Rovdyrforlik under press
Bønder gret over sundrivne sauer, mens illsinte naturvernarar har meir omtanke for ulven. Og no er bjørnen tilbake på Vestlandet...
AV: olav kobbeltveit
KOMMENTAR
I JUNI I FJOR laut det ein bamse til pers på Veslebreen i Fjærland. Då hadde han teke livet av ei rekkje sognelam. Uskuldige eller ikkje – det gjer ingen forskjell for bamsefar når han er svolten. Men enno har sauer eit visst vern her til lands, så bjørnejegerane fekk offentleg løyve til å skyta rovdyret.
Slik er det ikkje alltid. I Stange i Hedmark har sauebøndene tidvis fått avslag på søknad om fellingsløyve, endå om det er godtgjort at ulven har vore på ferde og gjort stor skade. I staden hevdar styresmaktene at den aktuelle ulven har «særleg genetisk verdi», og dermed skal det gjerast unnatak frå hovudregelen om felling.
Også ulveflokken i Osdalen i Rendalen har ei rekkje saueliv på samvitet. Dette er utanfor den såkalla ulvesona – langt inne i prioriterte beiteområde – men bøndene får avslag. Grunngjevinga er at bestandsmålet ikkje er oppfylt. Det er kort og godt for lite ulv om vi måler mot dei bestandsmåla rovdyrforliket dreg opp.
SAUEBØNDENE fortvilar. Sundrivne lammeskrottar gjer inntrykk også på trauste bønder. Erstatning i form av statlege kroner kan knapt bøta på slike skakande opplevingar.
«Om det var stygt? Ja, deg skal eg love deg. Det er feittet på sauen og juret bjørnen skal ha tak i, og så bit han rundt nasen på dyret», fortel sauebonde Leif Hetle til Dag og Tids Anne Viken, som har vore på rovdyrreportasje i Sogn og Fjordane.
Sauebøndene skal etter fattig evne prøva å leva opp til politiske mål om spreidd busetjing og heimeavla mat til norske forbrukarar. Men lønsemda har vore fallande. Mange har gitt opp drifta. I dag lyt vi importera sauekjøt til Noreg kvar haust – frå Island og New Zealand.
Statlege subsidiekroner er i staden blitt kanalisert til bønder som driv med kylling og gris. Vi anar ei tilpassing til meir internasjonal frihandel med mat. Kylling og gris er godsaker det og, men denne produksjonen er i hovudsak basert på kraftfôr, som er eit anna namn på ei blanding av ulike korn og kornprodukt. Kornet kan nok brukast betre enn til å fora opp kyllingar, og i eit framtidsperspektiv er slik matproduksjon lite berekraftig.
ANNLEIS MED beitedyret sauen, som et gras i form av silofor og turrhøy heile vinteren. Når det lir til jonsok dreg han til fjells, til feite fjellbeite som ingen andre i verda kan gjera seg nytte av. Fjellgraset står formeleg og lengtar etter svoltne saueflokkar, som lever lukkelege i pakt med naturen heilt fram til midten av september og ei – kanskje mindre lukkeleg – slaktetid. Resultatet blir dei flottaste lamma i Europa. Kanskje i heile verda. Dette er eit av Noregs få – men viktige – fortrinn innan landbruksproduksjonen, og norske kokkar av internasjonalt format kan ikkje få fullrost produktet.
MEN SAUEHALDET er på defensiven. Den eine faktoren er økonomien, der satsinga på kylling og gris har gjort sauebonden til taparen. Den andre er kampen mot rovdyra.
Den ber i seg fleire perspektiv. Kampen for å overleva som sauebonde er viktig nok. Men det er også ein kulturkamp, der bønder på bygda meiner seg overkøyrt av eit storsamfunn dominert av urbane besserwissarar, med perifer kjennskap til og kunnskap om livet i Rendalen. Bonden i Østerdalen opplever eit akademisk argumenterande storsamfunn, som tek seg brutalt til rette i utmarka hans.
Han trudde pleie av utmarka var i landets interesse. Så seier storsamfunnet at nei – det kan like gjerne gro att. Ulven har like stor rett til å leva som sauen, ikkje sant? Kva har sauebonden å stilla opp med når miljøvernminister Erik Solheim slår i bordet med den rovdyrvennlege Bern-konvensjonen?
Finst det politikarar i dag som kan seia det stortingsrepresentant Johan Nygaardsvold sa i ein ulvedebatt i 30-åra: «Lat ulven og bjørnen samlast på Bygdøy».
I 70-ÅRA HADDE ein del byfolk i det minste foreldre som visste framme og bak på ein sau. I dag er framandgjeringa total, og det som sit att er romantiske forestillingar om bønder, bygd og beite – like falske som Bjørnsons bondeforteljingar.
Finst det eit håp om at byfolk og bønder kan nærma seg ei nokolunde lik oppfatning av konflikten mellom fredeleg beitande sau og av naturen glupske rovdyr som ulv, bjørn, jerv og gaupe? Kanskje.
Natur og Ungdom har med ope sinn gått inn i eit samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Prosjektet heiter «Grønt Spa-tak», og har ført til at unge naturvernarar tek inn hos sauebønder for å læra. Det hender faktisk at bonden og naturvernaren vandrar fredeleg saman ute i beitemarka.
«VÅRT SAMARBEID med bøndene gjør at vi er mer nyanserte i rovdyrdebatten», seier Håvard Lundberg i Natur og Ungdom til Klassekampen. Heilt einige er dei ikkje, men auka innsikt og større kunnskap dempar språkbruken. Lundberg reiste heim att med ei større forståing for bruken av utmark som ein viktig ressurs i miljøsamanheng.
Inntil vidare er det rovdyrforliket som gjeld. Det blir berre utfordra av Senterpartiet og Framstegspartiet, som for ein gongs skuld står saman. Men bøndene bør innstilla seg på at det tek ei tid før forliket blir omgjort. Det beste dei kan håpa på er at forvaltninga – som har eit visst spelerom – i større grad lyttar til sauebondens versjon av røyndomen.
Les også
Siste fra Meninger
- Rovdyrforliket vart inngått på Stortinget i 2004 – skal ivareta både sauedrift og rovdyr i Noreg
- Skaper mange konfliktar – særleg i strok der rovdyra trekkjer over i freda beiteområde
- Legg til rette for livskraftige rovdyrstammar (bjørn, ulv, jerv og gaupe)
- For ulven er det lagt opp til tre ynglingar om året
- Rovdyra i grenseområda mot Sverige skal forvaltast i samråd med svenske styresmakter
KOMMENTARER Våre regler