Pårørande til inntekts ervervelse

Forsvarsminister Grete Faremo er satt under eit hardt press for å ivareta veteranar, og kjem med mange gode tiltak, som t.d. støtte til internasjonal kvinnekonferanse til hausten.

Les også:

Men lik erstatning for lik skade er eit krav frå skadde veteranfamiliar. Veteranorganisasjonen NVIO v/ president Odd Helge Olsen, applauderer ansvarsfråskrivinga med at det viktigaste er å bli trudd i dette skammens kapittel. Italias statsminister, Berlusconi, skal dømmast av tre kvinnelege dommarar, utan samanlikning for øvrig, bør president Olsen møte mødrene.

Verdens veteranføderasjon (WVF) sin kvinnekonferanse, om kvinners rettar i krig og væpna konflikt, er prestisjefylt for både Noreg, og for Nvio som er utpeika som arrangør. Dei ynskjer å informere om Forsvarets og eige pårørandearbeid.

Nvio står med millionløyvingar til kameratstøtte og pårørandearbeid. Dei skadde veterananes organisasjonar har stått utan. Karakteristikken, Judaspengar, er heilt på sin plass når politikarane må rosast for ansvarsfråskriving og forskjellsbehandling. Pårørandegruppa som i hovudsak består av kvinner, rømde forbundet også, når ytringsfridomen var prisen for økonomisk støtte. Sterke alliansar i forsvarsmiljøet gav ein svært uverdig seanse når våre prioriteringar skulle nedkjempast.

I dag er tidlegare yrkesoffiserar talsmenn for ei knapp handfull pårørande, og NVIOs pårørandekonferanse inkluderte berre forsvarsrelaterte organisasjonar, der den einaste pårørandeorganisasjonen var ignorert. Arbeidet som skulle vere ferdig i 2009, er ikkje offentleggjort.

Men arbeidsgrunnlaget er kjend, basert på eigenvurdering frå arbeidsgruppas tre pårørande og ein yrkesoffiser, og spørjeundersøking blant lokallagas veteranar som gav ein svarprosent på 9%. I rapporten får ein konklusjonar, utan grunngjevingar eller opplysningar om tolkinga, og med sterk fråråding om fellesamlingar for pårørande. Store kostnadar vert trekt fram, og at det er uheldig å bli tilbakeskuande ... om veterananes problemstillingar/ behov i stedet for enheten ... Ein bør i staden ... tilrettelegge for soldaten/veteranen og pårørende som ein enhet /helhet ... i lokallaga. Dei støttar seg til fagfolk sine vurderingar, men utan referansar.

I desse dagar har Nvio leiarkonferanse. Det er på høg tid å la leiaren, Elsa Grøtting, sleppe til på talarstolen med nærmare informasjon i dette militærregime.

Kvinnekonferansen. Ein profilert stortingsmann brukte karakteristikken massiv udugelighet, og må kunne nyttast på norsk pårørandearbeid også. Når den norske stat støttar konferansen med ein halv million, forventar ein seriøs informasjon, basert på grasrota sin erfaring. Leiaren i landets einaste Pårørandegruppe, Rigmor Flygansvær, er den som har integritet til å informere om situasjonen hos norske veteranfamiliar.

Vørde forsvarsminister og andre stortingsrepresentantar: For tida verkar det slik for meg at de driv den mest intense handvasken sidan Pontius Pilatus, men pårørande forventar lik erstatning for lik skade. Og vi finn oss ikkje i å bli misbrukt i eit nasjonalt og internasjonalt spill for å skape eit falskt bilete.

Har du meiningar om dette temaet? Del dei gjerne med oss.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Meninger

- Jeg forstår meg ikke på mennesker som ser på vold som underholdning

Sunniva Johanne Langeland (16) skriver på BTbatt.

Våre tapte liv

Noen av oss vokste opp hos biologiske foreldre som behandlet egne barn grusomt. 
Er det ikke på tide at også vi blir sett? Hvem skal gi <i>oss</i> erstatning?

- Er det riktig å forsvare en mann som har innrømmet å ha hatt sex med en 17 år gammel partifelle?

Adrian Nyhammer Olsen (17) anklager pressen for å slurve med etikken.

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

En sak for Riksantikvaren?

Fremtidens musikkturister vil kanskje besøke Loddefjords blokker og Jan Eggums myr, skriver vår musikkskribent.

Relaterte bilder