næring i vestOVE A. OLDERKJÆR ASLAUG EIDE INGEBORG KRISTVIK (research)Austevoll - Media framstiller oss gjerne som store bandittar. Men folk flest veit ikkje kor stor norsk fiskerinæring er. I fjor eksporterte me for 30 milliardar kroner, seier fiske-skipper Sigve Drønen (31).Drønen går ikkje med på at havfiskeflåten trassar regelverk og ressursgrunnlag i jakta på inntekter. Tvert om har han stor forståing for både kvoteregulering og kontrollinstansar.- Me kan ikkje berre tøma kontoen, seier 31-åringen.Austevolls stolte ringnotflåte på 27 fartøy fangstar sild, lodde, makrell og kolmule i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og Atlanterhavet. Flåten er blant landets største, berre Herøy på Møre kan konkurrera. I alt er det 98 ringnotkonsesjonar i Noreg.Kyst- og sjarkfiske finn du lite av i Austevoll. Liner, snurrevad, ruser og garn forslår ikkje mot austevollske nøter som kvar er opptil 800 meter lange og 200 meter djupe. Austevollingane står for rundt 70 prosent av Hordaland-fiskeriet. I tillegg produserer dei nærare 20.000 tonn laks. Typisk Ringnotmann Sigve Drønen er ein typisk austevollsfiskar. Dei fleste mannlege medlemmer av familien og slekta er eller har vore fiskarar, og han drog ut på havet alt som nykonfirmert. 25 år gammal var han ferdig utdanna skipper.- Far var fiskeskipper, begge bestefedrene mine var fiskarar. Eg har fleire onklar i samme yrket, og bror min Lars Ove er skipper på "Møgsterfjord".- Eg har aldri vore på ein kystfiskebåt. Når du først tek til med å dra på havet, får du ikkje lyst til å fiska langs heimlege strender, seier han. Luten variererEtter ein månad fri er Sigve Drønen denne helga tilbake på brua på ringnotbåten M/S "Møgsterhav", ein av fire i flåten til Austevoll Havfiske AS.Fire veker om bord, fire veker i land. Slik går vaktene. 62 meter lange "Møgsterhav" har eit mannskap på ni til ei kvar tid. Avlønninga skjer etter lutprinsippet og fangstinntektene avgjer luten som kan variera mellom 300.000 og 500.000 kroner i eit normalår. 1997 og 1998 blir omtalt som særs gode år med høg makrellpris. På ei veke leverte "Møgsterhav" makrell for åtte millionar kroner. Fartøyet er no på havbrislingfiske sør i Nordsjøen, seinare blir det jakt på kolmule vest av Irland, norsk vårgytande sild i Vestfjorden, lodde i Barentshavet og makrell i Nordsjøen.Kolmula blir teken med trål, dei andre fiskeslaga med lange nøter som blir sette i sjøen i ring rundt fiskedotten og deretter snurpa saman i botnen. Forsakar mykje- Betalinga har vore brukande dei siste åra. Eg syntest eg tente bra då eg tok til å reisa. Når ein i dag ser på kva me forsakar, så tener me ikkje så mykje. Me er jo borte frå familien halve året, forklarar Drønen.Heime i Kolbeinsvik har han kone, fire barn og eit stort hus.- Tener me bra, så brukar me meir. Gjeldfri er eg ikkje, men det er heller ikkje noko poeng, meiner skipperen.- I Austevoll er det eit stort fiskarmiljø og høg kompetanse. Me synest me er flinkare enn møringane, men dei har kanskje eit breiare miljø, seier Sigve Drønen. Han har både austevollingar og møringar som mannskap, og hevdar at tonen partane mellom er god. - Austevoll vil alltid vera stor på fiske. Kva elles skal me leva av? spør Sigve Drønen.