Når Holmenkollåsen driv bygdeutvikling
debatt
I siste nummer av «Syn og Segn» har Katrine Sele skrive ein tankevekkjande artikkel som heiter «Kven tok livet av Mekken?». Artikkelen handlar om striden mellom Norsk Bremuseum i Fjærland og utvidingsplanane for bensinstasjonen til Hans Haugen, grannen til Bremuseet. Striden enda med at museet overtok heile bensinstasjonen, og at Hans Haugen, den milde og stillfarande mann, som aldri ville nokon noko vondt, drog seg inn i bakgrunnen. Bensinstasjonen gjekk konkurs under hans eigarskap.
Meir enn kvadratmeter
Styrken til Katrine Sele som artikkelforfattar i eit tidskrift er at ho er observatør og journalist, dyktig skribent og kunnskapsrik om Sogn og Fjordane, og om kulturen der. Ho brukar forstand i analysane sine av denne konflikten. Ho ser at striden er noko mykje meir enn eit spørsmål om nokre kvadratmeter jord på Bøya-deltaet, mellom fjorden og breen. Katrine Sele har også den fordelen at ho er ikkje opphengd i rigide og ofte meiningslause planteoriar frå høgskular og universitet. Ho ser og skildrar konflikten slik han er, utan skjegling til planvisjonar og strategiske utviklingsmål. Derfor oppnår ho mykje meir med denne artikkelen enn lange og tunge analysar, som kanskje 20 personar gidd å lesa. Ho har heller ikkje fått øydelagt guden sin i torever, slik mange profesjonelle bygdeobservatørar har gjort.
Oslo-eliten på bygdetur
Djupast sett skildrar Katrine Sele korleis det må gå når folk med dress, slips og Holmenkolldialekt engasjerer seg i eit bygdeutviklingsprosjekt som Norsk Bremuseum i realiteten er. Oslo-eliten på kulturell bygdetur tykkjer det er ei dødssynd at bensinstasjonar har torvtak, naturstein, neonlys og Statoilskilt. Dei meiner at noko slikt, eit slikt bygg, vil øydeleggja for Bremuseet, «ein spiss av grå betong så vidt synleg bak vegkroa», som ho skriv. Ho nemner desse bygdeutviklarane på namn: Peter Butenschøn, direktør i Norsk Form, Fehn-entusiast og kulturskribent Mari Lending i Aftenposten. Formann i Den Norske Turistforening, Knut Ore. Turistforeningen er forresten blitt det nye domene til Kristin Krohn Devold, høgrekvinna i feltuniform. Også økonomidirektør i Olav Thon-gruppa, Øystein Trøseid, engasjerer seg mot den nye bensinstasjonen. To av desse personane sit i styret for Bremuseet. Dei har eit kontaktnett og ei påverknadskraft som kan skrema fan på flatmark. Riksadvokat Sven Ole Fagernæs har heller ikkje mykje sans for bensinstasjonar på bygdene, med torv på taket, vel å merka.
Stille og pent
Protestane mot prosjektet til Hans Haugen kjem i utgangspunktet frå ein liten gjeng akademikarar, kulturpersonar eller naturvernarar lokalt, knytt til høgskule/forskingsmiljøet i Sogndal pluss det statlege administrasjonsmiljøet på Leikanger. Desse allierer seg med holmenkollfolk med sentralt kontaktnett, observerer Katrine Sele. Saman seier denne grupperinga nei til demningar, skogsvegar, hytter i elveosar, kraftstasjonar, fellesfjøs, hotell i strandsona, Kaldakari, steinuttak i Nærøyfjorden. - Vi som kjem frå Holmenkollåsen, med dress og slips, og som kjenner bygda gjennom lokale akademikarar og «forskarar», som headhuntar Kristin Krohn Devold, og som kommuniserer all muleg filosofi med Jostein Gaarder, vi vil ha det stille og pent, vi vil kvila auga og sinn, og vi vil ha helikopterfrakta raudvin til middag dei kveldane vi oppheld seg i i øydemarka, mumlar dei unisont, først stilt inne i seg, seinare med dynamittkraft.
Nikkersadelen
Er det noko rart at det blir konflikt med bygdefolk, som går i fjøs og rundballeslit, som elskar smalahove med nepestappe, drikk lommevarm akevitt rett frå tuten, drøymer om sterk og gjærsmakande knurr, og som elskar tonane til søstrene Bjørklund over all kunst i verda? Dette er «oss». Helikopterfrakta raudvin og Knut Ore og Kristin Krohn Devold, pluss Jostein Gaarder, er «dei». Som går i nikkers i sin nyvunne adelsstand og gjer oss til leiglendingar i vårt eige lende. Det er skildringa av denne konfliktlinja pluss ei ålmenn bygdeforståing som gjer Katrine Sele sin artikkel så lesbar og tankevekkjande. Artikkelen hennar er forresten ein lekk i ein samtidsdokumentar, som ho skal gje ut saman med Oddleiv Apneseth. Vi bør alt gleda oss til den utgjevinga. Dette er nemleg bygdeanalyse på ein ny måte. Artikkelen som no er prenta i «Syn og Segn», burde i røynda vera seminarstoff i lang tid framover fordi han rettar søkjelyset mot vesentlege kultur- og næringskonfliktar på bygdene våre. Men er det nokon på Vestlandet som torer å laga seminar om dette emnet ? Det tvilar eg på for seminarmakarar er stort sett samfunnsflate, honorarfikserte og overpositive, som i Holmenkollåsen. Dei går også i dress og slips, kvinne som mann, drikk helikopterfrakta raudvin i øydemarka, er i mot steinuttak i Nærøyfjorden, mot hytter i isolerte og steinete elveosar, mot Kaldakari, mot kraftstasjonar, vindmøller og fellesfjøs og minikraftverk langs Fjærlandsfjorden. Dei er ikkje «oss». Dei er for «Dei gamle fjell i syningum» som alltid er like eins å sjå.
Visumtvang?
Dersom ein set opp observasjonane til Katrine Sele mot dei siste tilgjengelege tal om folketalsutviklinga i småbygdene våre, ser vi at det er «Mekkar/industribygder» som Fresvik og Bjordal/Søreide som har vunne det siste tiåret. Fjærland, der byfolk blei bygdeutviklarar og overkøyrde dei som trudde meir på diesel og eksos enn på daude kulissar i fjord og fjell, er ei taparbygd. Folketalet har gått attende med 7 prosent på ti år, og derfor låser dei døra til ungdomsskulen sin til hausten. Burde vi forresten ikkje innføra visumtvang for byfolk som vil hjelpa til med å frelsa bygdene våre, og som vil ta patent på huldra, slik eit oslofirma vil i Flåm? Og innsjå at reiselivet på bygdene aldri blir noko anna enn sesongarbeidsløyse, låg lønn og unge kvinner, slik som i resten av verda? Reiseliv på heilårsbasis er ei rein bynæring, bortsett frå i Årdal og i Høyanger, som får besøk av industrifolk heile året. Ingen blir meir tunblinde enn folk frå nikkersadelen når dei kjem ut i friluft, til bygder dei aldri vil skjøna.
JOHS B. THUE
Les også
Siste fra Meninger
Relaterte bilder
KULTURKONFLIKT. Striden mellom bensinstasjonen og bremuseet i Fjærland var ein kulturkonflikt mellom byen og bygda, meiner artikkelforfattaren. FOTO: ODDLEIV APNESTH
KOMMENTARER Våre regler