Les nedenforstående brev så skjønner kanskje dere også hva det hele handler om.Brevet lyder:«Kjære mor og far, Haldis og Marit!Om nokre timar tel eg ut på ei fårefull reis. Om eg nokor tid kjem att, veit eg ikkje. Difor skriv eg dette brevet.Eg var ein tur oppetter liene i dag. Øvst oppe sette eg meg og såg utover.Nedanfor breidde landet seg ut framfor meg. - Fjorden bukta seg innetter og utetter. Det lynte og glimta i byljene. Litt ned for meg høyrde eg fuglelåt. Der eg var, stod enno trea i knopp, men ned over liene var dei sprotne. Ljost grønt imellom grana sitt myrkare grøne.Alt var so utifrå vent som det berre kann vera ein vårdag.Det har so lett for å bli berre ord når ein talar om landet sitt. Det er so vandt å segja noko nytt, noko treffande noko som slær ned og som verkeleg verkar. Det har so lett å verta klisjear.Eg torer likevel seia eg er glad i landet mitt, og når eg no reiser, er det fordi det treng meg - og mange andre.Eg er glad i dykk alle, men landet fyrst, so dykk.Ein diktar seier ein stad at «_ hvis et folk skal leve, må noen kunne dø»: - Og om eg ikkje kjem attende, er det avdi «Noen må dø».Me kann ikkje venta at Noreg skal sleppa so mykje billigare frå dette enn alle andre land.Når eg no har eit høve til å gi landet mitt noko, noko meir enn ord, vilde eg aldri kome over det, hvis eg sveik og ikkje gjorde mi plikt.Eg har hug til å leva vidare, eg er glad i livet, men ein har og plikter mot livet. - Og når ein høyrer om redslene i Belsen og Buchenwald, då har ein ikkje noko val lenger. Eg vonar de vil forstå meg, om orda er noko fraselike no og då.Ja, farvel då, alle saman, og ei hjarteleg helsing frå son og bror dykkar.Narve»Da Narve reiste til Masfjordfjella og meldte seg til tjeneste i Bjørn West, skrev han dette brevet.Han gav det til en kamerat, og ba han levere det til hans foreldre, hvis han ikke kom hjem. Narve kom ikke hjem. Han ble bare 19 år.Henning også falt i Masfjordfjellene. Hennings bror er en av de tre som tok sitt liv ved å hoppe ut fra Gestapohuset under de umenneskelige avhør han var utsatt for, i frykt for at han ville røpe sine kamerater.Dette er «bare» tre av gode nordmenn det handler om. I stedet for å sitte i rotunden og drikke øl, var det kanskje en tanke at noen hver satte seg ved minnesteinen, og tenkte over at disse modige menn var medvirkende til at vi i dag kan feire vår 58. års frihetsdag etter krigen.

Nils Chr. Eknes,

Ivar Kristoffersen,

Halvard Fosse,

Bjørn West-Foreningen