Set krav til hjelpa!

debatt

Aksel Sæthre skriv i BT at me bør stilla krav til land som ber om pengar og hjelp frå oss.

Hans eksempel er Pakistan, som bør bruka meir ressursar frå sitt store militærbudsjett for å yta hjelp til sitt eige folk.

Eg synest hans innlegg er på sin plass, og vil gjerne koma med nokre tal som underbyggjer dette. Militærbudsjettet i Pakistan utgjer 23 % av statsinntekta i landet. I prosent er dette nær ti gonger så mykje som i eit godt styrt land, Danmark, som brukar om lag 2.5 % av statsinntekta til det militære.

Sjølvsagt er det, i land med korrupte og undertrykkjande regime, eit moralsk dilemma å setja krav for å yta hjelp til fattigfolk, men vår hjelp betyr lite så lenge slike regime får halda fram med sin skadelege politikk.

Også til andre regjeringar burde det stillast liknande krav om å yta meir rettferd til sine fattige og undertrykte. Dette gjeld statar der Noreg er tungt innblanda, som til eksempel Sudan. Regimet i Khartoum brukar 20 % av statsbudsjettet til sine militære, og deira våpenarsenal har til dels vore brukt mot eigne innbyggjarar, både sør i landet og i Darfur.

Noreg skal no bruka 1.600 millionar kroner i landet. Det er vanvittig mykje pengar i eit fattig land. Eg forstår ikkje korleis så mykje pengar kan brukast på ein fullgod måte i eit land som er svakt organisert og som har eit undertrykkjande regime.

Fleire andre fattige land er i same stode, men i mildare grad: Dei undertrykkjer sine eigne fattige, ikkje minst folk på landsbygda, og dei skattlegg sine småbønder hardt. Men i WTO brukar makthavarane nettopp dei fattige til å fremja sine krav. Makteliten i slike land vil gjerne auka eksporten for å få pengar til attraktive importvarer, men vil nok syta for at produsentane, fattige bønder, berre får ein liten del av verdiane.

Av Trygve Refsdal, Voss

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Meninger

Smaken av torskevin

Vinterens skreivin har klingende rødbærsfruktighet og den lille fruktsødmen du dåner av.

Smaken av torskevin

Vinterens skreivin har klingende rødbærsfruktighet og den lille fruktsødmen du dåner av.

Stolthet og fordommer

«Vi er intellektuelt late, fulle av fordommer, og vi trekker konklusjoner på sviktende grunnlag hele tiden»

La høyblokken stå

Det mener BT på lederplass.

La Nathan få bli!

Nathan er en 6 år gammel gutt fra Ytre Arna. Han er født, oppvokst og døpt i Norge. Han har gått 4 år i Ytre Arna Barnehage og går nå i 1. klasse på Ytre Arna barne- og ungdomsskole. Nå skal han kastes ut.

- Sunt med «Trekant»

Monica Beeder (18) forsvarer det omstridte TV-programmet.