OVE A. OLDERKJÆRStord



Stord lensmannskontor slit med høg aktivitet på krim-fronten, særleg frå ei gruppe på ti forbrytargjengangarar. Men ved årsskiftet sat fem av dei på fengsling, i tillegg hadde tre meldeplikt hos politiet, såkalla fengslingssurrogat. Det gav politiet eit lite pusterom.



– Ja, vi merka det godt, seier lensmann Reidar Færestrand.



Likevel kom lensmannskontoret ut av år 2000 med eit høgt tal brotsverk, i alt 1170, som er ein auke på knapt ti prosent frå 1999. Spesielt første halvår i fjor såg utviklinga illevarslande ut. Stord var registrert med 25 prosent av alle brotsverk i Hordaland politidistrikt. Då året var omme, fall prosenten til 15.



Gjengangar-fokus – Vi har sett fokus på gjengangarane og på narkotikabrotsverk, det vil vi også gjera i tida som kjem, seier lensmann Færestrand og viser til ein oppklaringsprosent på 41 – noko under gjennomsnittet i Hordaland.



Lensmannskontoret registrerte 218 narkosaker i fjor, eit hopp på 24,5 prosent frå året før. Det blei gjort beslag i dei fleste typar narkotiske stoff og tablettar, men ikkje motedopet ecstasy.



Hos ein person som får si sak opp for retten seinare, blei det beslaglagt 72.000 kroner som politiet meiner stammar frå handel med stoff.



Fem med valdsalarm Valdssakene i Stord kommune auka frå 88 til 104. Færestrand trur det skriv seg frå høgare merksemd mot problemet både frå politiet og folk flest si side. Terskelen for å melda saker er blitt lågare.



Fem kvinner i Stord går rundt med valdsalarm.



– Det er eit stygt valdstal. Over hundre er altfor mange. Det er nokre få enkeltpersonar som er spesielt aktive. Vi opplevde i fjor også ein del tilfelle av umotivert vald. Vi ser også meir heimevald, seier lensmannsførstebetjent Johan Inge Særsten.