane – skal få i det nye Sotrasambandet.

Eg ser at det er lett å skyta på Vegvesenet. Dei gjer det dei kan, og det dei veit det kan skaffast pengar til. Då blir det gjerne bilveg og bru og tunnel. Handfaste saker.

BYBANE er eit meir luftig prosjekt. Då Vegvesenet gjekk i gang med å planleggja det nye Sotrasambandet, låg det ingen lovnader om ekstra statlege kroner til bybane på bordet. Ikkje frå Arbeidarpartiet, og ikkje frå Høgre.

Vegvesenet vart rett nok pålagd å laga eit samband som også ivaretek kollektivtrafikkens behov, og det er ein vakker tanke. Men i hovudet på vegteknokratane blir kollektivløysinga liggjande som eit appendiks, eit vedheng, i denne samanhengen best omsett med blindtarm.

FRAMTIDIGE SAMBAND inn og ut av dei store byane skulle for lenge sidan vore planlagt med basis i kollektive løysingar – bane og buss, og gjerne i ein funksjonell kombinasjon. Det faktum at dagens vegsystem er overoppfylt, er alt gammal kunnskap. No må vi leggja til grunn at framtidig trafikkvekst skal skje innanfor kollektive transportsystem.

Like fullt blir Sotrasambandet – og andre nye samband – planlagd ut frå det gamle perspektivet: Vi byggjer nye bilvegar, og så ser vi korleis vi kan få til eit kollektivsystem attåt.

Snart skal 30.000 askøyværingar og 40.000 frå Sotra/Øygarden inn på bilvegsystemet frå Storavatnet og innover. Det kjem til å gå dårleg. Men den nye erkjenninga – det kollektive krafttaket frå Ap og Høgre – kjem truleg for seint til å skaffa bybane til dei store folkekonsentrasjonane i vest.

Kva meiner du om Olav Kobbeltveit sin kommentar i dag?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Meninger

- Jeg forstår meg ikke på mennesker som ser på vold som underholdning

Sunniva Johanne Langeland (16) skriver på BTbatt.

Våre tapte liv

Noen av oss vokste opp hos biologiske foreldre som behandlet egne barn grusomt. 
Er det ikke på tide at også vi blir sett? Hvem skal gi <i>oss</i> erstatning?

- Er det riktig å forsvare en mann som har innrømmet å ha hatt sex med en 17 år gammel partifelle?

Adrian Nyhammer Olsen (17) anklager pressen for å slurve med etikken.

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

En sak for Riksantikvaren?

Fremtidens musikkturister vil kanskje besøke Loddefjords blokker og Jan Eggums myr, skriver vår musikkskribent.

Kollektiv snuoperasjon

Kollektivløysingar i storbyane fekk eit gjennombrot på landsmøtet i Arbeidarpartiet.

Ei veke seinare snudde Høgre 180 grader og prioriterer no kollektivsystem i dei store byane.

Bakgrunnen er blant anna den store folkeauken som er venta i og rundt storbyane.