JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no I utgangspunktet vil nemleg staten ikkje ta ansvaret for det underskotet sjukehusa har samla opp. - Lusent oppgjerFylkestinget har ikkje lyst til å finna seg i dette. Difor sende hordatinget i går ei sterk oppmoding til alle partigruppene i Stortinget om å spara fylket for dette. Alt i morgon, torsdag 14. juni, står dette på Stortingets sakliste, når kommuneproposisjonen skal handsamast.Dersom Stortinget ikkje bryr seg, vil det bety djupe innhogg i dei komande åra for dei oppgåvene fylkeskommunen har hatt. Det vert harde nedskjæringar for kultur, utdanning, barnevern, rusomsorg, kollektivtrafikk og samferdsel elles.I debatten om dette vart det og delt ut politiske øyrefikar. Senterpartiets Rune Skjælaaen gjekk hardast ut. Han gjorde Arbeidarpartiet og Framstegspartiet ansvarleg for uføret, ettersom det var dei to partia som utgjorde fleirtalet då Stortinget vedtok sjukehusreforma for omlag ei veke sidan. For dårleg disiplinKravet frå fylkestinget er at staten gjev kvart einskild fylke rett til særskilde tingingar om det økonomiske oppgjeret som fylgjer av at staten overtek ansvaret for sjukehusa. Men frå fleire hald vart det og peika på at fylket har seg sjøv å takka for det økonomiske uføret.- Vi har ikkje vore flinke nok til å halda budsjettdisiplinen. Vi har vore for slepphendte overfor krav frå ulike grupper på Haukeland sjukehus, utan at eg trur det gav oss eit betre helsetilbod, sa Venstres Atle Mildestveit.Mali Grete Aksnes frå Sp. teikna eit skræmebilete av kva som kunne henda dersom underskotet skulle gå ut over skulebudsjettet.- Resultatet kan verta at mange umotiverte elevar fell heilt utanfor, og endar som saker for barnevernet, sa Aksnes.For barnevernet er det meir enn ille nok frå før. Der nærmar underskotet seg 200 millionar kroner.