-
KULTURVENNINNA: Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland meiner dagens regjering er like opptatt av å satse på kultur som kulturkameratane i Ap, SV og Sp. Men noko talfesta budsjettmål for kultursatsing dei neste ti åra har ho inga tru på - i motsetnad til for andre politiske sektorar. ARKIVFOTO: KNUT EGIL WANG
«Klart dei ikkje får det til»
kommentar
Kva skal vi tru når kulturministeren ein dag seier «klart dei ikkje får det til» og neste dag at det ikkje er så stor skilnad mellom regjeringas og dei raud-grønes såkalla kulturløfte på 1 prosent av statsbudsjettet? spør kulturredaktør Jan Nyberg.
Publisert:
Oppdatert:
Det er landsmøtetid og partia veltar seg som vanleg i valflesk. I år er det den kulturelle fleskeskinka som blir hengd opp framfor veljarane. Kulturministeren likar dårleg at dei raud-grøne kulturkameratane i Ap, SV og Sp har rotta seg saman og talfesta ein prosentdel av statsbudsjettet øyremerkt kultur.
Det betyr 1,5 milliardar kroner i løpet av 10 år, og kanskje endå litt meir justert for inflasjonen, i tillegg til at Senterpartiet vil ha staten med på eit spleiselag på 500 millionar for å få Astrup-kunsten attende der dei meiner han høyrer heime, nemleg i Sogn og Fjordane.
15 punkt
Dei tre partia har samla seg om 15 punkt som skal lokke veljarane i valkampen. I tillegg til den eine prosenten av statsbudsjettet som skal gå til kultur innan 2014, ønskjer dei innføring av kulturlov, betre levekår for kunstnarane etter å ha gjennomført ei levekårsundersøking, kulturskule for alle barn som vil, gjennom øyremerking av statlege midlar til kulturskulane. Filmbransjen skal sikrast støtte til minst 20 langfilmar i året, og målet er at 25 prosent av kinobesøket skal vere på norske filmar. Norsk musikk skal støttast med blant anna auka satsing på utstyr og øvingslokale, løyvingar til ei nasjonal jazzscene og ei riksscene for folkemusikk. Danse- og scenekunst skal få øyremerkt støtte og faglitteraturen skal inn på statens innkjøpsordning, samtidig som innkjøpsordninga for kunst skal aukast. Blant anna.
OK for bistand - ikkje for kultur?
Tysdag denne veka var kulturministeren klar på at dette berre er eit luftslott frå kulturkameratane og sa til NRK at «klart dei ikkje får det til». Dagen etter - i går - i ein debatt med Arbeidarpartiets kulturpolitiske talsmann, Trond Giske, uttalte ministeren at «forskjellen ikkje er så stor» mellom opposisjonen og regjeringa, bortsett frå at regjeringa ikkje har tru på ein talfesta prosentdel øyremerkt kultur.
Giske på si side, har eit poeng, når han viser til at regjeringas eigne prosentmål for til dømes bistandspolitikken gjennom den siste regjeringsperioden, også har vore prosenttalfesta - og har auka monaleg, mykje meir enn det kulturkameratane ber om til kultur. Så lenge det finst konkrete, talfesta forsvarsplanar, samferdsleplanar, bistandsplanar og så vidare, ser ikkje Giske nokon grunn til at det heller ikkje skal vere ein plan for støtta til kulturlivet. Det har han kanskje rett i, samtidig som kulturministeren har eit poeng når ho etterlyser spørsmål frå opposisjonen når kultursaker har vore drøfta i Stortinget, noko ho meiner ikkje har vore påtrengande.
Tilbake til start
Når politikaranes løysingar på utfordringane for kulturlivet avgrensar seg til meir statlege løyvingar, som eit ekko av kunst- og kulturorganisasjonanes krav, er det ein viss fare for at det blir som kulturministeren først sa; «klart dei ikkje får det til». Den sitjande regjeringa hadde eit gylle høve til å peike ut andre vegar, gjennom meldinga om kultur og næring som blei lagt fram i den stille veka før påske, men valde den deskriptive tilstandsrapportvegen, framfor å sjå etter alternative måtar å finansiere kulturlivet på. Etterpå har det vore like stille.
Til liks med andre land i Norden og Europa, er det dei færraste også i Norge som lenger trur på at staten i all æve skal vere den einaste garantisten for eit levande og ekspansivt kulturliv. Skinndebattar om kven som er mest kulturvennlege av dei politiske partia, kan vere god underhaldning, men det er ikkje sikkert at det til sjuande og sist kjem kulturlivet til gode.

KOMMENTARER Våre regler