Oppslag i Nationen siste veke og innslag på TV 2 måndag kveld vedgåande innkjøp og frakt av levande dyr frå Austlandet til Nord-Noreg, viste at det kan vera «smutthol» i lovverket som må tettast att!

Ei slik flytting av dyr med vidare tanke på slakting løyser ut store skilnader i summar i form av distriktstilskot som landbruksnæringa ikkje kan vera kjent av.

Dette bør stoppast elles vil det undergrava heile tilskotssystemet i norsk jordbruk og deretter ramma verst der tilskota er høgst, nemleg nettopp i Nord-Noreg.

Korleis skal vi koma dette til livs? Det kan nok vera fleire måtar å løysa dette på. Kanskje ein god måte vil vera å gjera tilskota produksjonsnøytrale - gå vekk frå tilskot på produsert mengde og heller leggja det på areal med distriktsprofil! Såleis kan vi få eit rettferdig system som gjev lønn for arbeid der vi har dei naturgjevne skilnadene, nemleg ut på jorda!

Dessutan vil omlegging av tilskota også gjera sitt til at vi får talet på tilskotsordningar til å bli færre og dermed vert heile systemet forenkla.