Sikker kunnskap om global oppvarming

debatt

I eit innlegg i BT 2.4. held Einar Sletten og Olav M. Kvalheim (S&K) fram med å hevda at kunnskapen om global oppvarming er usikker.

I samsvar med FNs klimapanel IPCC hevdar eg at den viktigaste kunnskapen kring dette er sikker. Konsentrasjonar av klimagassar som CO2 aukar år for år som følgje av våre utslepp (36 % auke siste 150 år for CO2). Vi veit at dette fører til ein auka drivhuseffekt med global oppvarming som resultat. Det som er meir usikkert er kor stor oppvarminga vil bli og korleis klimaendringane vil fordela seg regionalt. Enkle overslag, kompliserte utrekningar i klimamodellar og klimaendringar i fortida tilseier at sensitiviteten er cirka tre grader i global gjennomsnittstemperatur for ei dobling av CO2 (frå 280 delar CO2 per ein million delar luft i førindustriell tid til 560; Science, 13.8.04). Det blir vanskeleg å hindre ei slik dobling innan år 2100. Ei stabilisering på dette nivå vil krevje radikale reduksjonar i utsleppa innan nokre få tiår.

Det finst fleire andre pådriv som også kan gje klimaendringar, både menneskeskapte og naturlege. Eit skriv seg frå utslepp av svovelgassar som fører til partiklar i atmosfæren. Partiklane spreier sollyset tilbake til verdsrommet og påverkar strålingsbalansen til skyene. Slik bidreg dette til kaldare klima, dvs. ein motsett effekt av auka drivhuseffekt. Fleire finn at menneskeskapte partiklar i nokon grad har forsinka den globale oppvarminga. Men kunnskapen om dette er langt meir usikker enn kunnskapen om drivhuseffekten. IPCC finn at det pådriv menneskeskapt drivhuseffekt gjev er langt større enn alle andre pådriv.

Rapportane til IPCC om det vitskaplege klimagrunnlaget er vurderingar bygd på all tilgjengeleg forsking. Rapportane blir kvalitetssikra av mange hundre klimaforskarar, og det er ingen tvil om at dei representerer klimakunnskap dei aller fleste forskarar kan godta. S&K refererer kontroversielle synspunkt frå enkelte forskarar og hevdar at spørjeutgreiingar viser at det er mange forskarar som ikkje er på linje med IPCC. Slike granskingar har interesse, men vi kan sikkert einast om at sanninga ikkje kjem fram ved å spørje folk. S&K skriv at cirka 30 prosent av forskarane svarar nei på utsegn som «Endringar i klima er for det meste eit resultat av menneskeleg aktivitet». Til og med eg, som S&K ikkje finn stoverein, kunne ha svara nei på dette spørsmålet når det gjeld klimaendringar før dei siste tre tiåra.

IPCC kjem i 2007 med ein ny rapport der den vitskaplege bakgrunnen igjen skal summerast opp frå ny og tidlegare forsking. Eg vil tru at verdas klimaforskarar då vil kome fram til ennå sikrare kunnskap om den globale oppvarminga og dei følgjer den vil få. Men ein treng ikkje å vente på ny rapport for å vite at det er på høg tid å redusere utsleppa av drivhusgassar radikalt.

Sigbjørn Grønås

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Meninger

- Jeg forstår meg ikke på mennesker som ser på vold som underholdning

Sunniva Johanne Langeland (16) skriver på BTbatt.

Våre tapte liv

Noen av oss vokste opp hos biologiske foreldre som behandlet egne barn grusomt. 
Er det ikke på tide at også vi blir sett? Hvem skal gi <i>oss</i> erstatning?

- Er det riktig å forsvare en mann som har innrømmet å ha hatt sex med en 17 år gammel partifelle?

Adrian Nyhammer Olsen (17) anklager pressen for å slurve med etikken.

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

En sak for Riksantikvaren?

Fremtidens musikkturister vil kanskje besøke Loddefjords blokker og Jan Eggums myr, skriver vår musikkskribent.