KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.no



Det var familien til den sakna guten som føreslo dette for politiet i eit møte torsdag kveld. Spesialkameraet blir brukt i oppdrettsnæringa.



- Vi kan ikkje leve med ein situasjon der elva ikkje er skikkeleg undersøkt. Når familien kjem med eit slikt inn-spel, kan vi ikkje la det vere uprøvd, seier lensmann Haavard Stensvand i Sogndal til Bergens Tidende.



Familien til Ole Ivan Rørvik har sjølve teke kontakt med eit firma som skal stille med folk og utstyr. Det skal skjerast hol i den tjukke isen i Sogndalselva, og kameraet skal førast ned i elva. Dersom prosjektet ikkje er for farleg, blir leiting sett i gang i løpet av fredagen.



Den store organiserte leitinga i terrenget er førebels innstilt.



- Dersom det kjem ytterlegare opplysningar i den taktiske etterforskinga, vil leitinga bli sett i gang igjen, seier lensmann Stensvand.



Studenten frå Kvammen i Askvoll har vore sakna frå studiestaden Sogndal sidan laurdag.



I følgje lensmannen vurderer politiet framleis å fjerne den tjukke elveisen ved hjelp av maskiner for å leite i større område.



Politiet jobbar heile tida parallelt med søk og taktisk etterforsking.



- Framleis held vi alle mogelegheiter opne for kva som har skjedd, seier lensmannen.



Eit vitne såg 21-åringen utanfor minibanken til Sparebank1 i Sogndal klokka 2304 laurdag kveld. Siste kontakt studenten hadde med heimstaden var ein telefonsamtale med kjærasten i 18-tida same kvelden.