I logi stend det at legatet skal ha ein hovudstol og at denne hovudstolen ikkje må: «... røyvast, men gjerast renteberande mot fullgod Trygd, so som det til kvar Tid er fastsett fyre offentlege Legatmidlar.»

Stjorni iVestmannalaget skal «... bruka dei aarvisse Rentor av Legatmiddelen paa den Maaten ho finn høveleg til å fremja Maalsaki og Atterreisingi av det norske Maal». Rekneskapen for legatet skal kvart år leggjast fram for Stiftsdirektionen i Bergen, han skal verta gjenomsedd på den måten som er fastsett for offentlege legatrekneskap, les me i logi.

Det er jamvel teke høgd for at Vestmannalaget kann verta nedlagd. I so tilfelle skal den siste stjorni avgjera kven som skal råda med legatet i samhøve med den logi som er sett for legatet. Legatet skal alltid vera eit minne um målmannen Henrik Krohn, heiter det dessutan.

Korleis styrer so den noverande stjorni i Vestmannalaget med Henrik Krohn og hustrus Legat? Det gjeng klårt fram av årsmeldingi til Vestmannalaget for 2002-2003: «Frå Henrik Krohn og Hustrus Legat er det yverført kr 40 000,- til Norsk Bokreidingslag til utgjevingi av boki um Henrik Krohn. Summen er i fyrste umgang gjeven som eit rentefritt lån ...», heiter det i årsmeldingi for Vestmannalaget. Det vil i praksis segja at heile kapitalen i Legatet, rentor og hovudstol, er sett inn i ei utgjeving frå Norsk Bokreidingslag. Det er liten grunn til å tru at pengane vert attendeførde med den noverande stjorni, for stjorni slær fast at «kostnadene» til utgjevingi er: «... so store, og tilskoti frå anna hald so små at stjorni dessutan vurderar å gjeva tilleggsløyvingar frå Fritz Monrad Walles fond.»

Fritz Monrad Walles fond er eit Brønnøysundregistrert fond som ligg under stiftingslovi. Tri av styresmennene i Vestmannalaget, som styrer Fritz Monrad Walles fond, er identiske med styresmennene i Bokreidingslaget og soleis klårt ugilde til å uttala seg i saki. Dette ser likevel ikkje ut til å stogga den noverande stjorni. Formannen og stjorni må formeleg demonstrera ugildskapen sin i årsmeldingi.

Ein skulde tru at den nemnde boki var verd å satsa på når ho absolutt må gjevast ut. Lovordi frå Ludvig Jerdal hev vore store. Det undra meg difor då eg bladde i boki og fann kapittel sju, «Daudbolk i Vestmannalaget».

I det kapitlet skriv forfattaren um ein bolk på 1800-talet, men greider her som elles lite å halda seg til emnet. Han blandar inn eit bilete av Ludvig Jerdal, formann i Vestmannalaget i 40 år. Lesarane kann ikkje tru anna enn at det var ei daudbolk då Jerdal var formann. Det er soleis komisk at Jerdal fer rundt og lovprisar boki som talar um daudbolken hans i Vestmannalaget, medan strilane i laget øyder den kapitalen den bergenske skiparen la upp.

OLAV TORHEIM