Dette kjem på toppen av fleire år med nedskjeringar, omorganiseringar og strukturendrin-gar. Og lettare skal det ikkje bli i 2003. Statsråd Solberg har tvert imot varsla enno tøffare tider for Kommune-Norge til neste år. Ordførarar frå alle parti har fylka seg til markeringar i hovudstaden, og dei forventar å bli tekne på alvor

For det vi har fått beskjed om frå statsråd og departement, er at kommuneoppgjeret er OK. Det er berre å effektivisera og prioritera riktig, så får ein meir tenester for kvar krone. Enkelte stortingsfolk har rosa kommuneoppgjeret opp i skyene og viser til at det er løyvd meir pengar enn før.

Det ein ser bort ifrå er at effektiviseringsgevinsten er teken ut gjennom man-ge år med omstillingar og tronge rammer, og at prioriteringane vert gjort i Stortinget og ikkje i kommunestyresalen. Dei store reformene som Stortinget har bestemt og som Kommune-Norge lydig har prøvd å fylgja opp, har styrt veldig mykje av prioriteringane. Men Stortinget har gjort eit slett politisk arbeid i høve til gjennomføring og finansiering. Resultatet er lite handlefridom i høve til politiske prioriteringar i kommunane, og mindre interesse for lokalpolitikk.

Det er eit realitetsgap mellom gode intensjonar i stortingsvedtak sentralt og kvardagen ute i kommunane lokalt. Når ordførar Trude Brosvik i Gulen kommune ber statsråd Solberg om hjelp til å prioritera nedskjeringar i tenestetilbodet, så er ikkje det berre ein gimmick. Når Fusa kommune må gå til det steget å redusera allereie reduserte heimehjelpstenester frå ein time kvar fjortande dag til ein halv time eller ingenting, så er det av rein naud. Alle ser jo det meiningslause i dette, og du får ingen politikar eller innbyggjar til å synast at slike nedskjeringar er reelle effektiviseringstiltak.

Desse døma og mange fleire er realitetar som kommunane må forhalda seg til og som dei treng kutt-kompetanse til å løysa. Departementa bør vera sitt ansvar bevisst, og stilla kutt-kompetanse til råvelde når kommunar ikkje maktar å løysa lovpålagde oppgåver som folk treng og har rett på. Eit nærare samarbeid og kompetanseutvikling på kutt-løysingar mellom sentrale og lokale styresmakter, vil truleg ha den positive effekt at realitetsgapet vert mindre, og «opprøret» i kommunane løyer.

Det er ikkje tilfeldig når kommunar og fylkeskommunar samlar seg i Folkeaksjonen for omfordeling, velferd og demokrati. Denne aksjonen har nyleg vorte danna som ein reaksjon på ein hardhendt sentraliserings- og omfordelingspolitikk. Dei som deltek er redd for at vanlege folk i kommunar og fylke skal få dårlegare velferdstenester på grunn av den gene-relle kostnadsutviklinga. Dei tykkjer det vert teke for lite omsyn til dette i sentral politikk. Misnøye i kommunar og fylke skjer fordi Stortinget vedtek meir enn dei kan finansiera.

Etterkvart vil kommunane måtta seia nei-takk til reformer som ikkje er fullfinansierte. For er det noko dei har lært seg ute i distrikta, så er det å rekna og telja kroner. Tida er inne til å få fram dei «sanne» tala, og på den måten synleggjera Svarte-Per i politikken. Hordaland fylkeskommune har til dømes ikkje fått innfridd sjukehusgjelda på over 400 millionar kroner no når staten tok over sjukehusa. Det betyr at innbyggjarane i Hordaland må betala 60 millionar i renter i inneverande år sjølv om vi har fått kompensasjon frå regjeringa på 18,7 millionar.

Dette er akkurat dei millionane vi manglar og som fører til at vi må kutta tenester for 57 millionar for å koma i balanse dette året. Dette svir for folk, og det er vanskeleg for oss å skjøna noko anna enn at dette er noko som regjeringa vil. Truleg må fylkeskommunen også be om kutt-kompetanse frå regjeringa. For det er veldig dobbelt-kommuniserande å måtta kutta der regjeringa satsar, nemleg på skule og kollektiv.

Det er dyrt med demokrati. Det lønnar seg ikkje. Små kommunar, fylke, gamle sjuke folk og barn som treng barnehage-plass er ein utgiftspost i den nasjonale rekneskapen. No kjem det fram at samfunnet kan spara nesten tre milliardar kroner ved kommunesamanslåingar dersom folketalet vert over 5000. Vi burde jubla, men sjølv ute i Kommune-Norge forstår vi at eit slikt reknestykke er feil.

Kommunane er ikkje berre ei økonomisk eining, dei er også sosiale og kulturelle og ikkje minst geografiske einingar. I jakta på tente samanslåingskroner kan tapet verta større enn ein trur. Identitet, felles ansvar, nærleik og demokratisk engasjement er verdiar som er viktige i kommunane og som lett kan svekkast i jakta på større ei-ningar. Her har vi mykje å læra frå fusjonsteoriar.

Desse tunge omstillingsprosessane og frustrasjonen som oppleves i fylke og kommunar, er resultat av årelang politikk. Etterkvart ser vi konsekvensane tydelegare, både dei positive og dei negative. Det er ein illusjon å tru at berre fylke og kommunar skal endra funksjon i desse oppgåvefordelingstider. Det er klart at staten også er ein funksjon av det heile, og vert tvinga inn i store endringsprosessar. Det vil eit moderne demokrati kreva.

Torill Selsvold Nyborg, fylkesvaraordførar