Er Twitter meiningsfylt?
Sosiale medium har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen i samfunnet. Det er opp til oss om det verkeleg skal skje.
Les også:
Bård Vegar Solhjell,
SV-nestleiar
Gjennom det førre hundreåret var vi med på ein revolusjon i massekommunikasjon. Aviser, radio og TV gjorde informasjon tilgjengeleg i mykje av verda raskt. Dei fleste store teknologiske gjennombrota gjorde det lettare for ein å nå mange. Internett har i seg potensialet til noko anna. Dei sosiale media kan gjere det lettare for mange å nå kvarandre, og lettare for mange å nå den eine. Om vi vågar.
Kva er poenget med sosiale medium?
Sosiale medium gjer det langt enklare å bli deltakarar. Vi kan sjølv produsere innhald, anten det er tekstar på blogg eller debattforum eller videosnuttar på YouTube. Leksikonet Wikipedia vert oppdatert fordi deltakarar bruker det. På nettet har det oppstått «aviser» som utelukkande er drive av folk som har lyst å skrive der. Bloggarar følgde den amerikanske presidentvalkampen og vil følgje den norske. Dei rapporterer og kommenterer – dei deltek.
Sosiale medium gjer det enklare å dele. Vi deler kunnskap og synspunkt i nettdebattar og forum. Vi deler kultur gjennom å leggje ut musikk, tekstar og film.
Ein million menneske er med i det internasjonale nettverket «Couchsurfing» der deltakarane kan overnatte hos kvarandre når dei er på reise. 1000 norske lærarar er med i «del og bruk», eit nettverk for spreiing av idear og verktøy frå skulen. På barnimagen.com deler gravide erfaringar. Det er store samfunnsmessige gevinstar i å dele kunnskap og kultur slik, eller å spreie «best practice».
Sosiale medium gjer det ikkje minst enklaste å samtale, å treffe mange menneske og å utsetje seg for spørsmål frå dei. Facebook og Twitter er først og fremst stader der det vert lettare for oss å treffe kvarandre. Gjennom desse og andre sosiale medium kan det også bli lettare å nå ein politikar. Eller eit parti. Eller eit departement.
Sosiale medium gjer oss meir sosiale. Dei er ikkje skapt for politikk, men dei kan brukast for å demokratisere politikken. Dersom vi vil.
Vi politikarar kan bruke dei sosiale media som nok ein einvegs kanal ut. Vi kan spreie bodskapen med litt anna innpakning i ein ny kanal. Sjansen ligg i at vi vel å bruke sosiale medium sitt sosiale potensial, slik vi har brukt massemedia sitt potensial for massekommunikasjon.
Det inneber for det første at vi må delta der folk er, i store sosiale nettverk. For det andre må vi delta sosialt, altså svare på spørsmål, diskutere og ikkje minst lytte på synspunkt. For det tredje må vi sjølv etablere kanalar det går an å nå oss på, og vi må ta med oss partia og departementa våre.
Det skal vi gjere fordi det er bra for demokratiet om veljarane kan nå dei valde lettare og oftare. Om du som politikar likevel lurer på kva du kan tene på det, ta med deg dette. På sosiale nettverk kan du nå fleire menneske pr. dag enn om du dreg på all verdas konferansar og møte. Sjølv har eg over 1400 personar som følgjer meg på Twitter og 500–1500 daglege lesarar av bloggen min.
Om du bryr deg om unge veljarar, hugs at nesten ingen av dei ser debattprogram på TV medan 91% av dei under 30 er på Facebook. Sosiale medium gjer også lett tilgang til gratis politiske rådgjevarar og fokusgrupper, og svara du skriv vert spreidd raskt til mange. Ein blogg til dømes er dessutan ein god plattform for å spreie eigne synspunkt utan å måtte gå via ein journalist som skal vri og vrengje på bodskapen.
Sjølv opplever eg to enkle fordelar med å bruke sosiale medium. Eg når fleire menneske med det, noko som er viktig for alle politikarar. Eg får dessutan fleire synspunkt, idear og kritiske innspel som kan betre kvaliteten både på standpunkta og presentasjonen min.
Denne kronikken la eg til dømes ut på høyring på bloggen min og Twitter for å få synspunkt og forslag til forbetringar. Eg fekk 40–50 reaksjonar. Fleire (mellom anna ein journalist i dagbladet.no) sa at eg måtte gje døme på korleis eg sjølv bruker sosiale medium, ein lektor peika på ein språkleg feil, andre kom med ulike poeng.
Mange typar kritikk kjem fram mot dei sosiale media, ikkje minst mot den politiske bruken av dei. Sosiale medium får kritikk for å vere private, noko til dømes Kjetil Bragli Alstadheim i DN har skrive. Samanlikna med tabloidaviser og TV vil eg seie det er lite privat.
Du har full kontroll på kor personleg du vil vere, og ingen vil finne på å vere så privat som ein journalist i Dagbladet. Portrettintervju i media er meir privat enn noko statsministeren har skrive på Twitter så langt. Hege Skjeie skreiv i DN laurdag 4. april at det er mykje tull på Twitter. Ja visst er det det, nett som det er mykje tull på TV og i avisene. Det betyr ikkje at mediet er ubrukeleg. Det er også andre problem, til dømes utfordringar med å sikre tilgjenge for alle. Dette er problem alle medium deler.
Både «hypen» og kritikken av Facebook og Twitter er etter mitt syn sterkt overdrive. Eit enkelt sosialt medium kjem neppe til å endre verda, slik ei enkelt avis sjeldan har gjort det. Derimot kunne systematisk bruk av og tilgang til massekommunikasjon endre verda.
Det frigjorde oss ved å auke informasjonstilgangen dramatisk, men det passiviserte oss også ved å bli tilskodarar til dei som tar avgjerder. Kanskje kan også systematisk bruk av og tilgang til sosiale medium på ei rekke ulike felt endre verda. Ved å gjere oss til delarar og deltakarar, og ved å presse fram samtale i staden for monolog.
Mykje står att før sosiale medium fungerer godt politisk. Vi har brukt 2500 år på å få det representative demokratiet til å fungere brukbart, så vi toler at det tek litt tid med sosiale medium også.
Les også
Siste fra Meninger
Relaterte bilder
FRAMTIDAS VELJARAR: Politikarar bruker massemedia sitt potensial for massekommunikasjon, men i det sosiale medium opnar det seg nye moglegheiter. Det er blir blant anna enklare å nå dei unge veljarane og oppfordre til dialog. FOTO: Heiko Junge/Scanpix (Arkivfoto)
KOMMENTARER Våre regler