På tide å avkriminalisere narkotika
Mykje tyder på at det er dei politiske partia som bremsar, hengande fast i moralisme og kunnskapsløyse, i narkodebatten.
Les også:
AV HANS EBBING
Partia må vurdere narkotikapolitikken på nytt når dei no skriv nye program
I 2009 er det stortingsval og dei politiske partia skriv nye program. Men får vi ein ny narkotikapolitikk? Den noverande er i alle høve ein fiasko, slik debattredaktør Hilde Sandvik viser i ein kommentar i BT 19.11.
Ny narkotikapolitikk må gjere seg nytte av dei internasjonale erfaringar som er gjort med vitskaplege forsøk på området. Dei munnar ut i fire hovudpunkt:
Misbruken av narkotiske stoff, særleg heroin og andre stoff basert på opium, må avkriminaliserast slik at ressursane i politi og rettsvesen kan konsentrere seg om bakmennene og omsetjinga, marknadsmekanismane, som er sjølve drivkrafta bak elendet.
Narkomani må diagnostiserast som sjukdom og dei narkomane må få tilbod om reint stoff (medisin) med styrt tildeling ut frå medisinske kriterium, av legar med særskild autorisasjon. Utdeling og bruk må skje med medisinsk assistanse og kontrollerte vilkår for å unngå smitte og ulovleg omsetjing. Det må utdannast spesialisert helse- og sosialarbeidarar for desse oppgåvene.
Utdeling og forbruk må skje i eigne hus/institusjonar der ein kombinerer dette med behandling med sikte på avvenjing og sosiale hjelpetiltak. Målet må vere å få flest muleg misbrukarar tilbake til samfunnet i form av arbeid, bustad, nytt sosialt miljø, utdanning osv.
Dei som er komne så langt i sin narkomani at dei ikkje lenger er motiverte for dette eller greier å gjennomføre slik tilbakeføring, må vere velkomne i sosiale miljø lagt til rettast i eigne hus.
Om lag 70 prosent av dei innsette i norske fengsel er der på grunn av bruk, oppbevaring eller omsetjing av narkotika. Det skaper ein marknad for narkotiske stoff bak murane, slik at fengsla si nødvendige oppgåve i samfunnet blir undergraven.
Ein stadig større del av fengsla sine ressursar går med til å kjempe mot denne utviklinga, med tvilsame resultat, på kostnad av meir byggjande oppgåver. Kriminaliseringa av narkotikabruken fører til at fengsla meir enn nokon gong blir ein generator for endå meir kriminalitet. Dei er blitt ein statleg rekrutteringsmekanisme til narkotikamarknaden. Eit kvart større fengsel i Norge har eit ståande tilbod om «varer» også til ikkje-narkomane fangar som visseleg kan kjenne behov for ein fridomstripp - innafor murane.
Strategien i hovedpunkta ovanfor er vel utprøvd med langvarige forsøk i fleire land Norge kan samanliknast med. Mest kjent er forsøket i Zürich som gjekk over ein periode av 12 år og som er vitskapleg evaluert i det amerikanske medisinske tidsskriftet The Lancet. Hovudresultata er desse:
- Kriminalitet og prostitusjon som sideverknad av narkotikabruken går dramatisk ned.
- Rekrutteringa av misbrukarar går over tid sterkt ned (i Zürich 82 %).
- Ein stor del av dei narkomane kjem i arbeid, skaffar seg bolig og får nytt sosialt tilvere og eit meir humant liv.
- Konfliktane mellom narkomane og «folk flest» blir mindre, toleransen større.
- Politi og rettsapparat får frigjort ressursar for å kjempe mot kriminalitet.
Andre forsøk har vist at medisinsk styrt nedtrapping av heroinbruk er meir effektiv både medisinsk og økonomisk enn narkotiske erstatningsstoff som Metadon, Subutex m.m. i arbeidet med avvenjing.
I den 30-årsperioden eg var meddommar i Bergen tingrett, var det berre to eller tre av om lag førti saker der narkotika ikkje var med i grunnlaget for tiltale og straff. Politi og folk i fengselsvesenet er langt meir opplyste og opne for ein ny politikk på dette området enn det politiske miljøet, slik mellom andre sjef ved Grønland Politistasjon i Oslo, Kåre Stølen nyleg viste med si oppmoding til narkomane om å finne seg ein ny samlingsstad framfor Stortinget.
I USA og Canada har ei gruppe politifolk med lang røynsle frå fiaskoen med «krig mot narkotika» organisert seg i ein organisasjon som har til formål å avkriminalisere bruk av narkotika, Law Enforcement Against Prohibition.
Partia må vurdere narkotikapolitikken på nytt når dei no skriv nye program.
Er det på tide å avkriminalisere narkotika? Diskutér her:
Les også
Siste fra Meninger
Relaterte bilder
OPPLYST: Politi og folk i fengselsvesenet er langt meir opplyste og opne for ein ny narkotika enn det politiske miljøet, skriv Hans Ebbing. FOTO: Vegar Valde
KOMMENTARER Våre regler